Andreas Skylstad og Karoline Holsen Kyte tok kvar sin klare siger. (Foto: Bystien Førde Opp)
Andreas Skylstad og Karoline Holsen Kyte tok kvar sin klare siger. (Foto: Bystien Førde Opp)

Andreas Skylstad og Karoline Holsen Kyte vann Bystien Førde Opp

Bystien Førde Opp vart ein suksess i seg sjølv og ei god generalprøve framføre neste års NM motbakkeløp som òg skal gå i Førde. 92 sprang på tid, og raskast var Andreas Skylstad og Karoline Holsen Kyte. Men langt fleire deltok i trimklassa, og ikkje minst var det med svært mange skoleelevar.

Publisert Sist oppdatert

Pressemelding frå arrangøren:

1213 deltakarar løyste startnummer på Bystien Førde Opp laurdag 31. august. Til det som var generalprøva for NM i motbakke 2020, strøymde folk til i hopetal. Nede på arenaen ved Rådhuset i Førde har det aldri vore så mykje folk før, og som vanleg var det heile dominert av glade barn. Ca. 800 av dei deltok med startnummer, og dei fleste gjekk heilt til toppen av Hafstadfjellet 706 moh.

1213 deltakarar med startnummer er mindre enn før om åra og skuldast heftig regnvær ved starten av arrangementet. Resten av dagen letta det opp, sola keik fram, og det vart over 20 varmegrader. I år var det fleire utstillarar ved Rådhuset, aktivitetar som sunnfjordsk 5-kamp, Firda-kvissen samt underhaldning frå scena.

Eit tusentalig publikum kunne følgje løpet frå start til mål på storskjerm ved Rådhuset, og i år også med kamera midtvegs i løypa. Nokre minutt etter målgang kom det intervju med vinnarane i dame- og herreklassen direktesendt frå toppen.

Alt i alt vart det ei god generalprøve for NM 2020. Vinnarane var Førdes eigen Karoline Holsen Kyte som sprang på 32.02, og Andreas Skylstad, Norangdal IL som noterte 28.33. Løyperekordane til Annie Bersagel på 30.18 og Johan Bugge på 25.06 overlevde i 2019.

Glade_barn_foto_Bystien_Foerde_Opp.jpg


Svært mange glade barn var med på Bystien Førde Opp. Mest 87 prosent av elevane i klasse 5A ved Førde barneskule deltok. (Foto: Bystien Førde Opp)

Beste kvinne totaltKlubbTid
1Karoline Holsen KyteFørde IL32:02
2Mathea BråstadHyllestad IL36:15
3Ane BrekkeFørde IL Friidrett37:03
Beste mann totalt
1Andreas SkylstadNorangdal IL28:33
2Ole Martin ErdalFørde IL29:37
3Roger PollenSpenst/Arenes frisør29:50
Resultat - skulekonkurranse
KlasseSkuleProsent
15AFørde barneskule86,70
24BSlåtten skule80,00
36AFørde barneskule78,00
47ASunde skule71,00
53BFørde barneskule70,00


Alle resultat


Powered by Labrador CMS