Eit skikkeleg opp- og nedløp
Besseggenløpet gjenoppstår
Besseggenløpet vart arrangert tre gonger på 1960-talet - med sterke prestasjonar og stor virak. No blir det ny sjanse i den bratte løypa 18. juni.
Den i underkant av 14 km lange løypa startar på Memurubu på knappe 1000 m, går opp til Veslefjell på 1743 m og så ned til mål på Gjendesheim som ligg like høgt som starten.
Arrangøren har utlova 15.000 kroner i premie til den som slår løyperekorden til Reidar Andreassen. Den er på 1.16.48, og den blir alt anna enn lett å sjå. Ei rad sterke løparar, o-løparar og skiløparar var med på 60-talet, og det er nok stor fare for at tidene til dei beste frå den gongen held mål og vel så det framleis.
Rekorden i dameklassen på 1.39.48 er nok noko lettare, men ho skal føte seg både fort og godt ho som har tenkt å bli 15.000 kroner rikare.
Alt av info på heimesida til Besseggenløpet
Hefte med alt av info om Besseggenløpet i 1962
Besseggenløpet er både bratt og ulendt. I motsetnad til dei fleste fjelløpa i Noreg, går det både oppover og nedover.