Det er lov å sikte høgt, men kva om det perfekte er uoppnåeleg? (Foto: iStockphoto)
Det er lov å sikte høgt, men kva om det perfekte er uoppnåeleg? (Foto: iStockphoto)

Det finst eit skår i alle sinn

Det er lov å setje seg drøymemål og kjempestas når dei går inn. Men om vi blir for opptekne av det perfekte, kan vi gå glipp av veldig mykje ikkje-perfekt moro.

Publisert Sist oppdatert

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 22022.

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.


For strengt teki er det ganske lite i livet som er – eller kan bli – perfekt. Og mykje av det som ser perfekt ut, er manipulert eller skjørt. Krittkvite smil er ofte lakkerte, gullmedaljar kan vinnast med juks, superpara er gjerne dei som tek ut skilsmisse.

Og om vi berre skal ha det perfekte for auge, kan det fort bli mange dagar utan noko å glede seg over eller nokon å glede seg med. For det er slett ikkje alle gitt å få til eit drøymeliv med ein drøymepartnar i eit drøymehus med utsikt mot havet. Eller Alpane om ein vil ha gode skattevilkår på kjøpet.

Når det handlar om idrett, så er det berre eit fåtal som kjem til OL. Og sjølv om ein skulle bli av dei utvalde, så kan det ende med både bomskott og formsvikt. Eller opphald i karantenefengselet. Sjølv olympiske draumar kan utvikle seg til mareritt.

Det vindskeive

Så vis litt større aksept for det vindskeive og det uglamorøse, tenkjer eg. Ikkje at ein ikkje skal gjera sitt beste, men sjølv med solid innsats kan ein likevel bli nummer 31 i sprintprologen eller notere 32.01 i forsøket på å klare NM-kravet på 10 000 m.

Og også for oss som ligg langt unna både OL- og NM-krav, kan forventningane fort bli så høge at vi gløymer å ha det kjekt på vegen. Eg har fleire gonger høyrd spreke mosjonistar seie det omtrent slik: «Forma er for tida for dårleg til å stille i løp. I år handlar det om å byggje seg opp mot neste sesong.»

Sjølv tenkjer eg at forma aldri blir god nok til å stille. Tanngarden blir aldri kvit nok til å sleppast ut i smil. Artiklane blir aldri sjelfulle nok til å bli sette på trykk.

Men eg spring, smiler og skriv likevel. Ikkje berre fordi det gir meg fridom og livsinnhald, men òg fordi eg veit kor mange gonger eg sjølv har hatt glede av det ikkje-perfekte – det vere seg rufsut rock, halvdårlege skispor, skrivebordspoesi eller ein Pellegrino som strålar for sølv.

Umenneskeleg

I tillegg veit eg at jakta etter det perfekte – prestasjonen eller samfunnet – kan vera direkte øydeleggjande. Utopijakt er ikkje berre fåfengd, men òg ekskluderande. Det perfekte samfunnet vil alltid bli eit umenneskeleg samfunn sia ingen av oss er perfekte.

Så lat meg heller leva i den romslege og kvardagslege fellesskapen, der det er lov å feile og lov å gi både seg sjølv og andre nye sjansar. Der ein kan stille til start utan å ha toppforma inne, og syngje høgt sjølv om ein ikkje treff alle tonane.

Ein eg kjenner er veldig glad i å sitere Leonard Cohen-songen «Anthem»:

Ring the bells that still can ring
Forget your perfect offering
There is a crack, a crack in everything
That's how the light gets in

Heller fritt omsett seier eg det slik:

Ring med dei klokkene som enno kan ringe
Gløym det perfekte, lat deg ikkje tvinge
Det finst eit skår i alle sinn
slik at ljoset kan sleppe inn

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg har vært med og arrangere Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.


Kondis trenger din støtte
Takk for at du er medlem og slik bidrar til at Kondis kan fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene falt bort, og vil du gi oss et ekstrabidrag, vil vi være takknemlige for det.

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957

Powered by Labrador CMS