69 løp siste karuselløpet før jul

Loep4_2013-2014_DSC_0211

God deltaking i julaløpet i Strandebarm

Om lag sytti trimmarar stilte tirsdag til start på det siste vinterkaruselløpet i Strandebarm før jul. Stemninga var på topp, ver og føre var bra.

Publisert Sist oppdatert

Stemninga var på topp, ver og føre var bra. Nissen var på plass med twist og klementinar. I tillegg ordna arrangørdamene med saft, gløgg og peparkaker. Løpet samla deltakarar frå heile Kvam.

Ingressbildet: Ann-Kristin Mykkeltvedt, Nissen og Kjell Egil Berge etter målgang på julaløpet. (Trykk på bildet for større utgåve)

Det var opplettsver og fleire varmegrader då flokken la i veg rundt på Strandebarm Idrettspark. Løypa gjekk som vanleg ut til Børsheim og attende, til saman fire kilometer. Det var fleire som sette ny personleg rekord også denne kvelden. Magne Fosse var ein av dei. Ny pers vart det også på m.a. Bodil Stranden, Karen Matthiessen og Marit Linga. Torild Kveberg var, som så mange gongar før, den raskaste kvinna. Bak fylgde Irene Tangerås, Eline Sandnes Fosse og Hilde Brekke Kolltveit.

Fotballspelaren Endre Ove Brenne deltok for fyrste gong denne sesongen. Han spurta saman med Ove Måge inn på tida 14,05. Kjappast blant gutta var Bjørnar Sandnes Lillefosse på 12,26.

Etter løpet var det trekking av gåvepremiar. To energiposar med refleks, energidrikk o.a. vart som vanleg trekte fyrst. Denne gongen hadde også ein marsipangris snike seg nedi posane. Vinnarar vart Embrik Børresen og Hilde Brekke Kolltveit. To løparar som har sprunge fort på karusellen i haust. T-skjorta med vinterkarusellmotiv vart vunnen av Lars Tveitnes. Hovudpremien på kr 500,- til bruk på Mo Sport i Norheimsund vart vunnen av den trufaste veteranen Turid Lid frå Øystese.


Det er mange born med på karusellen. Desse deltek med liv og lyst, og humøret er på topp og innsatsen er super. Elles er det folk i alle aldrar. Det er kjekt å kome saman og mosjonere i lag. Vinterkarusellen er for alle uansett nivå og ambisjonar.

No tek Vinterkarusellen julaferie til tysdag 7. januar. Friidrettsgruppa ynskjer deltakarar og alle andre ei god fredfull jul.

VINTERKARUSELL STRANDEBARM 2013 – 2014
Resultater løp nr. 4. den 17. desember 2013

Bjørnar SandnesLillefosse12,26
OveMåge14,05
Endre OveBrenne14,05
Vebjørn KvebergOpsanger14,34
John OlavMåge14,43
Knut ØysteinFosse14,46
EmbrikBørresen16,36
LarsTveitnes16,47
Lars MundheimOma16,48
TorildKveberg16,59
EinarOpsanger17,19
Kjell EgilBerge17,55
IreneTangerås18,04
Eline SandnesFosse18,18
JohnSvahn18,24
SamuelBørsheim18,46
ValdemarBørresen18,50
AdamØygard18,54
Hilde BrekkeKolltveit18,59
OddvarHjertaker19,03
FrodeEspeland19,15
ArvidTangerås19,20
RitaGjerde19,45
WilhelmRiise20,48
OddvarSkogasel20,49
CelinaSkogvoll20,56
MonicaSkogvoll20,56
MagneFosse20,57
KetilKarlsen21,05
Liv Berit BruEide21,12
PrebenEkerhovd22,09
MariaØygard22,28
VictoriaBerge22,29
HerlaugKvamsøy22,29
Sondre SvåsandMåge22,43
Amalie SvåsandMåge22,57
LarsMåge22,57
Anne ChristinBørsheim23,04
OlavLaupsa23,45
PaulinaMisinyte24,25
ArthurLillefosse24,34
MaritLinga24,47
KarenMatthiessen24,47
BodilStranden25,12
SunnivaBerge25,22
ElisabethSkogasel25,23
Ann-MarieEngevik25,36
GreteHjertaker25,57
Maria SundfjordMarkus26,01
Åse SandnesFosse26,10
AsbjørnSkogasel26,53
Eifrid KonstanceEkerhovd27,02
RenateBakkely27,04
TrineHandal27,27
HannaØygard28,39
ToreNeteland28,39
SiljeSvåsand29,26
Sunniva KjosåsRiise30,59
GunnarMundheim31,16
Emma VikenEspeland32,27
IngunnRiise32,27
FridaRiise32,27
Anne ChristineViken32,30
BeateViken34,23
TuridLid36,36
Ann-KristinMykkeltvedt36,47
TanitaFredheim39,53
SolveigMåge40,18
TorunnBaldersheim45,00
Powered by Labrador CMS