Vignett-kondiskommentaren.jpg

Artikkelen har òg stått på trykk i Kondis nr. 4 - 2020.

Sjølvsagt ville det ha høyrdest mykje frommare ut om eg i staden hadde svara slik: «Du veit, det er ikkje så lett å ha det bra så lenge så mange blir ramma av sjukdom og død».

Det ville vori sant det òg, men rett-frå-levra-svaret var at det gjekk greitt å vera veldig mykje inne i mitt eige selskap så sant eg fekk bryte opp dagen med ein tur eller to ut i vårsola – springande, gåande eller syklande. Det å kjenne sola i fjeset, lukte skogen, puste inn lufta, late kroppen lange ut langs vatnet eller elva var medisin nok til å ha det nokolunde bra òg dei 22 andre timane i døgeret. Dei eg for ein stor del sat med PC-en og skreiv Kondis-saker eller las om korleis viruset spreidde seg og styresmakter innførte stadig strengare tiltak for å halde det i sjakk.

Portforbod
Fleire land gjekk så langt at dei innførte portforbod. Ingen som ikkje hadde attest på at dei hadde ein heilt nødvendig grunn til å vera ute, fekk lov til å gå ut. I Spania vanka det bøter frå 100 euro og oppover om ein trassa forbodet. Ein joggar i Malaga klarte ikkje å springe frå politiet og vart bøtlagd.

Kva ville eg gjort om eit slikt forbod kom til Noreg?

Eg tenkte tanken og såg for meg at eg sneik meg ut av blokka, stakk skrått over gata og inn i marka etter at mørkret hadde senka seg om kvelden – eller grytidleg om morgonen. Trygt i skjul på dei smale stiane i skogen ville eg skru på hovudlykta, puste djupt inn og vone at ingen med ein anmeldarspire i seg hadde sett meg.

Attest
Ei eg kjenner er heilt open på at ho er treningsavhengig. Går det opp mot eit døger utan at ho får trena, melder rastlausheita og abstinensane seg.

Sjølv har eg tidlegare skrivi kritisk om forskarar som ut frå spørjeskjemaa sine har kommi fram til at 5-10 prosent av dei som driv idrett, er avhengige. Eg har kalla det ei positiv avhengigheit – ein ønsker berre å gjera noko som gjer ein godt og gjer ein glad – og det er vel ikkje noko å diagnostisere, har eg argumentert.

Men hadde portforbodet kommi, kan det hende eg ville prøvd å skaffe meg diagnose med tilhøyrande attest på at eg var treningsavhengig slik at eg kunne ta meg ein einsam springtur i skogen òg dei dagane eller vekene portforbodet gjaldt.

Ikkje fordi eg ikkje ville ha overlevd om eg måtte vera inne i leilegheita 24 timar i døgeret med uklar utsikt til når eg kunne sleppe ut. Må ein, så må ein, og fekk kinesaren til ein 8-meters springrunde i stova si, kunne eg ganske sikkert fått til 12 meter i mi. Og på verandaen er det fin ettermiddagssol.

Fuglesong
Men eg ville visst kor mykje betre eg hadde hatt det om eg kunne stukki ut. Sprungi meg sveitt og glad. Kjent våren på kroppen enda ein gong. Høyrd fuglane synge og vatnet renne. Og eg ville tenkt på kor heldig eg har vori alle dei andre vårane da eg kunne gjera nettopp dette.

Heldigvis vart portforbodet aldri ein realitet. Heldigvis slapp eg å gå til fastlegen for å få attest – ho hadde det sikkert meir enn travelt nok frå før. Heldigvis slapp eg å snike meg ut om natta – eller vera lovlydig å halde meg inne veke etter veke.

Eg slapp med skrekken og fekk enda ei påminning om kor bra alt er når alt er normalt bra. Sjølv om løpsforma er så skral at ein middels trena konstabel kunne teki meg att, så har eg aldri nokon gong sett stå stor pris på fridomen til å kunna springe som våren 2020.

Turane ute hjelpte meg til å ha det bra trass i alt det som ikkje var bra.  


«Trygt i skjul på dei smale stiane i skogen ville eg skru på hovudlykta og vone at ingen med ein anmeldarspire i seg hadde sett meg.»​
 

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.


Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957