Brakvatnet halvmaraton – også med stafett og kortløype

Løpet er ei kraftprøve i vakker natur og på flotte grusstiar, åtte rundar rundt idylliske Brakvatnet.

Sport 1 Brakvatnet Halvmaraton er det løpsarrangementet Osterøy IL satsar desidert mest på. I år er alle distansane samla til laurdag 21. oktober. Nytt av året er ein 3 km og barneløp, med start ein time før startskotet smell for halvmaraton og stafettløparane klokka 13.

- På sikt håpar me stafetten skal bli stor. Utfordringa går til bedrifter, vennegjengar og idrettslag. Fleksibiliteten er stor. Laga kan ha frå to til åtte løparar, og desse kan veksla kor dei vil i løypa. Poenget er at pinnen må rundt vatnet åtte gonger, skriv Osterøy IL i ei pressemelding.


Arkoconsult Rask jubler for stafettseieren
"Arkoconsult Rask" jubler for stafettseieren

Som ytre motivasjon er det sett opp ein stor pokal til vinnarlaget. I fjor var det ein sekundstrid utan like mellom tre bedriftslag, der Arkoconsult, med hovudkontor eit par kilometer frå målstreken, til slutt kunne jubla for sigeren på tida 1.37.27.

Vinnarane på halvmaraton får joggesko. I fjor fekk Mirza Nalic og Mirjam Mjelde beste tid på halvmaraton, men løyperekordane har Bjarte Vik og Hilde Aasheim med 1.18.31 og 1.24.29. 


IMG_5668.jpg  

Brakvatnet halvmaraton er eit løp med ei heilt spesiell atmosfære. Dei som spring tek igjen løparar og gåande, med dei positive effektane det har for motivasjonen. Dei gåande er også flinke til å heia fram vener og kjente. Dette er feelgood-løpet framfor noko anna her i landet. Publikum samlar seg rundt væskestasjonen ved mål, og her er stemninga stor. Dei som vil ta seg betre tid rundt vatnet, og det er ganske mange, kan starta heilt frå klokka 8 om morgonen.


Brakvatn logo.pngPåmelding - klikk på logo 


fullbrakvatnet-1a.jpg
Løypekart Brakvatnet halvmaraton


IMG_5545.jpg
God stemning i målområdet.

IMG_5486.jpg
Barneløpet 2016


Kondisreportasjer Brakvatnet halvmaraton
2016 : God stemning rundt Brakvatn i finværet
 

Osterøy logo.jpg
Klikk på logo for mer info om løpet