Vignett-kondiskommentaren.jpg

Artikkelen har òg stått på trykk i Kondis nr. 2 - 2021.

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.


Sjølvsagt skal vi ikkje køyre i fylla eller gjera andre dumme ting som set oss sjølv og andre i fare. Britane seier det slik: «You should never underestimate the importance of staying alive.» (Du skal aldri undervurdere viktigheita av å halde deg i live.)

Men for kvar råkøyrande Petter Northug så finst det nok ti som står i fare for å hamne i den andre grøfta. Den som stengjer oss inne og tek frå oss store mengder meistring og livsglede.

Sjølv er eg ingen risikosøkar, men i går let eg iallfall skøyteskiene skli rundt på både Sognsvann og Åklungen. Etter over ein månad med kaldvêr var det neppe noka råk å køyre ut i så lenge eg heldt meg unna osane. Men ei kjensle av både spenning og fridom gav det likevel.

I dag skal eg gå på ski med ein kamerat i Linderudkollen. Stort sett er løypa nokså flat, men ein av bakkane endar med ein småvanskeleg venstresving, og eg har av einkvan grunn alltid vori betre til å svinge til høgre. Det brukar å gå bra, men sitringa ligg i at eg ikkje heilt veit utfallet før eg sklir eller ikkje sklir vidare på flata nedanfor.  

Meir ustø

Før eg for ut på ski i går, snakka eg med ein venn av meg i 70-åra. Han fortalde at han kjente seg meir ustø på ski no enn det han brukte å gjera. Men han ville ut likevel, og han hadde kjøpt seg ski med litt meir innsving, noko som gjorde det lettare å styre i svingane. Dei er det som kjent mange av i Nordmarka, og ofte i kombinasjon med bratte bakkar. 

Og vi var samde om at den einaste måten å ta vare på det vi har att av balanse, er å bruke han. Utsetje oss for utfordringar som ligg i det ytre sjiktet av det vi klarer.

Frå barnehage til gammalheim

Etter at eg var ferdig som hovudfagsstudent på Norges idrettshøgskole i 1995, jobba eg eit par år som vitskapleg assistent for professor og rektor ved Idrettshøgskolen, Gunnar Breivik. Ei av oppgåvene mine var å jobbe med manusa hans som skulle bli til fagartiklar eller bøker.

Eit hovudtema i arbeidet til Breivik var at samfunnet vårt i stadig større grad prøver å bli kvitt det meste av risiko. Vi lever meir og meir polstra og beskytta liv, frå barnehage til gammalheim. Det er heile tida nokon som skal passe på oss og verne oss. Dermed blir vi mindre sjølvstendige og mindre herda til å tole den motgangen vi før eller seinare uansett vil møte.  

Ei Breivik-bok som var innom PC-en min, heitte «Sug i magen og livskvalitet». Der skriv Breivik allereie i føreordet:

«Det moderne samfunnet er passiviserende og i enda større grad kontrollerende, overfokusert på sikkerhet og trygghet. Det er ikke lett å skape seg frirom for barn og ungdom som søker spenning og utfordring.»

Utan skrammer

Kanskje er det ikkje så lett å finne frirom for oss som har levd ei stund heller. Vi blir frå mange hald fora med at eit liv utan risiko og farar er det gode liv. At det gjeld å eliminere alt som gjer oss utrygge, enten det er sjukdom, skadar eller tap av det vi har samla i dei stadig veksande ladane våre. I slike tider er det ikkje rart at både forsikrings- og vaksinebransjen har gode kår.

Men eit liv utan skrammer, sjukdom eller fare for å gå seg vill er ein illusjon, sjølv med hauet pakka inn i hjelm og doble munnbind. Viruset – eller angsten for det – snik seg uansett inn.

I tillegg blir det overforsiktige livet fort både flatt og kjedeleg. Jo meir vi oppheld oss i termostatregulert stovevarme, jo meir må tomrommet fyllast med andre former for spenning. Somme klarer seg med spel og fiksjon på skjermen, medan andre tyr til rusmiddel eller angstdempande piller.

I førre utgåva av Kondis kunne vi lesa om ei skøytegruppe i Bergen som går på islagte vatn før kommunen har godkjent at vatnet er trygt. Dei stolar på sin eigen naturkjennskap og at dei er godt nok budde med piggar og tørre klede om noko skulle hende. I staden for å overlate til byråkratane å bestemme når det er trygt, har dei teki ansvaret sjølv. Og dermed kan dei få mange fleire fine opplevingar enn om dei skulle vente på klarsignal frå kommunen.

Skitur i skyminga

Når folk blir bedne om å fortelje om sine største opplevingar i livet, er det ifølgje professor Breivik svært mange som fortel om situasjonar som var prega av «skrekkblanda fryd». Dei gjorde noko dei eigentleg ikkje turte, enten det var å hoppe ut frå låvebrua og lande i laussnøen under, eller å be med seg drøymedama på skitur i skyminga.

Sluttar vi å risikere – eller overlet risikovurderinga til andre – risikerer vi å miste mykje av det som gir livet verdi. 

Sjølv er eg ein som finn mykje spenning og glede i å gå på ski, og kvar vinter har eg som mål at eg skal ha minst eit skikkeleg fall. Elles har eg seifa alt for mykje i form av både løypeval og ploging.

Heilt sia eg ramla ned i kålrotkjellaren og brakk foten som treåring, har det vorti mange fall. Og vonleg vil det komma fleire.

I skjeringspunktet mellom der eg ikkje heilt veit om eg står eller dett, kjenner eg at eg verkeleg lever. 
 

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.


Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957