
Heime der ein er
«Never stop exploring» heitte slagordet til North Face som var hovudsponsor for Ultra-trail du Mont Blanc dei første åra eg prøvde meg på løypene der. «Home is where your heart is» var ei songstrofe eg nynna på medan eg sprang.

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 3– 2024
Da eg vaks opp på Ytterøya for eit halvt hundreår sia, vart eg fortald om ein gammal mann i nabobygda Mosvika som visstnok hadde haldi seg i si eiga heimbygd heile livet. Ikkje ein gong ein tur over Skarnsundet til Inderøya skulle han ha spandert på seg.
Slike karar finst knapt nok nokon stad i dag. Vi reiser og opplever. Spring Marathon Majors verda over og ser Big Five Animals i Afrika. Fer på treningsleir til Portugal og klyv opp på den høgste toppen på alle kontinenta – eller fylka i landet.
Enkle middel
Mannen i Mosvika klarte seg med Storknuken (502 moh) og brei Mosvik-dialekt heile livet. Alle forstod han, og kanskje forstod han somme ting som mange av oss er i ferd med å gløyme: At graset ikkje alltid er så mykje grønare på andre sia av fjorden eller kloden. At det er mogleg å leva eit rikt liv med enkle middel.
Filosofen Arne Næss formulerte det slik i ein av tekstane sine:
«Ser man litt nøyere etter, så skjer det jo masse i naturen.På en kvadratmeter setereng, hva som skjer der, det er nok for et langt liv.»
Arne Næss reiste likevel ein heil del medan Mosvik-mannen heldt seg i ro. Han trengte ikkje fara til verken Mexico eller Mongolia for å utforske fjell og flora. Truleg klarte han òg å halde kroppen i god trim innafor dei 206 kvadratkilometrane kommunen baud han på. Slik sett var det trongare for meg som hadde berre 28 kvadratkilometer til disposisjon heime på øya.
Over dei kvite fjella
Så fór eg da òg ut. Undra meg som Bjørnstjerne Bjørnson på kva auga ville sjå over dei kvite fjella som reiste seg i aust om eg tok turen opp på Bølåskammen (209 moh).
For like visst som tilknyting til heim og oppvekststad kan liggje i genane hos somme, kan utferdstrongen vera stor hos andre. Den britiske forfattaren David Goodheart skriv i boka «The Road to Somewhere» om dei to gruppene han kallar «Anywheres» og «Somewheres», dei som kan bu og trivast kor det skal vera, og dei som helst vil ha tilknyting til ein bestemt stad mellom folk dei kjenner.
Mange av oss har nok litt av begge kategoriane i oss. Vi synest det er godt å komma heim – i sommar- og juleferien – men vi reiser gladeleg på maratonhelg i Milano og ultraløp i Hong Kong.
Somme av oss er stadig på veg mot nye mål – gira av tanken på at vi lever berre ein gong, at det gjeld å få med seg mest mogleg medan vi kan. Sju stader å sjå, ti ting å gjera før vi døyr.
Og så ser vi kan hende litt nedlatande på mannen i Mosvika som ikkje ein gong kom seg på handletur til Levanger. For det måtte vel bli eit mindreverdig liv med så lite stimuli.
Mangla minst
Kan hende var det likevel han som opplevde at han mangla minst. Som var der han var og var nøgd med det. Til stades på den plassen i verda foreldra hadde fødd han.
Ikkje noko gali om alle som fartar – eg tenkjer meg sjølv til Chamonix nok ein gong i sommar. Kan hende finn eg nokre nye – og heilt sikkert mange gamle – stiar å utforske. Fjell eg kan sjå opp på, og undrast på om eg på ein god dag kan klare å ta meg over, til den enda brattare nordsida.
Men samstundes har eg for lengst slegi meg til ro med at det er mykje eg verken maktar eller rekk, og i staden for å prøve å gapa over mest mogleg vil eg smaka godt på det eg puttar i munnen.
Viss på at eg har ei rolle å fylle der eg er.