Pressemelding: 

Kva har Henrik Ibsen, Hallgeir Brenden, Hank Williams og Osterøys langdistanseløpar Bjarte Vik til felles? Jau, alle fire har eit løpsarrangement knytt til namnet sitt. Laurdag 11. oktober klokka 13 smell startskotet for Bjarte Viks Eliteløp - i det arrangørane kallar "landets vakraste asfaltløype". 

Årets eliteløp er framskunda ei veke for å unngå kollisjon med NM terrengløp og Maratonkarusellen i Fana. 
- Bjarte Viks Eliteløp vil vera ei fin gjennomkjøring for dei som skal springa NM terrengløp i Fana helga etter. I tillegg er det mange lokale mosjonistar som tek løpet som ein formtest no i oppkjøringsfasen til Brakvatnet halvmaraton 1. november.     

Med sine rundt 50 deltakarar har ikkje Bjarte Viks Eliteløp for vane å trekkja dei store massane. Trass i eliteløpsnamnet vågar arrangørane påstanden om at dette er eit inkluderande løp og ikkje ekskluderande. 
- I dette løpet er alle som kan springa eller jogga 5 km definert som eliteløparar. Opplev den ekstra løpsgleda ved å vera ein eliteløpar. Alle har godt av det, om det så berre er ein dag i året, slår arrangørane i Osterøy IL og Bruvik IL fast. 

Eliteløpet er eit unikt løpsarrangement. I år er det 16. årsjubileum, og stemninga på lokalbutikken nokre dagar før løpet tyder på at alle deltakarar vil få like høglydt heiing av bygdefolket i innspurten ned mot målseglet ved Nærbutikken Bruvik  - uansett om ein sprintar under 15 minutt eller bikkar over halvtimen i løpstid. 

Den superraske 5 km-løypa går på smal og svingete asfaltveg langs idylliske Sørfjorden.
 - Ein verneverdig veg, meinte ein samferdselsminister då ho var på vitjing. Ministeren har forsvunne frå politikken, men både Bjarte Vik og eliteløpet held framleis koken.

Arrangørane vågar også påstanden at dette er mellom dei finaste asfalt-traséane i landet. Truleg er det også landets raskaste 5 km. Løypa har for stort fall til å bli godkjent i rekordbøkene, men dei fleste set pris på dei gode tidene. Løyperekordane er det Morten Velde (14.11) og Stine Larsen (15.41) som har.
Arrangøren håpar bygdafolk som ikkje deltek i sjølve løpet møter opp i målområdet ved Bruvik handelslag og tek imot løparane når dei kjem i mål. Deltakarane trekkjer alltid fram den gode mottakinga dei får dei siste 150 metrane inn mot målseglet. Dei aller yngste kan delta på det tradisjonelle og uhøgtidlege barneløpet som går i rundar rundt butikken.

Etter barneløpet deler Bruvik IL ut premiar og kårar Årets fjellgeit i Bruviktrimmen 2014. Kaffi og kaker er sjølvsagt også til sals.

Meir informasjon kan ein få på Osterøy IL si heimeside på http://www.osteroyil.no/?mapping=175

 

Slik gikk det ifjor i Bjarte Viks Eliteløp.