Siste nytt: Arrangøren melder at Stian Angermund likevel ikkje stiller til start


Eigentleg skulle årets Skåla Opp ha vori siste versjonen. Men på grunn av avlysinga i fjor, kjem ikkje det tjuande og siste løpet før til neste år. 

– Det har lenge vori avtalt at vi skulle arrangere 20 gonger, og til neste år vil det bli eit vanvittig finaleløp, fortel Christian Prestegård til Kondis. Han er mannen som  tok intiativet til Skåla Opp og som på mange måtar har vori primus motor saman med løpsleiar Erik Brendefur alle desse åra.

Men dei fleste gode ting har som kjent ein slutt, og til neste år vil Skåla Opp-epoken vera over. Prestegård forsikrar oss likevel om at det vil bli storløp i Loen òg etter 2022. 

– På premieutdelinga til neste år vil vi gjera kjent korleis oppfølgjaren til Skåla Opp vil bli. Det som er sikkert er at det vil bli eit løp som det vil vera enklare å arrangere enn Skåla Opp som krev utruleg mykje av veldig mange funksjonærar, ofte under krevjande vêrforhold. Loen har dessutan fått så mange flotte turtrasear at vi heilt sikkert vil få til eit veldig bra alternativ, truleg med målgang ved Loen Skylift slik at løparane kan ta den ned. 

Sterkt startfelt

Men først skal den 19. utgåva gjennomførast, og rekka av tidlegare vinnarar og andre topptrena motbakkeløparar er lang. Christian Prestegård kjem med denne spådommen når vi spør han kven han trur vil bli dei tre beste i kvinne- og herreklassen. 

– Eg trur Karoline Holsen Kyte og Stian Angermund kjem til å vinne i år som dei gjorde i 2019. Stian har i år prestert betre enn nokon gong før, og med full klaff kan han lukte på – og kanskje slå – den ni år gamle løyperekorden til tyrkiske Ahmet Arslan. Arslan sprang på 1.07.06 i 2012 medan bestetida til Angermund er på 1.09.09, sett i 2015, fortel Christian. 

Han trur vidare at Stian Angermund vil få hardast kamp av Øyvind Heiberg Sundby og Thorbjørn Ludvigsen. 

– Øyvind kjem rett frå høgdetrening i USA, og Thorbjørn har òg vist god form i år. Men det er heilt klart fleire som kan blande seg inn, som Weldu Negash og ikkje minst Even Brøndbo Dahl, som har sprungi fort på både flate og bratte løp. Men om eg skal gjette, så seier eg Angermund på førsteplass, Heiberg Sundby på andre- og Ludvigsen på tredjeplass. 

A1260_StianAngermundVik_FotoChristianPrestegård.jpg
Stian Angermund er den største favoritten i herreklassen, men mange andre skarpskodde karar stiller til start. (Foto: Christian Prestegård)


Kandidatar til kvinnepallen

Christian Prestegård går òg med på å gjette kven som vil bli dei tre første i mål av kvinnene. 

– Karoline Holsen Kyte, Anita Iversen Lilleskare og Eli Anne Dvergsdal. Men Johanna Åström er heilt klart ein outsidar som kan blande seg inn, seier han. 

Løyperekordhaldar Anita Håkenstad Evertsen stiller òg til start, men som 53-åring er det ikkje forventa at ho skal blande seg inn i teten. Rekorden hennar er så sterk som 1.20.06, og premien for å setje ny løyperekord i Skåla Opp er på heile 100 000 kroner. Bestetida til Karoline Holsen Kyte er til samanlikning på 1.22.38. 

B1280_Starten_FotoJohanneHeggheim.jpg
I år vil startfeltet bli delt i fire puljer med maks 200 løparar i kvar. (Foto: Johanne Heggheim)


Men det er ikkje berre storløparar som gjer unna dei over 1800 høgdemetrane på ikkje så mykje over timen, som stiller i Skåla Opp. Dei fleste deltakarane er glade amatørar og sanne mosjonistar som først og fremst vil ha seg ein flott og krevjande fjelltur. Vêrmeldinga ser dessverre ikke heilt ljos ut, men samstundes ikkje så dårleg at det for tida er snakk om å flytte målgangen lenger ned. 

– Det er meldt regnvær og ca. 14 grader ved start. Dermed vil det nok vera berre 1-2 varmegrader på toppen, fortel Christian Prestegård som sjølv skal springe opp tidleg om morgonen og sjekke at løypemerkinga og anna utstyr er på plass. 

Så vil startskottet smelle for den 19. utgåva av det som i to tiår har vori flaggskipet for norsk motbakkespringing. 

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957