Marius Vedviks treningsår
Ikkje heilt tomhendt
Sidan førre oppdateringa av «Mitt treningsår» har eg både vore på treningsleir i St. Moritz og deltatt i NM 5 km gateløp og NM 10 000 meter. Dessverre har eg så langt i år vore langt bak eige toppnivå, men eg har ikkje dratt heim heilt tomhendt heller.
Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 6-2025
NM 5 km gateløp vart arrangert som ein egen NM-distanse for første gong
i 2024 med Filip Ingebrigtsen som vinnar. I 2025 var meisterskapet lagt til
Knarvik der eg har sprunge mange løp tidlegare i den legendariske Knarvikmila.
Målsettinga for 2025 var heilt klart medalje, og det enda med bronse bak gullvinnar Tore Akerlie og sølvvinnar Eivind Øygard. Løpet gjekk ganske roleg føre seg dei første 3 kilometrane, men rett etter 3 km starta Øygard ein veldig solid langspurt, og eg hadde dessverre ingen sjanse til å følge. Fokuset gjekk veldig fort over til å sikre bronsen, og det klarte eg med relativt god margin.
Både Tore og Eivind har sprunge under 3.50 og 8.10 på 1500 / 3000 m i år, noko som eg så langt i år ikkje har vore i nærleiken av. Sjølvsagt er eg skuffa over at eg ikkje er betre i 2025, men det var veldig kjekt med medalje, og det var min 28. individuelle medalje som seniorløpar. 10 gull, 7 sølv og 11 bronse.
Eg har rekna ut at det var 56. gong eg deltok i NM, så det gir nøyaktig 50 prosent utteljing. Ryddige tal. Medaljen vart feira med ein heilt nydeleg tur i sola med Jonas Riseth og Espen Roll Karlsen til Stoltzen, Fløyen og mykje av det fine Bergen har å by på. Det er ikkje utan grunn at eg budde 10 år i Bergen.
Høgdetrening i St. Moritz
Veka etter NM reiste eg til St. Moritz 1800 moh med Tore Akerlie frå Voss og IL Gular. Den ferske gullvinnaren på 5 km kom inn i Gular-gjengen i 2021 og har hatt ei veldig fin utvikling som langdistanseløpar frå år til år. Han har nok vore litt uheldig med timinga med tanke på at løparar som meg sjølv, Svela, Boutera, Hauge, Lillefosse flytta frå Bergen rundt den tida då han kom til klubben. Eg veit for min egen del kor viktig det var for utviklinga dei siste åra mine i Bergen å få vere ein del av ein veldig sterk prestasjonskultur. Ein slik tar det tid å bygge opp, men Tore har gjort ein veldig god jobb med det han har hatt tilgjengeleg, og han har bidratt til at Gular framleis er på langdistansekartet.
Under treningsleiren i St. Moritz trente eg og Tore dei aller fleste intervalløktene saman, og vi var ganske jamne. Veldig sjeldan hadde vi over 0,5 i laktat i forskjell. Vi trente ganske tradisjonelt etter den norske modellen med langintervall om morgonen og kortare intervall om kvelden både tysdag og torsdag. Eksempel på økter om morgonen var 6 x 5 minutt og 4 x 8 minutt. Om kvelden hadde vi gjerne 10 x 1000 meter eller 20 x 400 meter. Eg traff som regel bra på intensiteten bortsett frå ein dag der eg vart freista til å bli med Sigurd Ruud Skjeseth både morgon og kveld.
Daniel Beeder kom etter kvart også og vart ein del av treningsgruppa med meg og Tore. Forskalingssnekkaren frå Åsane kom med fersk pers på halvmaraton (1.07.47). På lengre drag om morgonen var han veldig sterk, mens han har hakket større forbetringspotensial på korte drag i høg fart. Oppsummert sprang eg rundt 160 km i veka i St. Moritz og hadde god utvikling frå veke 1 til veke 3. Samtidig gjekk det ikkje fortare enn det gjorde i Sør-Afrika 2000 moh i januar, så eg skulle heilt klart ønskt at nivået på trening var betre.
For ein litt seig langdistanseløpar som meg er det heilt avgjerande å ha høg terskelfart for å vere konkurransedyktig, så eg føler at eg har stanga hovudet litt i veggen i år. Mengdemessig har eg trent vel så mykje som i dei beste sesongane mine, men eg flyt ikkje like bra i «høg fart», og eg har kanskje ikkje tatt nok omsyn til at restitusjonstida er litt lengre når ein er 33 år enn når ein er 25-29 år. Dei feila ein gjorde treningsmessig før og ikkje vart straffa for, blir ein garantert straffa for no. Det skal eg prøve å lære av i tida framover.
NM friidrett 2025
Etter høgdeoppholdet i St. Moritz var blikket retta mot NM på Askøy 1-3. august. Alt fokus var mot 10 000 meteren og å kjempe om medalje på ein god dag. Dessverre var ikkje forma så god som eg hadde håpa på etter høgdeoppholdet.
For å illustrere dette kan eg vise til den spesifikke 10 km-økta eg hadde ni dagar før løpet. 3 x 2000 + 2 x 1000 m. 2000 metrane gjekk på 5.57, 5.53 og 5.54, og eg målte 8,1 i laktat etter 5.54. Her burde det vore rundt 4-5 i laktat dersom eg skulle vore medaljekandidat.
Når laktaten i tillegg steig til 10 etter 1000-metrane på 2.55 og 2.53, så sa det meg det eg frykta: Det kosta for mykje å springe i det som i utgangspunktet burde vore 10 km-fart, men som i realiteten er nærmare 5km-fart.
Der eg tidlegare takla laktat veldig bra og kunne springe lenge med høg laktat, er det no etter fylte 30 år ein eigenskap som dessverre har blitt dårlegare og dårlegare. Summen av dårlegare terskelfart og dårlegare laktattoleranse er ikkje bra, og resultatet såg vi på 10 000-meteren i NM 3. august.
Som nemnt tidlegare tok eg gull på 5000 og sølv på 10 000 m førre gongen det var NM på Askøy, i 2016. I år var vi fleire som tenkte at kampen om bronsen var relativt open bak Awet Kibrab og Sigurd Ruud Skjeseth. Awet sette fart frå start, og eg var faktisk sjakk-matt etter 200 meter. Ei heilt uverkeleg oppleving, men eg var faktisk hekta av etter 200 meter og sprang åleine nesten heile løpet.
Eg var ganske bestemt på å ikkje opne for hardt, så då vart det som det vart. Eg passerte 1000 m på 2.58, mens dei som kjempa om bronsen, passerte på i overkant av 2.50. Sett i ettertid burde eg vore meir offensiv og prøvd og vore med, men eg har gått på så mange smellar på 10 000 tidlegare, at dette ordtaket kan forklare valet mitt: «Brent barn skyr elden.»
Mentalt sett blir det særs krevjande å hamne så langt bak så tidleg, men som eg har opplevd før, så vakna eg til litt rett etter halvvegs og tok igjen Henrik Laukli og Sondre Lomeland som sprang forbi meg etter rundt 3 km.
Eg kom i mål på 30.31,27 etter rundt 15.20 på første 5 km og 15.11 på siste 5. Det var heldigvis ny klubbrekord med 13 sekund for Førde friidrett, men samstundes nesten 2 minutt bak persen min på 28.42,15. Litt rar oppleving sidan eg trur at den fysiske forma er vesentleg betre enn den mentale forma. Sjølvtillit og evna til å presse seg mentalt er noko som er ferskvare og ein veldig viktig del av sluttresultatet i løp.
Tidlegare har eg ofte opna for hardt og overvurdert eiga form, så nøkkelen framover er å finne den gylne middelvegen på løpsdisponeringa. Ikkje for offensiv, men heller ikkje for defensiv.
Årets hovud-NM var for øvrig mitt 14. hovud-NM totalt og mitt 2. hovud-NM for Førde. Tidlegare har eg 2 gull på 5000, 3 sølv på 10 000 og 1 bronse på 10 000 m. Ein får framleis medaljar i NM av å springe på 29-tallet på 10 000, så eg vil ikkje enno gi heilt opp å ta fleire medaljar i hovud-NM. Neste sjanse er i Trondheim til neste år. Fordelen med å springe på 30.31,27 og sette klubbrekord er at det ikkje blir heilt umogleg å slå klubbrekorden i Førde neste gong eg spring 10 000 m.
Vegen vidare
I skrivande stund, fredag 15. august 2025, er det nøyaktig ei veke igjen til 3000 meter under Norgeslekene på Jessheim. Hans Jørgen Borgen og co. har gjort ein veldig god jobb med dette arrangementet, og nivået på vinnaren ligg gjerne på rundt 7.45. Persen min på 7.53,01 er frå Norgeslekene 2021, men i 2022, 2023 og 2024 gjekk det ikkje like bra for å seie det mildt: DNF i 2022, 8.44 i 2023 og 8.22 i 2024. Det er litt vanskeleg å seie kva som er mogleg å få til i 2025, men i skrivande stund er målet under 8.15. 3000 m-økta eg hadde 14. august, var heilt brukbar der eg sprang 4 x 600 + 5 x 300 m med eit snitt på 1.37,7 og 46,8 – med 10-11 i laktat i snitt. Det var verken veldig bra eller veldig dårleg, men eg ønsker å få til eit baneløp igjen der eg får ut 100 prosent av potensialet mitt. Det har eg dessverre ikkje fått gjort så langt i 2025.
Etter 3000-meteren på Jessheim blir fokuset retta mot lokale løp i Førde og Hytteplanmila 18. oktober. Hytteplanmila har eg faktisk vore med på sju gonger, men eg har aldri sprunge under 30 minutt der. I 2018 for eksempel sprang eg 10 000 m på 28.42 i Los Angeles i april og Hytteplanmila på 30.33 i oktober.
Det er absolutt ingenting å seie på løypa, men eg har gjerne vore litt mett i oktober etter relativt gode sesongar. I år er eg nok meir ein svolten ulv, og eg ønsker verkeleg å springe under 30 minutt der. I 2024 var eg faktisk i ganske god form på Hytteplanmila, men fekk sting etter 3 km og kom inn på 30.39.
Inngangen til Hytteplanmila i år kjem til å bli så god og seriøs som berre mogleg sidan eg ønsker å vise meg sjølv at eg framleis kan. Små justeringa kan gi store utslag. Betre intensitetsstyring, meir volum på intervalløkter, og samstundes vere flink til å kombinere med kortare intervalldrag innimellom, er det eg ser for meg som dei viktigaste ingrediensane for å ta steg inn mot Hytteplanmila 18. oktober.
Oppsummert har det vore eit ganske frustrerande trenings- og konkurranseår så langt for min del. Treningsmessig har eg trent minst like mykje og hardt som i mine beste sesongar, men ikkje respondert på same måte. Mykje av svaret ligg nok i at store deler av året trente eg heilt åleine, men det er tross alt eit val eg har tatt.
Samtidig har eg hatt stor glede av å sette løyperekordar i Bergen, Fjærland, vinne Breimstafetten, organisert Førde i Holmenkollstafetten og å ta NM-medalje etter gammalt. Eg samlar på alle gode opplevingar.
Kan avslutte med at eg set pris på alle heiarop digitalt og «manuelt» langs mine mange springeturar i Førde. Eg trur at verda blir ein betre plass dersom vi alle heiar på kvarandre.
Vegen er målet.