Starten for Gloppen Halvmaraton er i Sandane sentrum ved Idrettsplassen, der ein også går i mål etter godt 21 km på Fv615 langs vakre Gloppefjorden. Vending halvvegs.

I fjor var her ca 235 løparar som stilte på NM, i år er det førebels ikkje så stor påmelding, men siste veka før start plar det bli litt ekstra.  Påmelding til ordinær startkontingent fram til måndag kveld.

Premieringa er lokalt produserte varer der frukt og saft er mellom premiane.  Premie til dei tre beste i kvar klasse, og nokre premiar etter loddtrekking.  Det blir også den obligatoriske deltakarmedaljen.

Fjellhug/Vereide il er arrangør, og ønskjer unge og eldre løparar hjarteleg velkomne til Sandane.  Arrangementet er også KM halvmaraton for Sogn og Fjordane.

Påmelding her.

Starten_1280.jpgStarten har gått i Gloppen halvmaraton.

Les hva som skjedde i fjor:

Adele Henriksen og Frew Zenebe Brkineh vant NM halvmaraton