Starten frå stadion i Ølen med 24 lag i full fart. (Foto: Medvind24)
Starten frå stadion i Ølen med 24 lag i full fart. (Foto: Medvind24)

24 timannslag fullførte "OVER FIKSE" på 1. mai

Løypa er 12,1 km med start frå Ølen stadion i Rogaland til Etne stadion i Hordaland.Løypa går på bilfri veg langs den gamle postvegen over Fikse, som ligg midtvegs. Der går også fylkesgrensa mellom Rogaland og Hordaland.

Publisert Sist oppdatert

Det var prøveår i 2017 med 9 stafettlag med 10 løpere per lag. 1. mai 2018 var det 24 lag som fullførte av 25 påmelde, eitt lag møtte ikkje til start.

Her var det ganske profesjonalisert. Startnummerutdeling med 10 nr. merka med lagnummer og etappenummer. Kvar etappe var nøye omtala på kart på internett,og låg også i posene med startnummer. Og like viktig - staden for veksling var tydeleg merka.

Store delar av løypa går på grusveg. Alle dei fire etappane i Ølen, og langetappen på på 1. 7 km i Etne. Så er det mest asfalt dei siste fem.

10/11 varmegradar og lite vind, ga veldig gode løpeforhold.

Nytt i 2018: Målgang inne i Skakkesenteret i Etne. Her var det premieutdeling. God speaker, men elendig lyd på høgtalaranlegget. Kaféen oppe i senteret var open, så her var det råd for ein drøs og ein matbit.

Det er sjølvsagt ikkje av så stor interesse reint idrettsleg å snakka om vinnarlag som i ein ordinær friidrettsstafett, for her kunne bedrifter av ulike slag hanka inn gode løparar som i utgangspunktet ikkje hadde så mykje med bedriften å gjera. Kravet var minimum tre løparar som kunne gjennomføra dei ti etappane. For Kondis så det ut til at dei aller fleste laga stilte med fullt lag, ti løparar.

Men felles for alle såg ut til å vera idrettsglede. Og mange tidlegare mosjonsløparar vart "pussa støvet av", og me høyrde kommentarar om a no skal me byrja å trena att. Då er ein vesentleg faktor oppnådd, sett frå Kondis sin synstad.

Men å samla heile 24 lag til ein stafett på 10 etappar over 12.3 km med tunge oppoverbakkar, og bratte nedoverbakkar, er godt gjort. Den nylaga stien på ein gamal restaurert postveg, innbyr til tur og trening. I tillegg til stafetten var det og rundt 50 som stilte i turmarsjen som starta før stafetten.

To lag stilte to stafettlag: Omega som er ein storbedrift i Ølnsvåg, og IF Klypetussen.

Arrangørar er: Etne Turlag, Vindafjord Turlag, Etne Røde Kors og Medvind24.

Veksling_en_har_tatt_ut_alt_640_1P1340640.jpg


Tøff løype: Fikse Næringsforening gjorde ein god stafett. Her frå 4. veksling. Det er solid stigning opp til toppen av Fikse, og me ser i alle høve ein løper har tatt ut alt.
(Foto: Medvind24)


Video fra årets stafett

Resultater fra stafetten Over Fikse - 12,3 km
Fra Ølen til Etne 1. mai 2018

Grønt_lag_veksler_640_1P1340650.jpg
Lagtid
1. Berge Sag 43.54
2. Omega 344.45
3. Team Roatoppen 44.50
4. Småfolk Barnehage46.31
5. Rødal IL47.28
6. Omega47.30
7. Kathrines Fitness Farm 48.15
8. Autostore49.02
9. Hestanipen Opp49.03
10. Sørstranda Grendelag49.34
11. Fikse Næringsutvikling50.23
12. Medvind24 Næringshage51.40
13. Fus barnehage 51.42
14. Lundeneset VGS53.20
15. IF Klypetussen I54.04
16. Vindafjord kommune54.54
17. Helgevold Elektro55.17
18. Enge skule55.36
19. Sandeid Fengsel56.21
20. Ølen Betong 57.27
21. Ølen IL Veteran59.44
22. Dei kulaste jentene i Vindafjord60.04
23. Etne senter62.01
24. IF Klypetussen II66.08


Like drakter lettar vekslingane der det er tett i vekslingsfeltet, men her er det lett uansett.

Lag10_8-9_veksling_640_P1340716.jpg


Dette er ingen "tulle-stafett". Me ser her eit konsentrert lag frå Småfolk Barnehage ,med tanke på å gjera sitt aller beste. Og det vart ein flott 4. plass på desse sprekingane.

Lag_nr12_alle10_640_1P1340798.jpg


Berge Sag har spreke medarbeidarar. Nr 12,3 ikkje ukjende Matias Berge, arrangør av Roatoppen Opp. Dei vannn heile stafetten, og forbetra løyperekorden frå i fjor. Avslutninga i fjor og i år var litt endra, så direkte samanlikning er vanskeleg.

Unge_jenter_hele_laget_6401P1340802.jpg


"Dei kulaste jentene i Vindafjord, Ølen IL 12 år." Eit lag med berre pur unge jenter i 12 årsklassen lovar godt for framtida til stafetten, og andre løp i distriktet.

Over Fikse Logo



Enkel merkevarebyggande logo for tilskipinga.

Powered by Labrador CMS