I helga som var viste han også styrke sommarstid, og vann glovarme E-CO Rimstigen Opp med sterke 27.01, i overkant av to minuttar etter løyperekorden til Torbjørn T. Ludvigsen. Han køyrde offensivt ut i den bratte løypa, og fekk etter kvart ei komfortabel leiing til Jakub Hejl som ble nr. 2 med 28.41 og Erling Hisdal som blei nr. 3 med 29.51.

Dameklassen blei dominert av to spreke ungjenter i klasse 15-17 år, og ikkje uventa vart det klasserekord då Emma Hanstveit, Mjøsdalen kryssa mållinja som nummer ein med tida 33.57. Hakk i hæl kom tvillingsøstera Anna, som fekk 33.58. Dette er meir enn fem minuttar etter den råsterke løyperekorden til Karoline H. Kyte, men likevel gode prestasjonar av unge jenter. På tredjeplass kom Caroline Christie, Varegg med (40-44 år) med 37.33. 
 
God stemning
Som vanleg var det god stemning då dei kring 50 løparane og omlag like mange turgåarar returnerte til grendahuset nede på Bakka. Folk tok eit forfriskande bad i Nærøyfjorden, slappa av med betasuppe og anna godt servert av Bakka grendalag og venta i spenning på alle dei flotte gåvepremiane som var på loddtrekning. Som ein av deltakarane sa: «Det er ramma rundt, og det at arrangøren gjer litt ekstra ut av det, som gjer det bra....». Til neste år har arrangementet 10-årsjubileum, og om ein skal lytta til den gode responsen ein får frå deltakarane, vert det eit nytt løp i 2019.

IMG_2130.jpg

IMG_2131.jpg
 

IMG_2126.jpg
Varegg-gjengen sytte for god stemning på toppen. Foto: Jan C. Jerving.

IMG_2128.jpg
Emma og Anna Hanstveit slo begge den gamle klasserekorden i 15-17 år. Foto: Jan C. Jerving.