
Med litlebror til storebror
Da eg var liten, var Sverige storebror i det meste. Dei siste fem somrane har eg og litlebror Terje gått mot Sverige, og 17. mai i år kom vi fram.

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 5– 2022.
Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
Landet lenger aust var annleis, og det var forlokkande med Sverige-turar. Vi reiste til Storlien eller Åre for å køyre slalåm. Eg høyrde på svensk gospelmusikk, og bröderna Samuelsons var best. Særleg Jard. Sjølv om Magne Myrmo var favoritten i langrennsløypa, likte eg seige karar som Thomas Magnusson og Thomas Wassberg. Da eg i gymnastida vart språkleg medveten, fann eg døme på at svensk og nynorsk likna temmeleg mykje i både ordval og grammatikk. Jag har varit – eg har vori.
Den første representasjonsoppgåva mi som idrettsutøvar kom da eg som 19-åring vart teken ut til å springe 5000 m på Nord-Trøndelag sitt lag i Mittnordiska Ungdomsmatchen. Konkurransen gjekk på ein 380-meters gummiasfaltbane i Hede i Sverige, og sjølv om eg skreiv i treningsdagboka at 16.27,6 og tredjeplass var for dårleg, så var det ei fin oppleving. Helga vart avslutta med at eg på kort varsel måtte steppe inn på 2000 m hinder etter avbod frå ein av profilane på laget, Terje Langli, som seinare tok både VM-gull og OL-bronse i langrenn.
Sia vart det mange reiser til og løp på svensk grunn. Göteborgsvarvet, Karlstad Stadslopp, Kraftprovet, Världsungdomsspelen, St Olavsloppet med og utan ultra på kjøpet. Til og med to Vasalopp.
Gebursdagsgåve
Men eg har aldri gått til Sverige – før no i mai. Det vil seie turen starta allereie i 1993 da vi var tre brør og tre til som skulle springe frå Kristiansand til Oslo. Eg måtte gi meg med vondt kne ei mil før Drammen. Litlebror Terje sitt kne sa stopp enda litt tidlegare, nokre kilometer nord for Tønsberg.
Da Terje fylte 50 seinhaustes i 2016, var gåva frå resten av brørne at han skulle få gjera seg ferdig med den biten han ikkje fekk til i 1993. Men med svekka fråspark hos dei fleste involverte vart det gåing i staden for springing og kyststi i staden for asfalttråving da gåva vart verkeleggjort sommaren 2018.
Den første firedagarsturen førte oss nordover Vestfold-kysten og over Hurum-landet til Slemmestad. Seinare på sommaren heldt Terje og eg fram med ein todagars vidare til Oslo.
Slik sett var målet om å få gjort kål på den biten som ikkje vart eten i 1993, oppnådd og vel så det. Men undervegs på kyststivandringa frå Tønsberg til hovudstaden, hadde vi sett og opplevd så mykje fint, at vi valde å gå vidare. Terje, som for over 20 år sia hadde ei fast spalte i Kondis om Arnstein som gjekk til Sverige, gjekk no sjølv mot Sverige med meg som assisterande kartlesar.
Fuglesong og bekkeklunk
Vi stressa aldri farten (bortsett frå den gongen vi måtte rekke siste bussen frå Rygge), og dersom kyststiruta gjekk rundt ein odde eller innom ein kil, vart vi ikkje freista til å gå eller symje tvers over. Sjølv om vi ofte såg over vika eller fjorden på stader vi alt hadde vori, eller fram mot det som venta, så var målet å vera til stades der vi var. Sjå nye bukter og svaberg, passere gardsbruk og hytter, gå langs spirande åkrar og inn i svalande skogar, høyre på fuglesong og bekkeklunk og la dei store eiketrea få fortelje si historie. Frå den plassen dei har stått lenge før ordet kyststi fanst.
Vanlegvis gjekk vi dryge 30 kilometer om dagen, men stundom meir eller mindre for å finne ein eigna overnattingsplass. Vi var ikkje så barske at vi bar med oss telt eller sov ute.
På fire turar på i snitt fire dagar over fire år hadde vi gått heile strekninga frå Oslo til Sverige, inkludert omkrokar rundt Jeløya, Kråkerøy og tur-retur Fredrikstad – Sarpsborg langs Glomma.
17. mai i vår kunne Terje og eg traske over den gamle Svinesundsbrua og feire med is og brus på svensk side av Iddefjorden. Så gjekk vi tilbake over brua og vidare til Halden, byen som blir omtala i fjerde vers av «Ja, vi elsker», der vi avslutta turen ved foten av Fredriksten festning.
Gir eit løft
Om vi òg tek med tidlegare springturar, gåturar (og rulleskiturar for Terje sin del), så har vi gått eller sprungi det landet vi elskar, frå Stavanger til svenskegrensa via Kristiansand og Oslo.
Vonleg stansar det ikkje der. For det gir livet eit løft og ha slike prosjekt å glede seg til og sjå tilbake på. Somme spring og syklar landet på langs eller tvers. Andre vandrar frå hytte til hytte i fjellet eller susar over Hardangervidda på ski i eitt strekk. Jesper Olsen sprang kloden rundt. To gongar.
Terje og eg har gått kyststi til Sverige. Følgd ei bestemt rute som flinke folk har brukt tid på å sy saman og merke. Og når merkinga ute i naturen har vori mangelfull, har den blå lina vori å finne på Motorolaen til kyststivandrar nummer ein.
Både Arnstein og Terje gjekk til Sverige. Eg kjenner meg heldig som fekk vera med på ferda.