Løyperekordane var aldri truga, men det vart sett mange personlege rekordar i den 18. utgåva av eliteløpet. Forholda var fine med sol, 12 grader og lett motvind. 58 deltakarar var litt færre enn i fjor, men stemninga før start var likevel upåklageleg. 

- Om to år har løpet 20-årsjubileum. Det er same år som Osterøy IL har 100-årsjubileum. Då satsar me på 100 deltakarar, sa løpets grunnleggjar Bjarte Vik i sin tradisjonelle velkomstale før start.   

Det danna seg kjapt ein tettrio ut frå start med Magnus E Heggøy (Ask), Jonas Dalland (Gular) og lettbeinte Muse Okube (Osterøy). For alle tre var dette jomfruturen til Bruvik, men dei hadde iallfall fått med seg at løypa var rask og svingete. 
 

Bjarte_ønsker_velkommen.jpg
Bjarte ønskjer alle velkomen. Om 2 år i 2018 når Osterøy IL har runda 100 år forventar han minst 100 deltakarar (foto: Vidar Simmenes).
 

Jonas drog frå dei andre og vann
Jonas Dalland hadde nok eit lite favorittstempel, og rundt halveges tok han føringa og drog frå. I mål fekk Jonas 15.33, ei tid han var godt fornøgd med i den 5 km lange løypa. Magnus E. Heggøy frå Ask, som no er tilbake etter eit lite kvileår, kom inn som nr. 2 på 16.10. Eritreiske Muse Okube, som byrja med friidrett i vinter og enno ikkje har kondisjonsgrunnlaget til å halda farten i 5 km, fekk det tungt siste halvdel. Dermed var det fritt fram for arrangørklubbens beste veteranløpar, 43-årige Kjetil Monstad. Han fekk 16.23 og tredjeplass utan heilt å gå i kjellaren. 


Elitelop2.jpg
Jonas Dalland (i midten) vann klart med 15.33, Magnus E. Heggøy (til høgre) fekk 16.10, medan KJetil Monstad (til venstre) fekk 16.23 (foto: Vidar Simmenes).
 

Den forsmedelege 4. plassen tok Bjarte Vik seg av denne gongen. Han er den einaste som naturleg nok har sprunge alle 18 eliteløpa. Det må nemnast at Bjarte gav skikkeleg gass siste kilometeren inn mot Bruvik for å leggja bak seg Øyvind Loftås. Fri-løparen sprang med dobbel barnevogn. I barnevogna sat dottera Maja og venninna hennar Sofie og kosa seg med rosiner og jus, medan dei småprata og heia på faren. Tida på alle tre vart 17.03.  


SAM_1791.jpgØyvind Loftås 17,02 med vogn og 2 småe (foto: Vidar Simmenes).
 

Marianne Feidje Mjelde vann dameklassen
I dameklassen blei det tre osterøyløparar på pallen. 15 år gamle Marianne Feidje Mjelde hoppar vanlegvis tresteg og spring dei kortaste distansane. Kanskje gjer ho som broren Trygve og går opp på distansar når ho blir litt eldre. Uansett ein fin debut i eliteløpet med førsteplass og 19.57 på Marianne. Mirjam Mjelde har konkurrert flittig i år og gradvis senka persane. No blei det 20.37, seks sekund føre Marianne Kalleklev Haukøy, mor til Gneist sitt store løpstalent Hans Magnus Haukøy.                        
Etter premieutdelinga var det barneløp og premiering i Bruviktrimmen 2016. 


Se flere bilder på Osterøy ILs hjemmeside

Alle resultater:

Plass   Kvinner F.år 2016 pers   Ant år Pers
1   Marianne Feidje Mjelde 2001 1957 P   1 1957
2   Mirjam Mjelde 1969 2037 P   1 2037
3   Marianne Kallekleiv Haukøy 1972 2043     6 2018
4   Julianne Knutsen 1994 2136 P   1 2136
5   Victoria Mjelde Hanstveit 1992 2137 P   2 2137
6   Randi Nordås 1968 2143     6 2059
7   Eli Simmenes Vik 1973 2146     10 1937
8   Marie Johannessen 2000 2241 P   1 2241
9   Annbjørg Haga 1968 2257 P   2 2257
9   Sara Natalie Dyrkolbotn 2001 2257 P   4 2257
11   Emilie Brakvatne 2001 2356 P   1 2356
12   Randi Kleppe 1949 2706     9 2443
13   Astrid Johannessen 1998 2725 P   1 2725
14   Andrine Aldal 2000 3148 P   1 3148
                 
    Sofie Hausken Bauge 2011 1702 *      
    Maja Loftås 2011 1702 *      
                 
Plass   Menn F.år 2016 pers   Ant år Pers
1   Jonas Dalland 1985 1533 P   1 1533
2   Magnus E Heggøy 1998 1610 P   1 1610
3   Kjetil Monstad 1973 1623 P   4 1623
4   Bjarte Vik 1969 1643     18 1426
5   Øyvind Loftås 1980 1702 P   1 1702
6   Sigbjørn Reigstad 1978 1703     7 1623
7   Christer Vonheim 1979 1704     7 1548
8   Muse Okube 1993 1741 P   1 1741
9   Øystein Hanstveit 1963 1742     9 1536
10   Stian Nordås Mjøs 1991 1744 p   1 1744
11   Frank Davidsen 1951 1748 p   1 1748
12   Harald Olsnes 1964 1749     9 1645
13   Jan Roar Solberg 1979 1755     9 1637
14   Jarle Torkildsen 1971 1805     4 1736
15   Torbjørn Småland 1981 1807 p   1 1807
16   Baard Raknes 1978 1813     2 1716
17   Tore Hannisdal 1969 1824     4 1811
18   Harald Nygård 1951 1854     2 1830
19   Odd Halvor Mosevoll 1972 1909 p   1 1909
20   Stein Tore Vinterstø 1973 1929 p   1 1929
21   Jan Michalek 1982 1941     2 1927
22   Bjørn Helge Kleppe 1962 1951     2 1920
23   Kurt Vatle 1959 1952 p   3 1952
24   Roy Dyrkolbotn 1971 1956     3 1901
25   Rune Gjerstad 1957 2008 p   2 2008
26   Noah Raknes 2005 2102 p   2 2102
27   Richard Bertelsen 1970 2103 p   4 2103
28   Ivar Bauge 1976 2111 p   1 2111
29   Arve Henningsen 1972 2126     5 2102
30   Aslak Monstad 2004 2128 p   2 2128
31   Thomas Rambjørn 1986 2231 p   1 2231
32   Magnar Stien 1952 2248 p   1 2248
33   Vidar Litland 1959 2252 p   1 2252
33   Oddvar Sæterdal 1945 2252     6 2151
35   Kim Rune Bruvik 1986 2312     5 2022
36   Carl Erik Jørgensen 1978 2345 p   1 2345
37   Olav Aslak Seljestad 1972 2359 p   1 2359
38   Knut Ove Huseby 1969 2400     4 2337
39   Kent Ove Wågenes 1975 2508     2 2350
40   Jan Erik Fyllingen 1968 2534 p   1 2534
41   Krister Dyrkolbotn 2000 2615     2 2549
42   Vegard Brakvatne Wie 2005 2642 p   1 2642