
Spennande duellar i nedkorta løype i Storehesten Opp
På grunn av tøffe vertilhøve, med berre eit par varmegrader, vind og glatte parti i dei øvre delane av løypa, avgjorde arrangøren å flytte målgang frå Storehesten på 1209 moh til Vardehaugane på ca 900 moh.
For dei som sprang den lengste løypa vart traseen ca 9 km og 900 hm. På Vardehaugane var det drikkestasjon, frukt, bål og god stemning. Fleire hadde samla seg for å heie løparane mot mål. Løparane kunne skimtast heile den siste kilometeren og heldigvis heldt regnbygene seg unna store delar av perioden konkurranseløpet pågjekk.
Både i konkurranse kort og hovudløpet frå Sveen vart det spennande duellar dei siste hundre meterane. Ole Martin Erdal og Anders Kjærevik hadde ein rivande spurtduell, der skiskyttaren Erdal frå Førde IL viste seg å vere sterkast. André Haugsbø frå arrangørklubben Gaular IL vart nr. 3 etter å ha hengt på halen dei siste par kilometerane. I kvinneklassa var May Britt Buer suveren, og vart nr sju totalt i løpet. Merete Helgheim nr 2 og Elisabeth Hildenes nr 3.
I konkurranse kort vann Øystein Støfring frå Jølster IL og Kathrine Rørtveit frå Gular IL. Totalt var det 78 deltakarar i konkurranseklassene og kring 200 i mosjonsklassa.

Ole Martin Erdal og Anders Kjærevik byrjar innspurten.

May Britt Buer var suveren i kvinneklassa.

Spurtduell mellom Oscar Guddal Breivik (t.v.) og Øystein Støfring.