Gloppen Halvmaraton er klar for gode tider
Gloppen Halvmaraton er klar for gode tider
7. oktober er det klart for Gloppen Halvmaraton på Sandane i Nordfjord. Det er fjerde året løpet vert arrangert, og i fjor var det om lag 35 deltakarar på startstreken. Fjellhug/Vereide Il er arrangør.
Løypa går frå Idrettsplassen i Sandane sentrum og langs RV615 forbi Rygg. Etter godt og vel 10,5 km vender ein tilbake, og går i mål ved Idrettsplassen. Sidan løypa går langs fjorden, er det ein flat trasè, der høgste punktet ligg ca 15 moh.
I fjor vart det notert svært mange personlege rekordar, og årsbeste-tider, og lovorda om ei rask løype var mange. Løypa vart kontrollmålt og sertifisert i 2016.
Premieringa er lokale produkt frå Gloppen, og overnatting for to m/ trerettars middag på det flotte Gloppen Hotell som ein av premiane.
Overnatting kan tingast på Gloppen hotell
Her er sett vi av ein del rom fram til ei veke før arrangementsdato. Gloppen Camping er eit anna alternativ for overnatting i nærleiken av løypa.
Les mer på Fhjellhug Vereide sin hjemmeside.
HER kan du melde deg på.