Av Bjarte Vik, Leirfuglen Forlag

I dag heiter løpet Tveitafjellet Opp, men den originale løypa frå 1971 gjekk også ned att til start ved den kvitmåla skulen i Hosanger-bygda. Tveitafjellet Over var 8,8 km lang, og løparane måtte forsera nokre skikkelege blautmyrer på returen. Frå 2007 av har løpet vore eit reint motbakkeløp (3,6 km) med mål ved varden 553 moh. Sidan då har sterke fjell-løparar som Jon Tvedt, Thorbjørn Ludviksen, Kirsten Maraton Melkevik og Anita Iversen Lilleskare vunne løpet.  

«Planen var å markera det femtiande løpet skikkeleg, mellom anna ville me invitera tidlegare vinnarar. No må feiringa utsetjast til 50-årsjubileet for starten av løpet neste år», fortel Øystein Øvsthus, mangeårig leiar i Mjøsdalen.

Dei som har levd ei stund hugsar nok Mjøsdalens sterke friidrettsmiljø og stafettlag på 70- og 80-talet, då dei tok sju sigrar på rad i Brekkestafetten og vann Askstafetten i 1983. Dei siste 10-15 åra har motbakkeløp fenga mange i Mjøsdalen. I 2017 deltok 18 mjøsdølingar under VM motbakkeløp i Slovakia, og heiagjengen talde 22 sjeler. Det finst vel knapt eit norsk idrettslag som kan visa til noko liknande. «Motbakkeløp er sosialt og artig. Berre det å koma til toppen, er ein siger for mange», slår Øystein Øvsthus fast.

Om Tveitafjellet aldri har vore mellom dei største fjelløpa, så har det vist seg å vera mellom dei mest seigliva i landet. No når sjølve løpet jubilerer i det stille, høver det med eit nostalgisk tilbakeblikk på ting som har skjedd frå starten i 1971.

Før i tida skulle ein springa både opp og ned att frå fjella. I Bergens-området starta Livardsløpet i 1964, masse-arrangementet Ulriken over i 1965, og Lyderhorntrimmen i 1968. Heile 4400, sjølvsagt langt dei fleste i turklassen, var påmeldt til det første Ulriken over. Arrangementet måtte utsetjast ei veke på grunn av ublide vêrgudar seint i oktober. Året etter var over 10 000 bergensarar med. Etter at Mjøsdalen fekk sitt løp i 1971, kom det til fleire fjelløp rundt om på Vestlandet. Nokre få fjell-spesialistar fanst det nok, men deltakarane var i all hovudsak slike som også konkurrerte på bane, veg og terreng – eller orienteringsløparar som Åge Hadler – den første vinnaren av Ulriken over.   

Vetlejord&Fitje_980x735.jpg
Magne Vetlejord og Yngve Fitje.


Dei skremmande lette stega
I  juni 1971 samla Tveitafjellet Over mest lokale deltakarar. Berre 10 menn, og ingen kvinner, stilte i konkurranseklassen. Då som seinare var turklassen den klart største. Deltakartalet totalt har ofte lege på 100-150. Det tok nokre år før kvinnelege løparar våga seg med, men akkurat det kjem me tilbake til.

Osterøy-løparen Magne Vetlejord, opprinneleg frå Eksingedalen, vann det første løpet nokså suverent med tida 44,03. Vetlejord`n vog ikkje mange gram og var berømt for sitt lette steg. Ja, han var knapt nedpå når han sprang. Det hende han  skremde turgåarar når han var ute og trente på stiar og grusvegar rundt Brakvatnet heime på Valestrand. Du høyrde nemleg ikkje stega før han fauk forbi deg i god fart. Lange terrengløp var spesialiteten til Magne Vetlejord. Hausten 1970 tok han KM-sølv i 20 km terrengløp på Herdla, ikkje langt bak Kjell Magne Ebbesvik. Rett nok var forholda såpass ufyselege at det skremte vekk halvparten av dei påmelde – ifølgje BT var Arne Risa og Paul Bruvik mellom desse. I sitt 83. år er Magne Vetlejord framleis ein «fjellets mann», lett på foten – om ikkje synet er heilt det same som før.

Mjøsdalen sette straks opp ein vandrepokal som måtte vinnast tre år. Den unge skiløparen og lovande terrengspesialisten Jan Georg Godvik frå Loddefjord (seinare Fana) vann den første pokalen etter sigrar i 1973, 1975 og 1976. Osterøy kommune hadde sett opp pokalen, og ordførar Sigvald Hauge var på plass og overrekte pokalen til den då nybakte juniornorgesmeisteren i terrengløp. Godvik står med den nestbeste tida i Tveitafjellet over med 40,45. Berre ein mann har vore under 40 minutt – og det løpet vert det enno snakka om i bygda. 

1983TveitafjelletOver_1280x891.jpg
Mjøsdalens Øystein Øvsthus har sikra seg to vandrepokalar og åtte sigrar i Tveitafjellet over. Her etter løpet i 1983. 

Mellom to baneløp
Øystein Øvsthus må sjølvsagt trekkjast fram i eit slikt historisk attersyn. Heime hjå Øystein på Hosanger står to vandrepokalar frå Tveitafjellet Over. Han vann åtte sigrar i åra 1977 til 1985. Pokalane er alltid nypussa, for dette er gode minne for «Mr. Mjøsdalen». Berre Bjarne Huseklepp makta å splitta den imponerande sigersrekkja, med sitt fantomløp i 1982.

Mange av dagens beste fjelløparar har spesialisert seg på motbakkeløp. Slik var det ikkje med Øystein Øvsthus. Han kvidde seg ikkje med å leggja inn eit knallhardt fjelløp midt i banesesongen. «Eg fekk litt pes for det. Det var ein del som meinte at eg ikkje måtte vera med. At det ville øydeleggja banesteget. Men det gjekk heilt fint», fortel Øystein.

Og resultata talar for seg. I 1981 vart han kretsmeister både på 800m og 3000m hinder helga etter Tveitafjellet. Tidene var slett ikkje verst heller; 1.54,3 og 9.07,6.

Bestetida til Øystein Øvsthus i Tveitafjellet Over er 42.09. Berre Jan Georg Godvik, Terje Danielsen frå IL Fri og løyperekordhavar Bjarne Huseklepp har betre tid. To andre herreløparar har sikra seg vandrepokal i løpet: Øystein Hanstveit frå Mjøsdalen og Johannes Rosvold frå Fri.

Tre mann passerte over 20 løp i Tveitafjellet Over. Brørne Øystein og Aksel Øvsthus, og Arthur Brandsdal. Få har sprunge meir i Osterøyfjella enn seigingen Arthur Brandsdal, og som veteranløpar var han som regel i toppen i sine årsklassar i mange fjelløp og turrenn.

Bjarne norsk rekord.jpg
Her tek ein glad Bjarne Huseklepp av seg piggskoa etter å ha sett to norske rekordar på Førde Stadion 16. august 1978. 


Kom med sjøfly – sette løyperekord
Å vinna eit stort løp i ei lita bygd er meir stas enn å vinna eit lite løp i ein stor by. Mange gode løparar kan skrive under på dette. Ein av dei er sunnfjordingen Bjarne Huseklepp. Han har sikra seg heltestatus i Hosanger-bygda. Løyperekorden hans frå 1982 vil stå til evig tid – viss ikkje då idrettslaget gjer ein vri og går tilbake til den opprinnelege løypa. Det vil vera i tråd med trenden dei siste åra, der mange jaktar på lange og ekstreme utfordringar. Dess skitnare løparane er i mål, dess breiare er glisa mellom dei som fullfører. 

Men tilbake til våren 1982, då Bjarne Huseklepp jobba som gymlærar på Bergen Yrkesskule. Transporten frå «bydn» var eksklusiv. Bjarne kom fykande i sjøflyet til klubbkamerat Morten Straume i Viking. I strålande solskin sette flyturen frå Nordåsvatnet til Mjøsvågen sjølvsagt ein ekstra spiss på opplevinga. 
Ramma rundt arrangementet var det beste – med flott vêr, hornmusikk og turnoppvisning. Mjøsdalen får alltid skryt for hyggjelege arrangement og måten dei tek imot utanbygds deltakarar. Slik var det også denne gongen. «Som på så mange andre små plassar følte eg meg voldsomt velkomen», slår Huseklepp fast, snart 40 år etter.

Lokalavisa hadde fyrt opp stemninga i forkant og fokusert på duellen mellom den lettbeinte Viking-løparen og kraftløparen Øvsthus. Men på veg opp til toppen, vart det rått parti. Den 52 kg tunge sunnfjordingen var som skapt for motbakkar og la ut i eit kolossalt tempo. «Eg hugsar godt eit parti av løypa som var spesielt bratt. Her skal det springast, tenkte eg. Det var heilt uaktuelt å gå», fortel Bjarne.

På toppen var han 2,5 min føre Øystein Øvsthus – og med tida 39.53 var han 3 minutt føre i mål. «Eg hata unnabakkar, men sprang utruleg godt oppover. Hadde det vore like mange motbakkeløp då som no, hadde eg satsa alt på slike løp», seier Bjarne Huseklepp.

Han har fleire gode minne frå Osterøy våren 1982. I april vann han KM terrengløp 8 km i Mjeldalen, og i mai vann han Ole Bull løpet. «No står Arnalaupet for tur, og so ber det heim til Sunnfjord for å fiska laks fram til Oslo Maraton 3. juli», uttalte Huseklepp til Bygdanytt etter Tveitafjellet i juni. I seinare år har skulemannen starta opp fiskeskule og sal av røykjelaks på garden i Guddal. 

Bjarne Huseklepp var i fleire år med i maratonlandslaget. Meininga var å satsa fram mot OL i Seoul 1988, men ein uheldig skade i 1984 sette ein effektiv stoppar for løpskarrieren. Kanskje blir han hugsa best for sine norske rekordar på 20 000m og ein times løp. Begge rekordane, 1.02.18 og 19 278m, vart sett på den utslitne gummiasfalten på Førde Stadion i 1978. Rekordane stod i 36 år, til Sondre Nordstad Moen slo dei i 2014.   

Som løpar var han hard i hovudet, Bjarne Huseklepp. Ein gong sprang han 10 000m før 5000m i same stevne – og vann begge distansane. Han rakk såvidt å skifta piggsko mellom løpa. Slike eigenskapar kjem til nytte no når 67-åringen slit med alvorleg sjukdom.

Liv Astrid Losnegård_500.jpg
Liv Astrid Losnegård står att som sjølve  dronninga av Tveitafjellet Over. (Foto: Arne Dag Myking)

Dronninga av Tveitafjellet
Dei første åra var det ingen kvinnelege deltakarar i Tveitafjellet Over. Damene dreiv ikkje med slikt. Iallfall var det sjeldsynt. Ein må hugsa på at kvinner først fekk delta i Holmenkollstafetten i 1975 – etter fleire års kamp og nærmast «sivil ulydnad». Då hadde framleis inga norsk kvinne sprunge eit maratonløp. Først i 1976 vart det kåra ein vinnar i kvinneklassen med unge Rita Hatland – eit lokalt og allsidig idrettstalent frå kommunesenteret Lonevåg. Men det vart med det eine fjelløpet for Rita (gift Lampe). Ho vart i staden ein av pionerane innan kvinnefotballen i Hordaland – på eit Osterøy som konkurrerte med Sandviken om det lokale fotballhegemoniet.

Først tidleg på 80-talet, då joggebølgja for alvor slo inn over landet, vart det meir sving på kvinneklassen. Og utviklinga har definitivt halde fram dei siste åra. I 2019 heitte dei to første over mål i Tveitafjellet Opp, Anita Iversen Lilleskare og Rebekka Hilland.   

Både Beate Simavik (Laksevåg), Astrid Halvorsen (Fri) og Turid Lie (Norheimsund) vann to sigrar kvar på 80-talet, men det er Liv Astrid Losnegård som står att som sjølve  dronninga av Tveitafjellet Over – med sine åtte sigrar på åtte forsøk mellom 1988 og 1998. Det finst vel knapt ein rutinert mosjons- eller konkurranseløpar på Vestlandet som ikkje veit kven Liv Astrid er. BFG-Fana-løparen sette sitt preg på eit uttal mosjonsløp og har ei rekkje sigrar og løyperekordar i små og store løp. Ja, ho vann løp i fire tiår. Den ståande løyperekorden i Tveitafjellet over sette ho i 1990 med 48.10. 

Liv Astrid begynte å springa i vaksen alder i 1985 då hunden trengte mosjon. «Ho og hunden spring i fjellterreng ein halv time morgon og ettermiddag – og det gjev god trening i gummistøvlar og ulendt terreng», skreiv avisa Strilen i 1990. Seinare auka nok treningsdosane, og byfjella vart hennar tumleplass. I reportasjen trekte Liv Astrid fram Tveitafjellet og Ulriken over som favorittar.

BenteBysheim46_Tveitafjellet_344x500.jpg
Ragnhild Hanstvedt har vore ei føregangskvinne for kvinneidretten i landet. Ho vann ikkje her i 1987, men i 1980 vart ho først i mål i Tveitafjellet over.

Motbakketrenden
Då driftige nordfjordingar sette i gang med Skåla Opp i 2002, fanst det berre fem andre reine motbakkeløp i landet. Men så eksploderte det. I 2013 stod det 155 motbakkeløp på terminlista. Mjøsdalen heiv seg på bølgja, og i 2007 vann Jon Tvedt og Kirsten Maraton Melkevik det første Tveitafjellet Opp. Kirsten hang på som ein klegg det første stykket, og ho vart faktisk nr. 2 av alle i mål på 25,01 Tida står framleis som løyperekord. Avdøde Jon Tvedt fekk 22,11. Løypa til toppen var den same som før; 3,8 km med 516m stigning. Først fin skogssti, så nokre bratte klyv før ein kjem opp på ein slakare fjellsti opp mot toppen.

Tveitafjellet Opp kan langt frå tilby dei same premiesummane som dei største aktørane, men ein har likevel lokka til seg mange gode løparar. Arvtakaren etter Jon Tvedt som «Stoltzekonge», Thorbjørn Ludviksen, er nok den som har markert seg mest i motbakkeløpet. Han har løyperekorden og fantastiske og jamne vinnartider på 21.38, 21.21 og 21.39.

Då Thorbjørn sette rekorden, overraska han seg sjølv og vann med over 4 minutt margin i ei sleip og gjørmete løype. «Det er et kjempeflott løp, selv om det ikke er av de største, og det er en fantastisk utsikt på toppen. Det er en blanding av både skog, fjell og utforbakker, i tillegg så er avslutningen veldig spesiell hvor det føles som om du løper langs en lang rygg», uttalte Thorbjørn etter rekordløpet sitt i 2015.

Anita Iversen Lilleskare har vunne kvinneklassen dei siste par åra. Arrangørklubben har to lovande jenter i tvillingane Anna og Emma Hanstveit. Med sine sigrar og unge alder er dei vel førebels å rekna for prinsesser av Tveitafjellet. Dei neste 50 åra vil avsløra om ein av dei overtek dronningtittelen etter Liv Astrid Losnegård.   
Utsikten_Tveitafjellet_980.jpg
Utsikt frå løypa ein litt grå dag på Tveitafjellet Opp 7. juni 2020 - jubileumsløpet. Vi ser garden Åsheim og utover Osterfjorden og over til bygdane Leknes og Hjelmås.

Natur og kultur
Tveitafjellet er verdt turen frå fastlandet – anten ein vil springa eller gå. Ein kan bli nasjonalromantikar av langt mindre enn utsikta frå toppen. Me siterer gjerne frå boka Osterøy til fots, utgjevar Osterøy Sogelag:

Utsynet er stort og vidt, og vert me poetiske, høver det å sitera Vinje: «Her ser eg fagre fjord og bygder.» For fyrst er det då òg fjorden innover og utover som dominerer biletet. Innanfor på nordsida ligg på rekkje og rad Molvikgrend, Bjørsvik, Ostereidet, Eiknesvåg, Eikangervåg og Hjelmås før me kjem ut til Leiknestangen og heilt ute ser Nordhordlandsbrua i vakker boge over Salhusfjorden. Nedanfor oss ved fjorden på «vår» side stikk Hoshovde-landet og Knappen seg ut. Lonevågen ser me skjera seg inn ute ved Fjellskålholmen, og ved Hamreneset endar så Osterøy i den leia. Utanfor alt dette er det lite som stengjer for synet, og med eit godt kart, kikar og gjerne eit kompass kan me bryna oss på å finna namn på gardar og grender me ser utover Lindås-soknene og - på klåre dagar – endå lenger ute, i Øygarden og i nordvest mot Fedje og Austrheim. Indre del av Fensfjorden og stranda utetter får me òg ein glytt av. Mjøsdalen idrottslag plar syta for at gjestebok er utlagd her på Veten, og der bør ein setja merke etter seg.

Dagsturen blir komplett viss ein også legg turen innom vakre Kossdalsvegen med sine 17 hårnålssvingar – bygd som pliktarbeid på slutten av 1800-talet. Hosanger og Mjøsvågen byr også på eit spennande maritimt miljø med ein koseleg landhandlar, uteservering på kaien, treskofabrikk (museum) og kunstgalleri. Folket i bygda er lette å koma i kontakt med og stolte over røtene sine, så her kan ein fort få med seg ei god historie eller to viss ein kjem i prat.

DSC_0162_fix_980.jpg
Årets vinnarar med "50-årssekken": Anita Iversen Lilleskare og Anders Kjærevik. (Foto: Bjarte Vik)

1985Tveitafjellet_569x800.jpg
Lagsbladet «Møsholmlå» har kome ut kvart år sidan 1981, sjølvsagt med mykje stoff om eigne arrangement. Her frå utgåva i 1985.

BenteBysheim58_TveitafjelletB_315x500.jpg
Audun Hellevang over mål i 1987. I dag er Audun 94 år og ein viktig informant når boka om idretten i Mjøsdalen no skal skrivast. Han deltok flittig i terrengløp i åra etter krigen. Som veteran vann han fleire klassesigrar i ulike løp etter at han starta opp att sist på 60-talet.  

TveitafjelletOver6_980x646.jpg
Stemninga er alltid god på løpa til Mjøsdalen IL

VMrundt1_405x600.jpg
Her er Bjarne Huseklepp i tet ut frå start på Ole Bull løpet i 1982. 

BenteBysheim47_Tveitafjellet_980x667.jpg
I 1987 starta dameklassen for seg sjølv. Vinnar vart Turid Lie frå Norheimsund på 58,42.

1990Tveitafjellet_AlfredMjøs_600.jpg
Til liks med Audun Hellevang var Alfred Mjøs ein av friidrettspionerane i Mjøsdalen – hard å slå i terrenget både som senior etter krigen og veteran i seinare år. Her etter løpet i 1990.  

Grunnehølen 1. juni 2019 (2).jpg
Bjarne Huseklepp har alltid vore glødande interessert i jakt og fiske.

 

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957