Dei fire løpa i Aitex Terra Trail gjekk føre seg i helga frå fredag 20. januar til og med søndag 22. januar. Eli Anne Dvergsdal deltok først i det 4,5 kilometer lange vertikalløpet om fredagen, og ho vann her med 5 minutt.

Eli Anne fortel til Kondis at ho hadde fokus på å finne ein jevn og god flyt. Ho disponerte bra og hadde ein grei følelse heile vegen, fortel ho.

Deretter tok Eli Anne ein roleg laurdag før ho bestemde seg for også å delta i løpet over 21 kilometer søndag, med over 1150 høgdemeter. Dette løpet var ein del av den spanske federation-serien. Løpet er ein variert og fin rundløype over nokre fjelltoppar, med start og mål i byen Alcoy.

Om dette løpet fortel Eli Anne:

– Det var fine stiar, nokre tekniske parti, deriblant ein smal rygg med ein del spisse steinar, og mykje laus stein ned frå den eine toppen, men også «raske» stiar i skogen. Ville løpe kontrollert og uten risiko, sidan eg først og fremst er på treningsleir, og fann ein god flyt som eg kunne halde gjennom løpet, samt auke litt i siste del uten å gå tom.

– Eg kom i mål på 1 time og 55 minutt, seier med ca. 5 min.

Resultatlister Aitex Terra Trail

Premiepallen 21 km_Aloma Albero Sampedro, Eli Anne Dvergsdal,  Laura Irina Lara Sánchez.jpg
Premiepallen i det lengste løpet over 21 km: Aloma Albero Sampedro, Eli Anne Dvergsdal,  Laura Irina Lara Sánchez. (Foto: arrangøren)

Premiepallen.jpgHele premiepallen. (Foto: arrangøren)