
Lørdag 11. oktober er det igjen duket for Oktoberløpet, et Rosa sløyfe-løp i Sykkylven
Initiativtakar Anita Mosby Nakken i Velledalen IL melder til oss at det også i år blir Rosa Sløyfe-løp i møbelbygda Sykkylven. Det blir både oppvarming, barneløp og hovedløp den 11. oktober
Alt overskot går direkte og uavkorta til Rosa Sløyfe/Kreftforeningen. Anita melder vidare: -Vi støttar kvarandre, vi støttar dei som er råka av sjukdom, vi gir kreftsaka eit ansikt, vi tenkjer på framtida og at vi ved vår støtte kan hjelpe andre (eller i verste fall oss sjølve).
Kreftstatistikken er dessverre ikkje på folket si side, men statistikken seier likevel at stadig fleire av oss lever lenger og betre enn før etter ei kreftbehandling, og stadig fleire blir oppdaga så tidleg at dei kan bli friske. Konstant forsking og utvikling gjer at behandling i stadig større grad kan tilpassast den som treng det. Vegen er framleis lang å gå, men vi har ikkje tid til å vente med å engasjere oss, eller å tenkje at det ikkje gjeld meg.-
Anita fortsett: Velledalen IL sitt slagord: «Helse i kvar meter» er så absolutt reelt. Når Oktoberløpet går av stabelen laurdag 11. oktober, går/spring vi for god helse, for fellesskap og samhald og for solidaritet med dei av våre som ikkje er eller kan vere saman med oss.-
Kontaktpersonar er Alf Petter Bøe, telefon 901 62 279 eller Anita Mosby Nakken, telefon 988 23 498 hvis noko er uklart
Vippsnummer for støtte og startpengar: #100921.
