Ein sliten og lukkeleg Hans Christian Tungesvik jublar for sigeren i Norseman 2019. (Foto: Kai-Otto Melau / NXTRI)
Ein sliten og lukkeleg Hans Christian Tungesvik jublar for sigeren i Norseman 2019. (Foto: Kai-Otto Melau / NXTRI)

Kva skjer med kroppen når ein pushar grensene i ultralange løp og triatlonar?

Dei fleste som har prøvd seg på ultraløp eller ironman, veit at det røyner på etter kvart. Når ein endeleg kjem i mål, kjenner ein seg heilt tappa fysisk og mentalt. Men kva har eigentleg skjedd i kroppen?

Publisert Sist oppdatert

For mange år sia skreiv den svensk ultralegenden Rune Larsson om trøyttleik i Kondis. Han skildra tre typar trøyttleik, eller «brist» som han likte å kalle det:

Når ein spring korte langdistanseløp som for eksempel ein 5 km, så handlar det om primært om oksygenbrist. På maraton handlar det, stadig ifølgje Rune Larsson, om næringsbrist. I ultraløp dreier det seg om brist.

Det er rett og slett generelt tomt. Mangel på alt. Ein er ferdig. Kake. Alt er tømt.

Samtidig var overskrifta på artikkelen til Rune Larsson «Trøtthet – toppen av lykke». Han skildrar lykkeaspektet ved det å ta ut alt slik:»

«Mange mennesker lever hele livet uten noen gang å besøke trøtthetens ytterste grenseland. Mot denne bakgrunnen er det en lykke å få være med på å presse alt ut av seg selv. Om ikke alle puslespillbitene som utgjør hele trøtthetsbildet var der, ville man jo ikke få oppleve denne ekstreme tilstanden. Man ville ikke få anledning til å kjenne den gleden som finnes i dette at "akkurat nå inntreffer et av de få øyeblikkene i livet hvor jeg gjør mitt absolutt beste.” »

Norseman-studie

Denne kjensla av å ha verkeleg gjort sitt beste, opplever årleg eit par hundre deltakarar i det som ofte blir omala som verdas hardaste ironman-konkurranse, Norseman, som har mål på Gaustatoppen.

Forskarar ved Norges idrettskole har i fleire år gjort fysiske testar på deltakarane før start og etter målgang – for å få eit innblikk i kva som skjer med kroppen under ei så langvarig og hard påkjenning.

Eit funn er nedsett lungekapasitet når konkurransen er gjennomført.

– 45 prosent av dei me har testa, har ein reduksjon på 10 prosent eller meir etter målgang. Det er det me kan definere som å ha anstrengelsesutløyst astma. 30 prosent har denne reduserte lungefunksjonen også dagen etter, fortel forskar Trine Stensrud til nih.no.

Årsaka til reduksjonen meiner Stensrud først og fremst kjem av utmatting i pustemuskulaturen.

Norseman2022-Hans-Christian-Helene-foto-Sylvain-Cavatz.jpg


Etter å ha jubla segna Norsemanvinnar Hans Chrstian Tungesvik om og fekk gratulasjonar og omsorg frå Helene Melsom Tungesvik som han no er gift med og som er ein av forskarane bak Norseman-studien. (Foto: Sylvain Cavatz)


Skyhøge verdiar

Testane viste òg store endringar i ein del såkalla biomarkørar.

– Enkelte biomarkørar er skyhøge. Det har overraska oss litt, seier professor ved Universitetet i Oslo, Jonny Hisdal, som sjølv har fullført Norseman heile tolv gonger, og som òg er med i arrangementsstaben.

Ein av dei forhøga verdiane er lik med den folk får ved hjartesvikt, og skulle ein Norseman-deltakar hamne på sjukehus etter til dømes ei sykkelulykke, kan dei høge verdiane bli mistolka.

Hisdal fortel at rett etter målgang har 99 prosent av deltakarane dei har testa, ein såkalla proBNP. Det tilseier at dei har fått hjartesvikt.

– Viss dei hadde tatt med den prøva til ein doktor, så hadde han sagt: «Oi, denne pasienten har hjartesvikt.» Og det er berre eitt eksempel; det er mange biomarkørar som er veldig høge, seier Hisdal.

Nå er målet å finne kva som er normale referanseområde for dei gjennomfører slike ekstreme uthaldenheitskonkurransar, for å skilje dei frå dei som faktisk har hjartesvikt eller hjarteinfarkt.

Ikkje permanent skade

Det gledelege med undersøkinga – dersom ein er glad i slike lange strabasar – er at deltakarane ikkje ser ut til å få varige plagar.

– Det er veldig lite som tydar på at ein får permanent skade av å gjennomføre Norseman. Deltakarane går tilbake til normalverdiane sine innan 14 dagar. Kor raskt ein restituerer kjem i nokon grad an på kor godt ein er trena. Medan dei som er godt trena, kanskje er tilbake etter fire dagar, vil dei som er dårlegast trena, kanskje bruke tre veker på å kome heilt tilbake, seier professor Hisdal i NIH-podden.

Forskarkollega Trine Stensrud konkluderer slik:

– Det er meir skadeleg for kroppen å ikkje trene enn å gjennomføre Norseman.

Ultralegende Rune Larsson formulerte det på sin eigen opplevingsbaserte måte:

«Livet er fullt av følelser som skal utforskes og oppleves. Trøttheten er nettopp en slik følelse, og den kan anta mange former. Enhver form for trøtthet som man får oppleve, beriker våre liv. Dersom vi kaster av oss det åket av negative holdninger vi har til trøttheten, blir den lettere å bære. Da flyttes grensene, og nye muligheter åpner seg.»

Rune_Larsson_Swiss_Alpine_maraton_1996_foto_Gar _Garåsen.jpg


Rune Larsson har vori ein av verdas beste ultraløparar med 6.43.36 på 100 km og 262 640 m på 24-timarsløp allereie på 1980-talet. Han sprang og maraton så fort som 2.18.38 og har vunni det klassiske ultraløpet Spartatlon tre gonger. (Foto: Gar Garåsen)

Powered by Labrador CMS