Hilmar Kråkenes var førstemann i mål i Hornindalsvatnet maraton
Hornindalsvatnet Maraton vart arrangert laurdag 25. juli med maraton, halvmaraton, 10 km og Minimaraton på programmet. Hilmar Kråkenes og Åse Apelseth Skaare tok kvar sin klare siger i maratonløpet.
Løypa i Hornindal Maraton er småkupert, og på heilmaraton er det ca. 330 høgdemeter som skal forserast. Medan løpet tidlegare var eit A- til B-løp langs Hornindalsvatnet, er det no ei løype på ca. 5 km som heilmaratonløparane spring åtte gonger.
I år var det fin løpstemperatur, men litt regn og ein god del vind. Hilmar Kråkenes klarte likevel ei tid under 3 timar og vann på 2.59.28. 48-åringen sprang så å seie heilt jamt og brukte mellom 21.00 og 21.37 på alle dei åtte rundane.
Dei to som hong med han i starten, måtte etter kvart sleppe, og nærast i mål var Stig Kongsvik som brukte 3.08.44. Ove Wolff som òg hong med ut frå start, vart til slutt nummer fem i det som var hans 99. maratonløp.
– Horningsdalsvatnet Maraton…. berg og dal. Maraton nummer 99. Klar for nummer 100 i Berlin, skreiv Wolff i Strava-oppdateringa si. I Berlin vil det nok vera fint lite å finne av både berg og dalar.
Åse Apelseth Skaare var klart raskast av kvinnene. Ho òg leverte eit jamt løp og sprang i mål på 3.15.56. Oda Synøve Riste kom på andreplass med 3.33.16.
På halvmaraton var det 42 som gjennomførte, og raskast var Carsten Cleve-Hansen og Nadja Maczko Christoffersen som vann på 1.15.33 og 1.31.18.
Håvard Kroken som var andremann i mål, oppsummerte løpet sitt slik:
«1.16.17 og 2.plass👍🦧 Ganske tunge bein frå start til slutt, og veldig heldig å ha en rygg å følge før eg blir parkert på siste runda🦧 Kjekt løp, og mykje folk i løypa🤩»
På 10 km vart det siger til Erlend Bakken som sprang på 35.20, og Emilie Flo Stavik som brukte 39.04. Her var det 24 kvinner og 23 menn. På Minimaraton var det til saman med ni løparar.