Arkivbiletet frå nokre år tilbake
Arkivbiletet frå nokre år tilbake

Erik Rullestad framleis i god form - vann Rullestadvatnet Rundt

Det vart heimeseier i Rullestadvatnet Rundt. Erik Rullestad var blant dei betre i landet, og deltok NM i friidrett i 2014 som 20-åring. Sidan har det vore stille kring han, men sundag vann han i heimbygda, som ligg mellom Etne og Odda.

Publisert Sist oppdatert

Yr og regn i fleire dagar gjorde terrengdelen på sørsida av Rullestadvatnet særs glatt. Ja, så glatt at stemneleiar Nils Rullestad råda alle løparane rett før start om å vera forsiktig. Det skal og seiast at arrangørane i Fjæra og Rullestad IL og grendelaget har lagt ned eit stort arbeid med trapper, bruer, tau til å halda seg i og sikringsgjerder. "Rullestadvatnet Rundt" vart arrangert for 8. gong.


"Rullestadvatnet Rundt" kårer den ultimate løparen"
Denne utsegna frå ein av arrangørane har samanheng med dei mange ulike utfordringane løparane møter i denne krevande traséen: 1 km asfalt, grusveg med kort kraftig motbakke, over berg og hammer nedatt til vatnet, skogssti, klatring opp mot trapper og bruer over fossar, opp og ned langs heile sørsida av vatnet, før avsluttninga med 7 - 800 m grusveg.

Framleis god løpar
Erik Rullestad trenar langt mindre enn for nokre år sidan då han var med i hoved-NM på 10000 m. Men tida sundag 8. juli 2017 under vanskelege forhold, viser at han framleis er i god form. Samanliknar ein tida med hans eigen løyperekord frå den gong han trente mykje hardare, så ser ein at det ikkje er så langt unna.

Bård Medhus, Røldal IL med kjempeløp blant dei yngste!
24.14 på Bård Medhus er imponerande av unguten. Tek han løyperekorden om eit par år...?

"Fyrste gong eg vinn eit løp"
Ja, det uttalte vinnaren av dameklassen før premieutdelinga. For det fyrste er det viktig å stilla opp for å ha høve til å vinna, og når ein gjer eit godt løp og kjem fyrst i mål, så er det kjekt å vinna.

Tre raskaste damer:

1Gunvor Medhus, Røldal IL 35.05
2Kim K. Runnane, IL Korlevoll - Odda 36.04
3Solveig Strålberg 44.07

18 turgåarar og 22 løparar
40 deltakarar er forsåvidt OK i to så små grender (Fjæra og Rullestad). Men rekorden er godt over hundre. Veret må ta noko av "skulda", men marknadsføring på ulike vis og i god tid, er aldri dumt.

Alle foto: Torleif Fjæra

Pallen for menn

1Erik Rullestad, Fjæra og Rullestad IL22.23
2Johan K. Runnane, IL Korlevoll - Odda23.51
3Kristian M. Brekke, Lillomarka IL25.24



Alle resultater

Herrer:
PlassNavnTid
1Erik Rullestad, Fjæra og Rullestad IL22.23
2Johan K. Runnane, IL Korlevoll - Odda23.51
3Kristian M. Brekke, Lillomarka IL25.24
4Kjetil Sævareid, Etne IL 25.54
5Sigurd Aga Hagen, IL Korlevoll - Odda27.13
6Tøres Rullestad, Fjæra og Rulllestad IL28.36
7Robert Melkeraaen, Fjæra og Rullestad IL31.30
8Harald Måge, IF Klypetussen37.09
9Sindre Mæland39.49
10Roger Brekke41.48
11Lars Øyre, Fjæra og Rullestad IL43.21
12Gisle Sellevold, IF Klypetussen49.54
Damer:
PlassNavnTid
1Gunvor Medhus, Røldal IL 35.05
2Kim K. Runnane, IL Korlevoll - Odda 36.04
3Solveig Strålberg 44.07
4Laila Sørhus 45.52
5Marthe M. Mæland 1.30.00
6Sølvi Markhus1.30.00
Barn
PlassNavnTid
1Bård Medhus, Røldal IL 24.14
2Hannes M. Lundal, Fjæra og Rullestad IL34.26
3Oda Medhus, Røldal IL 41.25
3Brigitte K. Runnane, IL Korlevoll Odda 41.25

Pallen for damer:

1Gunvor Medhus, Røldal IL 35.05
2Kim K. Runnane, IL Korlevoll - Odda 36.04
3Solveig Strålberg 44.07


Klassen for barn

Barn_premier_2017.jpg


Bård Medhus høgast på pallen flankert av syster Oda til venstre og Brigitte K. Runnane heilt til venstre. Til høgre Hannes Melkeraaen på heimebane.

Powered by Labrador CMS