NM i motbakkeløp i Rosendal

IMG_7121-1

Ludvigsen og Buer norgesmeistrar

May Britt Buer (biletet) var første dame til topps i Nuten opp i Rosendal, og kunne innkassere både løyperekord og NM-tittel med vinnartida 42.23. Thorbjørn Ludvigsen hadde ein tøff kamp mot Torstein Tengsareid, men kom i mål 8 sekund før etter å ha sett inn eit rykk rett før mål.

Publisert Sist oppdatert

Jonathan Wyatt frå New Zealand var raskast av mennene med 35.57, 13 sekund før Ludvigsen. Løpet var lagt opp med start for kvinnene og menn over 50 år tre kvarter før. Det var delte meiningar om denne ordninga blant løparane. May Britt Buer er van med å ha konkurranse opp bakkane, men i dag var det ingen rundt henne, beste mann i femtiårsklassen var eit godt stykke før. Andre meinte det var ein fordel fordi denne løypa er smal og det er vanskeleg å passera andre.

Uansett - Nuten opp var heldige med ver og føre, og det var heile 154 løparar i aktiv klasse. Så får det heller våga seg at nokre av oss slepa opp kilovis med fotoutstyr i håp om å få bilete med Hardangerfjorden i bakgrunnen. Den var godt dekka av eit skoddehav. Motiva elles klagar vi ikkje på. Foto: Jan og Oddny Ringheim


May Britt Buer tok ein trippel i dag under flotte forhold i Nuten opp i Rosendal, med både siger i NECON Motbakkecup, norgesmeisterskap og i Nuten opp der ho slo sin eigen løyperekord. Skodda som låg over Hardangerfjorden gjorde at det var kjølig gjennom store deler av løypa, men det vart varmt i den strålande sola som møtte løparane dei siste 100 høgdemetrane. Marginen til nummer to Antonella Confortola Wyatt var 56 sekund.


Også på damesida var det duell dei siste metrane. May Bente Weng kom seg til slutt forbi Anne Nevin. May Bente Weng spring i klasse 40-49 år og tok dermed norgesmeistertittel i sin klasse, medan Anne Nevin vart nummer tre i seniorklassen bak Buer og Comfortola, og vart nummer to i NM i den klassen.


Jonathan Wyatt sjekkar avstanden til konkurrentane. Wyatt har vunne Nuten opp mange gonger, men denne gangen var det liten margin til nummer to. Desse nordmennene har ein eigen evne til å springa i desse brattaste motbakkane, sa han etter løpet, og meiner sjølv han har sin styrke på løyper som er litt flatare der han får full utteljing for kondisjonen. Hans store bragd i sommar var å vinna det svært tøffe motbakkeløpet opp på Mt Fuji i Japan. Neste stopp er Skåla opp.



Det er 30 meter igjen til mål, og Thorbjørn Thorsen Ludvigsen har akkurat passert Torstein Tengsareid. Ludvigsen starta roleg ut rundt nummer 15 i det flate partiet i starten, men begynte å plukka konkurrentar før den bratte delen av løypa begynte. Han hadde kontrollen med Torstein Tengsareid heile vegen, men i den tjukke skodda som dei måtte gjennom, var det ei stund han mista dei av syne. Ludvigsen har hatt ein sjukdomsperiode, men er no tilbake. - Det var godt å merke at eg er tilbake i form og kunne ta ut alt i dette løpet, sa han til Kondis.no.

TV 2 Rosendal NutenOpp - NM & NECON Norgescup motbakkeløp:
Dette er resultata for Nuten opp med alle løparar og den klassedeling dei brukar. NM har femårsklassar frå 35 år. NM-resultata er ikkje publisert enno.
For sluttresultat NECON Motbakkecup, sjå eigen artikkel.

12.08.2012
Jenter 17-19 år
1 Ingvild Sangesland Vindbjart 46:29
2 Karoline Holsen Kyte Førde IL - Friidrett 50:47
3 Eirin Sangesland Vindbjart 1:01:53
Kvinner 20-22 år
1 Elisabet Hesvik Privat/ingen klubb 1:09:29
Kvinner 23-39 år
1 May Britt Buer Gular 42:23
2 Antonella Confortola Wyatt Italy National Team 43:19
3 Anne Nevin Strindheim il 44:09
4 Therese Sjursen Fik Bfg Fana 45:32
5 Merete Helgheim Gloppen Friidrettslag 47:12
6 Elise Vikne Osterøy IL 48:28
7 Vigdis Gaupholm Reigstad FRI IL 53:53
8 Linda Marie Strompedal Strindheim il 54:52
9 Sara Camilla Deisz Privat/ingen klubb 56:53
10 Anne Bekkhus Fik Bfg Fana 58:28
11 Toini Thorkildsen Voss IL 59:22
Kvinner 40-49 år
1 May Bente Weng BUL 44:07
2 Kirsten Marathon Melkevik Gular 45:04
3 Margun Eik Uskedal idrettslag 50:32
4 Wenche Godtskalksdotter Enes Rosendal TL 52:48
5 Torun Øvergaard Aarvik Fik Bfg Fana 53:39
6 Hanne Liland Viking 1:00:41
7 Hilde Bakke Ingen 1:01:09
8 Grete Solheim Rosendal TL 1:03:47
Kvinner 50-59 år
1 Ingrid Kristiansen Privat/ingen klubb 53:53
Kvinner 60 år og eldre
1 Marianne Hoff Balestrand IL 1:42:44
Gutter 15-16 år
1 Stian Øvergaard Aarvik Gneist 43:31
2 Dag Blandkjenn Kristiansands IF-Friidrett 46:01
3 Øyvind Odland Nore Neset IL - Friidrett 46:45
4 Johannes Guddal Rosendal TL 47:44
5 Vegard Austevoll Kalandseid IL 47:57
6 Henrik Bange Privat/ingen klubb 58:38
Gutter 17-19 år
1 Gaute Kvåle Røldal IL 39:12
2 Endre Aamodt Bagn IL 40:54
3 Ole Martin Røssland Gneist 41:19
4 Thomas Netland Hålandsdal IL 41:52
5 Jørgen Jensen Axelsen Gneist 42:46
6 Håvard Austevoll Kalandseid IL 48:03
7 Anders Hjartnes Hålandsdal IL 48:10
Menn 20-22 år
1 Johan Bugge Eidsvåg IL 37:29
2 Erlend Drivenes Tørvikbygd IL 40:44
3 Robert Bergstå Svarstad IL 41:53
4 Espen Roll Karlsen Fana IL 41:55
5 Nils Magnus Bøen Grave Korlevoll-Odda 41:56
6 Håkon Raaness Korlevoll-Odda 47:19
7 Jon Einar Vågen Øvstebø Privat (ingen klubb) 52:03
8 Jan Olav Åkra Haugen Privat/ingen klubb 1:05:32
Menn 23-39 år
1 Thorbjørn Thorsen Ludvigsen BFG Fana 36:10
2 Torstein Tengsareid Skjalg IL 36:18
3 Eirik Dagssønn Haugsnes IL Pioner Friidrett 36:44
4 Øyvind Heiberg Sundby Tjalve 36:58
5 Joel Dyrhovden Samnanger IL 37:08
6 Lars Erik Skjervheim Voss IL 37:34
7 Stian Hovind-angermund Varegg Fleridrett 37:55
8 Tomas Bereket Larvik Turn og IF 39:07
9 Øyvind Bugge Eidsvåg IL 39:36
9 Tormod Tjørnhom Kristiansands IF-Friidrett 39:36
11 Terje Charles Aggvin Gular 40:47
12 Yngve Kiserud Fik Bfg Fana 41:18
13 Stian Bergstå Svarstad IL 41:44
14 Jann Olav Tjønneland Viksdalen IL 41:54
15 Geir Storetvedt Skaten Gular 42:33
16 Lars Olaf Haaheim Varegg Fleridrett 44:06
17 Robert Hisdal Fana IL 44:27
18 Ove Måge Strandebarm IL 44:48
19 Geir Nes Rosendal TL 46:55
20 Trygve Andresen Varegg Fleridrett 48:30
21 Idar Heimdal Espe Fjellgeitene 49:04
22 Paul Erik Gausvik Privat/ingen klubb 49:37
23 Oddgeir Sausjord Sogndal IL 50:18
24 Roy Hjelmeland Omvikdalen IL 50:45
25 Jan-Eirik Småbrekke Sweco BIL 50:54
26 Åsmund Hellesøy Rosendal TL 51:08
27 Ronny Nordal Trio IL 51:29
28 Andreas Falk-larssen Strindheim il 52:09
29 Geir Eikeland Sandnes IL 52:33
30 Lars Engeli Fjellgeitene 52:45
31 Rune Guddal Trio 53:27
32 Morten Leganger Rosendal TL 53:35
33 Lars Ove Seglem Rosendal TL 1:01:56
34 Robert Mehl Privat (ingen klubb) 1:04:10
Menn 40-49 år
1 Jonathan Craig Wyatt New Zealand National Team 35:57
2 Kristen Skjeldal Voss IL 38:20
3 Kjetil Dyrvik Voss IL 43:20
4 Arvid Brudevoll Vik IL 44:32
5 Jarek Lazarowicz Privat/ingen klubb 45:04
6 John Olav Måge Strandebarm IL 45:38
7 Gunnar Thrana Sømna IL 46:38
8 Per Ivar Stensæter Bagn IL 47:29
9 Bjørn Harald Bongom Privat/ingen klubb 47:41
10 Tore Instebø Bergen Ck 48:12
11 Kenneth Blom Trio 49:36
12 Tom Eirik Eikanger Statoil B.I.L. 51:03
13 Bjørn Egil Haugland Uskedal IL 51:17
14 Rune Haugland Trio 52:08
15 Tor Vidar Sæle Uskedal IL 52:45
16 Roger Skar Samnanger IL 1:08:17
Menn 50-59 år
1 Oddmund Roalkvam Etteranmeldt 41:27
2 Terje Hordnes Fik Bfg Fana 44:15
3 Terje Skinstad Sturla 45:33
4 Lars Sverdrup-thygeson Høvik Jogg / Høvik IF 46:45
5 Tore Eidås Oslostudentenes IK - Friidrett 47:07
6 Magne Vikne Osterøy IL 50:01
7 Jan Steinsund Haugesund Idrettslag Friidrett 50:50
8 Frode Monsen Oppegård IL 51:40
9 Gunnar Helleland Omvikdalen Idrettslag 52:15
10 Jan Blandkjenn kristiansand orienteringsklubb 54:20
11 Lars Kyte Førde IL - Friidrett 55:51
12 Åsmund Mehl Rosendal TL 57:12
13 Magne Heien Privat/ingen klubb 57:45
14 Roy-Arne Saltnes Sømna IL 1:01:22
15 Hans Høvik Privat/ingen klubb 1:01:33
16 Bjørnulf Vik Team Arena 1:04:42
Menn 60 år og eldre
1 John A Andersen Varegg Fleridrett 47:32
2 Skjalg Duesund Klypetussen 50:26
3 Trond Sundby Balestrand IL 53:12
4 Svein Amundsen Eidanger Idrettslag 57:24
5 Trygve Løland Birkenes IL 58:09
6 Stein Aasheim Isfjorden IL 59:33
7 Steinar Tysse NOTEAM 1:03:26
8 Stein H. Sørensen StavangerGTI 1:03:57
9 Roger Anglevik ASKO VEST 1:06:49
10 Sigmund Solheim Florø Tog IF 1:17:16

Etter at ho vann italiensk meisterskap i fjelløp for to veker sidan, har Antonella Confortola hatt litt skadeproblem og var litt forsiktig i dag. -Sjølv om det gjekk bra med skaden, tok eg det nok litt roleg, sjølv om eg i det brattaste partiet var berre 22 sekund bak, viss eg forsto dei norske "sekundantane" rett. Eg visste at May Britt var god teknisk og eg bestemte meg for å gå for andreplassen, sa Confortola etter løpet.


Kirsten Marathon Melkevik (Gular) er tilbake etter ni månaders skadeperiode. Ho var glad for å vera tilbake i aktivitet, og merka ikkje noko til skaden under løpet. Ho tok femteplassen totalt og vart nummer to i klasse 40-49 år bak May Bente Weng.


Therese Sjursen vart nummer seks totalt, men var godt fornøygd. - Eg visste at dei som låg før meg, er kjempegode, og eg er glad at eg klarte å henga med, sa BFG Fana-jenta som kom inn eit halvt minutt etter tidlegare klubbvenninne Kirsten Marathon Melkevik.

Joel Dyrhovden vart nummer fem i seniorklassen.


Johan Bugge vann klasse 20-22 år og vann i tillegg juniorklassen i Norgescupen.


Stian Hovind-Angermund frå Varegg fekk tida 37.55. Han vart nummer sju i seniorklassen, men tok femteplassen i Norgescupen.


Tomas Bereket kjem i mål på 39.07, og hadde tunge bein etter at han vann Fanaraaken opp dagen før. Han ville vera med på dette løpet for å sikra seg plassering i Norgescupen. Der vart han nummer tre.


Kamp til målstreken mellom Øyvind Bugge (over) og Tormod Tjørnhom. Begge fekk tida 39.36.


I Nuten opp 2012 starta alle damer og menn over 50 tre kvarter før. Det var Oddmund Roaldkvam som kom først til topps, han vann klasse 50-54 år på 41.27.


Stian Øvergaard Aarvik var best i klasse 15-16 år med den imponerande tida 43.31.


Ein glad norgesmeister Thorbjørn Thorsen Ludvigsen med kjæresten Lene og mor Torill som er minst like glade og stolte!


Ingvill Sangesland var best i klasse 17-19 år med 46.29.


Ingrid Kristiansen hadde jobb som premieutdelar, men sto sjølv også på pallen etter løpet sitt på 53.53.


Jarek Lazarowicz, polsk men busett i Jondal, og Kjetil Dyrvik frå Voss kosar seg på toppen av Malmangernuten, der det var flott solskinn under heile løpet. Begge sprang i klasse 40-49 år og vart hhv nummer fem og tre.


Eldste dame i konkurranseklasse, Marianne Hoff.


Ingen Nuten opp utan ekteparet Confortola/Wyatt. Ofte har begge vunne, men Antonella Confortola Wyatt har hatt litt meir konkurranse, og i dag vart det andreplass.

Tidlegare reportasjar frå Nuten opp finn du på Samleside for Nuten opp.

Powered by Labrador CMS