Mosjonshelg frå 23.- 25.mai

ingressbilde_300x253

Den 2. Moltustranda Mosjonsfestival

Mosjonsfestivalen i Herøy på Sunnmøre vart starta i 2013, og det med stor suksess. Nå håper bygdefolket på like god oppslutning.

Publisert Sist oppdatert

Bygda er omkransa av flotte fjell som stuper i havet, og mange kjem tilreisande heile året for å gå i desse.

Tettstaden Multustranda i Herøy kommune har 550 innbyggarar. Dugnadsvilja er stor, og over 100 bygdafolk stiller som frivillige for festivalen. I tillegg til mosjon, er det full rulle heile helga med standup-show, dans, leikeland og masse underhaldning.

Moltustranda Mosjonsfestival består av tre mosjonsløp. Moltu-mila på fredag. Motbakkeløpet på laurdag, og sykkelløpet Tour de Moltu på søndag.

Motbakkeløpet startar i sentrum av Moltustranda og går til fjellet Hidsegga, med spektakulær utsikt mot Stadtlandet, Svinøy Fyr og Skorpa. Løpet er dryge 6 kilometer langt, og har 550 høgdemeter. Løpet startar på asfalt, går så over på grus, medan siste halvdelen går i utmark.

Løyperekorden er på tida 43.23, og eigast av fjorårsvinnar Ole Magnus Melchior.

Powered by Labrador CMS