
Dei som inviterer og inspirerer
Eg står på e-postlista til Norges Idrettsforbund, og med ujamne mellomrom tikkar det inn brev frå leiinga i den rørsla eg sjølv er ein del av. På tidlegsommaren fekk eg ein e-post med tittel «Anlegg er nøkkelen til gode lokalsamfunn og bedre folkehelse» og ein med den ikkje fullt så lettfattelege overskrifta: «Sonderingsutvalget OL/PL har fremlagt sitt arbeid for NIFs ledermøte.»

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 5– 2022.
Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
Den siste dreidde seg om at Idrettsforbundet i 2021 hadde sett ned eit utval som skulle vurdere om Noreg skal prøve å bli arrangørland for vinter-OL om 10-20 år. Konklusjonen i rapporten var ifølgje utvalsleiar Mina Gerhardsen denne:
« Tilbakemeldingene utvalget har fått fra idretten er at Norge som verdens mestvinnende vinterolympiske nasjon fra tid til annen bør arrangere vinter-OL og Paralympics. Det er også en gjennomgående tilbakemelding at Norge har mye på plass for å kunne påta seg et fremtidig arrangøransvar, som gode idrettsanlegg, arrangørkompetanse, dugnadsånd og et idrettsinteressert publikum.»
I e-posten om anlegg og folkehelse var hovudkonklusjonen denne:
«Norsk idretts viktigste oppgave i årene som kommer er å få alle tilbake i aktivitet etter to år med pandemi. Pandemien har påvirket både den fysiske og mentale helsen til befolkningen. En anleggsreform som bidrar til økt aktivitet vil være et av de viktigste folkehelsetiltakene i årene som kommer. En satsing på oppgraderte og nye universelt utformede anlegg, vil gi et bedre tilbud til enda flere. Resultatet vil være mer idrett, bedre folkehelse, mer inkludering og likere muligheter for alle.»
Kritiske røyster vil gjerne meine at dei to måla dreg i kvar sin retning. At bruk av masse pengar på OL for ei trass alt lita gruppe av toppidrettsutøvarar vil gå på kostnad av anlegg for dei mange som treng å trene for å ta vare på helsa.
Andre vil meine at det ikkje er snakk om eit enten eller, men eit både og. At topp skapar breidde, og at det er mogleg å få folk i form til OL sjølv om det berre er ein liten promille som skal delta i OL.
Med tanke på kor mykje pengar som etter mi meining har vorti brukt på langt meir destruktive ting enn OL dei seinare åra, skal ikkje eg her og no kategorisk slå fast at det er feil pengebruk å arrangere OL.
Men når idretten må prioritere, så trur eg det er lurt å sjå på kor mykje inspirasjon kor mange kan få – til ein aktiv livsstil – med dei ressursane vi bruker. Og ofte er det ikkje dei mest pengekrevjande tiltaka som inspirerer mest.
I vår var vi ein liten gjeng som sprang til Drammen, og det slo oss kor mykje inspirasjon og folkehelse det er som ligg i dei flotte turvegane som går langs elvebreiddene der. Tenk om fleire byar og tettstader hadde fått til noko liknande.
Slike lågterskelanlegg inviterer til trim. Det same gjer stiane i skogen og entusiastiske eldsjeler i idrettsklubbar og på Kondistreningar veke etter veke, år etter år.
For medan naturen og entusiastane inviterer og inspirerer, har dei store pengebeløpa ein tendens til å korrumpere – sjølv brukt på i utgangspunktet meiningsfulle ting. Når milliardane blir rulla ut, vil gjerne litt for mange av dei som tenkjer mest på å male si eiga kake, dukke opp.