Av pressemeldning

Vi har leita og undersøkt, og så vidt vi klarer å sjå er dette det lengstlevande av mosjonsløpa på Sunnmøre som framleis eksisterer. Grimstadvatnet rundt, som også Hareid IL arrangerer, starta året etter, i 1981.

Men i motsetning til Grimstadvatnet rundt, som går fire gonger kvar vinter, går Snipsøyrvatnet rundt berre éin gong i året.

Tradisjonen tru går Snipsøyrvatnet rundt siste laurdagen under Hareidsstemna, som er eit populært kulturarrangement som også blir arrangert årleg på Hareid.

- Eit breiddearrangement

Fleire som deltek under Snipsøyrvatnet rundt har det som ein fast tradisjon og deltek ikkje i andre idrettskonkurransar elles i året.

Men målet til Hareid IL er at både folk frå Søre Sunnmøre og andre stader i landet og verda skal delta – same om dei er i kjempeform eller om dei berre mosjonerer ein sjeldan gong. Her er alle like velkomne!

- Dette er eit breiddarrangement for folk i alle aldrar uavhengig av form og treningsgrunnlag, seier leiar i friidrettsgruppa i Hareid IL, Odd Erling Eriksen.

Gjæve topp 20-lister

Her gjeld det altså å konkurrere med seg sjølv. Kanskje gjer du det betre enn i fjor? Kanskje er forfallet minka sidan i fjor? Eller kanskje fullfører du løpet for første gong? Kanskje klarer du å jogge alle partia sett vekk frå Ulsetbakken?

Ein kan likevel ikkje kome vekk frå at nokre deltek for å få gode tider. Og dei er jo det tradisjonelt mange av, både av lokale folk og deltakarar frå andre kantar av landet.

Nedst i denne pressemeldinga legg vi topp 20-tidene både for menn og damer. Nokre har sikkert ambisjonar om å springe seg inn på dei listene.

Du finn også lista over dei som har delteke flest gonger.

Samling på klubbhuset

Så la oss seie det slik at alle uansett nivå og tid kjem seg i mål. Då må alle kome til den samlinga på Hareid klubbhus etterpå. Her blir det premieutdeling (vanleg 1/3 premiering), mat og drikke.

- Vi håper folk ikkje har hastverk etter løpet og blir med på denne samlinga. På Hareid klubbhus blir det høve til å få seg kaffi, kake, sveler og meir til – i tillegg til premieutdeling, opplyser Odd Erling Eriksen.

Ikkje nøl, bli med

Så då er det ingenting meir å lure på: Finn fram joggeskorne og meld deg på Hareid klubbhus for påmelding frå kl. 12.30. Løpet startar klokka 14.00. Garderobar ligg på klubbhuset i første etasje (samlinga etterpå blir i andre etasje). Det er ca. tre kilometer fram til Bigset, der løpet startar. Du kan parkere ved gamle Bigset skule. Skulle du ikkje ha skyss framover, så meld deg til sekretariatet, så ordnar vi det.

Les mer om løpet på facebooksiden til arrangøren Hareid IL.

Topp 20 menn:

Tid Fornavn Etternavn

0:39:10

Oddbjørn

Skogen

0:40:35

Arild

Bjørdal

0:40:56

Knut

Innselset

0:40:58

Kristian

Nedregård

0:41:03

Jostein

Vartdal

0:41:18

Øystein Jarl

Johansen

0:41:21

Frank Otto

Meinseth

0:41:22

Hans Petter

Galtung

0:41:32

Tom

Christiansen

0:41:47

Robert Idar

Kleppe

0:41:50

Abdelkarim

Bouchane

0:41:57

Magne

Helland

0:41:58

Marcus

Megrund 

0:42:16

Karl Johan

Vartdal

0:42:28

Jan Magne

Breivik

0:42:28

Svein Oskar Støvring

Nedregård

0:42:38

Steinar

Hurlen

0:42:46

Dag Arne

Hole

0:42:50

Odd

Elvanes

0:42:54

Per Atle

Røe


Topp 20 kvinner:

Tid Fornavn Etternavn

0:46:41

Trine

Pilskog

0:50:14

Tonje

Brande

0:50:59

Rigmor Ulstein

Johansen

0:52:08

Karete

Nesset

0:52:52

Grethe

Hjelle

0:53:04

Norunn

Dimmen

0:53:46

Audhild Bakken

Rognstad 

0:54:00

Ingunn Eikrem

Olsen

0:54:17

Kari-Anne T.

Ryste

0:54:42

Vendel

Snipsøyr

0:55:09

Maria

Vollsæter

0:55:32

Hege

Holstad

0:55:44

Ingrid

Håskjold

0:55:47

Elise 

Andersen 

0:56:21

Helga

Inselset

0:56:26

Oda

Midtflø

0:56:34

Maria

Vattøy

0:56:35

Kirsti

Dimmen

Flest løp (av 39 moglege):

Antall Fødselsår Navn Etternavn

39

1949

Gjerde

Andre

39

1945

Harkjerr

Bjørn Harald

36

1947

Hjørungnes

Berge

35

1971

Widnes

Torbjørn Ole Johansen Frost

32

1948

Storøy

Per (Haldor)

29

1956

Elvanes

Odd

28

1949

Fagerlund

Kjell Mindor

26

1947

Gjerde

Otto Per

25

1941

Mork

Jon Kåre

24

1921

Frøysa

Reidulf

23

1947

Jakobsen

Thorvald

23

1944

Skeide

Hans Otto

21

1953

Pedersen

Per Arne

19

1974

Nedregård

Kristian

19

1950

Vollsæter

Vidar

18

1925

Goksøyr

Ola

17

1944

Gjerde

Per

17

1957

Skeide

Eldor

17

1953

Snipsøyr

Dag

16

1944

Brandal

Svein

16

1951

Grimstad

Leiv Arne

16

1940

Røren

Inge


3besteherrer.jpg
Tre raskeste herrer i 2018. Fra venstre Einar Orten Trovåg, Marcus Megrund og Asgeir Bakken Rognstad. Foto: Martin Hauge-Nilsen.

3bestedamer.jpg
Tre raskeste damer i 2018. Fra venstre Marit Lillestøl, Beate Helseth og Vivian Johansen. Foto: Martin Hauge-Nilsen.

utsikt_foto_Martin Hauge-Nilsen.jpg
Snipsøyrvatnet i sommerdrakt sett fra Kongsvollen. Hareid til venstre, Melshornet, Sulafjellet bak der igjen, til høyre Hjørungavåg og Vartdalsfjorden følger på. Foto: Martin Hauge-Nilsen.

vatnet_foto_Martin_H_N.jpg
Den sørlige delen av Snipsøyrvatnet i mer vinterlige forhold.. Foto: Martin Hauge-Nilsen.