Biletet viser området over Vardehaugane (Ura og Sauekrånakkane) opp mot toppen av Storehesten og pr. idag fins det ikkje snø i dette området. (Arrangørfoto)
Biletet viser området over Vardehaugane (Ura og Sauekrånakkane) opp mot toppen av Storehesten og pr. idag fins det ikkje snø i dette området. (Arrangørfoto)

50 000 kroner for løyperekord i Storehesten Opp 25. august

Storehesten (1209 moh) er det mest markante og majestetiske fjellet i Sunnfjord og ligg mellom Førdefjorden og Dalsfjorden. 25. august arrangerar Gaular IL motbakkeløpet til toppen av Storehesten for 13. gong.

Publisert Sist oppdatert

Bildeler Førde og Rekneskap Fjordane står bak ein Jackpot verd kr 50 000 for ny løyperekord i dame eller herreklassen ved Storehesten Opp 25. august.

- Om begge rekordane ryk blir det 50 000 på kvar, - det vil si at vi har 100 000 kroner i potten, seier Helge Kårstad i Storehesten Opp og fortsetter:

- Med dei tilhøve som er i år burde Heidi Weng eller tilsvarande lett sette rekord i dameklassen. Og utbetalinga er jo ikkje så liten, inkludert vinnarpremie og løyperekord blir det totalt 55 000 kroner. Vi trur vel også at løyperekorden til John Sompol frå Kenya (som no er død) bør vere muleg å slå av ein nordmann.

- Dette altså fordi løpet er flytta til haust og då slepp ein nokre hundre meter snø i bratt terreng, og det går nok betydeleg fortare. Løpet vil heretter gå siste helga i august.

Løyperekorder:
Heidi Weng 1:11:53 (2014)
John M. Sompol 1:03:15 (2011)

Andre Haugsbø_Knut_Kongsvik (1280x720).jpg



Andre Haugsbø (Rekneskap Fjordane) til venstre på biletet og Knut Kongsvik (Bildeler Førde) er sjølve løparar og meiner at løypetilhøva for å setje rekord aldri har vore betre.

Løpets heimeside
Påmelding (EQ timing)

Kondis.no 2017: Spennande duellar i nedkorta løype i Storehesten Opp

Foto: Arrangøren


Arrangørfoto

Powered by Labrador CMS