Ut på tur: Somme dagar skin sola. Andre dagar må ein rekne med å bli blaut på beina. (Foto: Terje Gilberg)
Ut på tur: Somme dagar skin sola. Andre dagar må ein rekne med å bli blaut på beina. (Foto: Terje Gilberg)

Vêret eller ikkje vêret

Du har sikkert både lesi og høyrd det: «Det finst ikkje dårleg vêr, berre skrale klede.» Eller: «Når vandringa blir tøff, held tøffingane fram.» Men jammen er det mange – meg sjølv inkludert – som stadig snik seg unna regnet, varmen, kuldegradene og motvinden.

Publisert Sist oppdatert
Vignett-kondiskommentaren.jpg

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 7 – 2023


Eg ser det på fellestreningane eg har ansvar for måndagar og torsdagar klokka 17: Regnar det, kan eg rekne med klart færre frammøtte enn normalen for årstida. Ja, det held med ei dårleg vêrmelding som viser seg ikkje å slå til, før oppmøtet er omtrent halvert.

Og om eg sjølv ikkje hadde hatt ansvaret for treninga, kunne eg fort vori ein av dei som sneik seg unna. På dagar utan fellestreningar ser eg vêrmeldinga an og nyttar høvet mellom regnbyene om eg har sjanse til det. Eller eg ventar til skydekket lettar for å få litt sol på kroppen medan eg spring.

Blæs bort

Sjølv om påmeldingsprisen til løp gjerne går opp siste veka før løpet, er det mange som ventar med å melde seg på til dei har sjekka vêrmeldinga. Det er jo ikkje like kjekt å springe om det pøsar ned, eller vinden slær imot på den opne langsida. Få blæs i at sjansen til pers kan blåse bort.

Eg refererte i eit Kondis-nummer for nokre år sia til ein amerikansk studie som viste at det vart sprungi klart meir om sommaren enn om vinteren. Kraup temperaturen ned mot null og under det, gjekk aktiviteten kraftig ned. Det same skjedde på dei ordentleg varme dagane.

Det siste – varme – er bortimot det verste om ein skal springe fort. Over 2000 norske reiste i september til København for å få til gode tider i den flate halvmaratonløypa der same helga som Oslo Maraton gjekk her heim. Men ti grader ekstra i Danmark gjorde at tidstapet på grunn av varmen vart omtrent like stort som påslaget på grunn av dei seige stigningane i den norske hovudstaden.

Og det er kanskje slik vi litt for ofte tenkjer. At bakkane er for tøffe, at varmen er for uuthaldeleg, at det regnar så mykje, at det snart er så kaldt at eg heller tek 5 km på mølla enn 15 ute.

Open himmel

For min eigen del er det berre å vedgå at eg var tøffare før. Da eg gjekk på Valdres folkehøgskule som tenåring, tok eg mange skiturar i 20-30 kuldegrader. No prøver eg å unngå alt kaldare enn 10-15 minus.

Eg overnatta gjerne i snøhole om vinteren og under open himmel om sommaren. No er det hytte eller hotell om turen er så lang at den krev overnatting. Sjølv det sjølvsydde teltet har legi ubrukt i boden i tre tiår.

Kan hende er det på tide å barske seg opp. Springe ute sjølv om det regnar. Budsjettere med at det kan bli kaldt – eller varmt – men ta det som det kjem når det kjem.

Velvære

Eg trur det gjeld å halde registeret oppe og ikkje bli mellom dei som synest det er for kaldt når det er under 14 grader og for varmt viss det bikkar over 18.

Visst har vêret mykje å seie for velværet. Sol på kroppen gjer godt. Ei regnskur får oss til å kjenne at vi lever. Motvind og motbakkar høyrer med.

Mange stader i fedrelandet har den første frostnatta allereie kommi. Viss ikkje, er det berre å springe ho i møte og ha skiene klare til snøen fell. Og allier deg gjerne med nokon andre som er så galne at dei fer ut uansett vêr.

Løynde rom
Eg kjenner meg så glad og fri
kan hende nett fordi
eit vindpust fauk forbi
og rørte mildt ved nasa mi
og minte om at kvar ei tid
har løynde rom med kjærleik i

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg har vært med og arrangere Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.
Powered by Labrador CMS