Borgersen Rotevatn og Kaspersen vant Ørsta fjellmaraton - 11 utgava på rad
Kjell Magnar Berli og Hege Høgalmen Ringdal raskest på halvmaraton. Over 200 deltakere på dei ulike distansene maraton, halvmaraton og kort løype + barneløp
Det var gode forhold for fjell - mosjonsløp lørdag 6.juni.
Totalt over 200 påmeldt / deltok.
Tider og resultater
Hjemmesiden til Ørsta fjellmaraton
Flere bilder på facebook
Lørdag 6. juni blei den 11. utgåva av Ørsta Fjellmaraton arrangert i hjartet av Sunnmørsalpane. Sidan starten i 2016 har løpet vore kjent som eit sosialt og uhøgtidleg arrangement med låg startkontingent, flott natur og den velkjende «helse- og heieplikta» når deltakarane møtest i løypa.
Deltakarane kunne velje mellom tre distansar:
Heilmaraton – 42,2 km og om lag 2700 høgdemeter
Halvmaraton – 21,1 km og om lag 1350 høgdemeter
Kort løype – 7,2 km
I tillegg vart det arrangert barneløp.
Løypa går hovudsakleg på sti og skogsveg gjennom flott fjellterreng rundt Ørsta. Heilmaraton består av to rundar i same traseen som halvmaraton, der løparane spring runde nummer to i motsett retning. Dette er med på å skape den sosiale profilen som løpet er kjent for.
Topp 3 – Heilmaraton herrer
Mathias Borgersen Rotevatn (Ørsta) – 5.36.00
Oscar Opsvik Bøe (Team Jugendstil) – 5.39.00
Olav N. Kopperstad (Emblem IL) – 5.53.00
Topp 3 – Heilmaraton damer
Yngvild Kaspersen (ÅFIK/Adidas) – 5.09.00
Mathea Loe Selbervik (Ørsta) – 6.32.00
Emilie Ringvold (Ørsta) – 6.38.00
Topp 3 – Halvmaraton herrer
Kjell Magnar Berli (Velledalen IL) – 2.04.00
Helge Wangberg (Angina IF/Sport 1 Røyken Racing) – 2.07.00
André Haugsbø (Gaular IL) – 2.09.00
Topp 3 – Halvmaraton damer
Hege Høgalmen Ringdal (Sunnylven IL) – 2.33.00
Linn Kammen (Sunnylven IL) – 2.47.00
Johanne Klingenberg (Tromsø) – 2.49.00
Topp 3 – Kort løype 7,2 km herrer
Raymond Welle (Hovdebygda) – 40.00
Ruben Olsen Kårstad (VTI) – 45.00
Tarjei Ryste Haugsbø (Gaular IL) – 47.00
Topp 3 – Kort løype 7,2 km damer
Kristine Bergseth Krokeide (Ørsta) – 45.00
Ella Ryste Haugsbø (Gaular IL) – 50.00
Eir Skogen Skrede (VTI) – 50.00
Med spektakulær utsikt, krevjande terreng og ei særs sosial ramme held Ørsta Fjellmaraton fram med å vere eit av dei mest særprega fjelløpa på Sunnmøre. Etter elleve år er arrangementet godt etablert som ein fast tradisjon for både mosjonistar og konkurranseløparar