Hanne Mjøen Maridal har opna sesongen med å sette pers på både 3000 m og 10 000 m. Her ser vi henne i aksjon på Bislett stadion sist helg. (Foto: Samuel Hafsahl)
Hanne Mjøen Maridal har opna sesongen med å sette pers på både 3000 m og 10 000 m. Her ser vi henne i aksjon på Bislett stadion sist helg. (Foto: Samuel Hafsahl)

Hanne Mjøen Maridal – best av resten på Bislett

Det var stort sett to løparar det vart snakka om både før, under og etter 10 000 meteren på Bislett 8. mai. Men i feltet bak «dei to store» var det fleire som sprang fort. Vi har slått av ein prat med Hanne Mjøen Maridal som vann kampen om tredjeplassen.

Publisert Sist oppdatert

Hanne var ikkje berre best av resten. Med 33.37,38 forbetra ho òg persen sin med eit par sekund, noko ho var godt nøgd med.

Hanne var ikkje berre best av resten. Med 33.37,38 forbetra ho òg persen sin med eit par sekund, noko ho var godt nøgd med.

– Vanlegvis bruker eg ikkje å komma i ordentleg god form før ut på hausten, så slik sett får eg ta det som eit godt teikn at eg persar allereie no om våren, fortel ho til Kondis da vi slår av ein prat to dagar etter løpet på Bislett.

– Så med den vanlege formstigninga bør eg ha sjanse til å klare EM-kravet på 32.59 i løpet av sesongen.

I skuggen

På spørsmål om korleis det var å springe i skuggen av Karoline Bjerkeli Grøvdal og Therese Johaug, svarar ho at ho forstår godt at dei får storparten av merksemda, men ho synest likevel at fokuset blir vel einsidig.

– Eg reagerer litt på korleis media framstiller det, og at NRK ikkje brydde seg om kva som skjedde lenger bak i feltet. I eit løp så handlar ikkje alt om første- og andreplassen – det er òg nokon som kjempar om tredjeplassen, seier ho og legg til:

– Og dette seier eg ikkje fordi det var eg sjølv som kom på tredjeplassen denne gongen. Eg ville sagt akkurat det same om det var nokon andre. Ein må få med – og gi litt merksemd – til alle, elles så skremmer ein dei som vil opp og fram, seier den engasjerte 24-åringen som sjølv har sett seg høge mål. Sjølv om det no var 2-3 minutt fram til dei to i tet, synes ikkje Hanne at luka fram til Karoline og Therese er urovekkande stor.

– Nei, eg synest ikkje det er noko uoverkommeleg gap. Ikkje med tanke på den framgangen eg har hatt dei seinare åra. Eg er mykje yngre enn dei to, og eg jobbar for fullt ved sida av treninga. Så eg trur eg har mykje å gå på og at eg kan springe like fort eller fortare enn det Grøvdal no gjorde, når eg er like gammal som henne, seier Maridal.

I tillegg til at dei begge reint namnemessig kunne ha spela i TV-serien «Søstrene Dal og jakten på spikskorne» har dei òg det til felles at dei begge vaks opp i Møre og Romsdal. Grøvdal i Isfjorden og Maridal på Halsa, som no er vorti innlemma i Trøndelag fylke. Hanne har uansett gjort ordentleg trønder av seg og er busett i Trondheim der ho spring for Strindheim.

Vienna-Soeyland-Dahle-Kristine-Eikrem-Engeseth-Hanne-Mjoen-Maridal-Runa-Falch-foto-Samuel-Hafsahl.jpg

Feltet:Det var mange sterke jenter med i kampen om tredjeplassen på Bislett. Her leiar Vienna Søyland Dahle an framføre Kristine Eikrem Engeset, Hanne Mjøen Maridal og Runa Skrove Falch. (Foto: Samuel Hafsahl)

Tenkjer langsiktig

Sia 2015 har Hanne hatt Ingrid Kristiansen som trenar, og samarbeidet har resultert i ein jamn og fin framgang år for år.

– Ingrid og eg har heile tida tenkt langsiktig. Heilt i starten sa Ingrid at ho kunne forsert det heile og prøvd å få meg god veldig fort, men vi valde heller å byggje opp forma gradvis. No kjenner vi kvarandre godt, vi har kontakt dagleg og Ingrid veit kva eg toler.

Og etter mange år med gradvis auking i treningsmengda er Hanne vorti ei av dei som spring heller mykje.

– Vanlegvis ligg eg på mellom 150 og 170 km i veka. For å tole så mykje må eg vera nøye med intensitetsstyringa. Eg spring roleg på dei rolege turane, og eg passar på å springe ein del på mjukt underlag. Det hender òg at eg legg inn ei økt på ski eller sykkel, men det er berre unntaksvis.

– Trenar du åleine eller saman med andre?

– Mange av dei roleg turane spring eg saman med nokre av jentene i Strindheim, medan eg på kvalitetsøktene har selskap av nokre av gutane i Strindheim. Der er det ein liten gjeng som er på ca. mitt nivå og som gir meg god pes.

I tillegg til å trene mykje er Hanne òg veldig glad i å konkurrere.

– Eg tek gjerne imot eit startnummer når eg får sjansen, og vanlegvis har eg eit gir ekstra på lur når det er konkurranse.

Maratondebut

Dei distansane ho likar best er 5000, 10 000 m og halvmaraton.

– Eg er ein typisk langdistanseløpar og blir betre jo lengre distansen er. Planen var at eg skulle debutere på maraton under Vintermaraton på Jessheim i fjor haust, men det løpet vart dessverre avlyst. No satsar eg på at eg får ein ny sjanse til hausten.

Elles er hovudmåla hennes for sesongen NM på 5000 m, 10 000 m og halvmaraton samt å klare EM-kravet på 10 000 m. Tidlegare har Hanne òg satsa på motbakkeløp og vori med i både EM og VM motbakke, men no er det flate løp ho trenar for.

– Kva er det du likar så godt med å springe?

– Det er denne fridomskjensla. Og så har du heile tida eit mål å jobbe imot. Eg likar at springing er ein ærleg og målberr idrett. For meg er òg det sosiale aspektet viktig – det blir mykje hyggeleg prating på løpeturane.

Kor løpeprosjektet til Hanne Mjøen Maridal til slutt vil ende, veit ikkje ein gong hovudpersonen, berre at ho vil gjera sitt beste.

– På lang sikt har eg ikkje sett meg noko konkret mål utover det å teste ut kor god eg kan bli.

Mykje tyder på at ho er på god veg. Hittil i år har ho allereie persa på både 3000 og 10 000 m. Held ho fram slik i nokre år til, er ho fort ikkje berre «best av resten», men «betre enn resten».

Hann-Mjoen-Maridal-foto-Stian-Schloesser-Moeller.jpg

Hanne Mjøen Maridal

Alder: 24 år
Bustad: Trondheim
Yrke: Jobbar i databransjen
Klubb: Strindheim IL
Trenar: Ingrid Kristiansen
Idrett: Landistansespringing
Persar: 9.28,9 på 3000 m, 16.23,40 på 5000 m, 33.37,38 på 10 000 m, 1.14.25 på halvmaraton
Merittar: 2 sølv NM halvmaraton, 1 bronse NM 10 000 m, 3 gull junior-NM motbakke, 34. plass i VM motbakkeløp


Døme på treningsveke om våren

Måndag
Morgon: Roleg 10 km (fart mellom 5 blank og 4.40)
Kveld: Roleg 10 km + styrketrening

Tysdag
Morgon: 8-10 km roleg
Kveld: Fellestrening med Strindheim: 4 x 2000 m, med 1-2 minutts jogg som pause

Onsdag
Roleg mellomlang tur 75-90 min

Torsdag
Morgon: 5 min oppvarming + 35 min samanhengjande lågterskel (3.40-3.35-fart) + 5 min nedjogg
Kveld: 5 min oppvarming + 35 min samanhengjande lågterskel (3.40-3.35-fart) + 5 min nedjogg

Fredag
Morgon: Roleg 10 km
Kveld: Roleg 10 km + styrketrening

Laurdag
Morgon: 8-10 x 1000 m, pause 45-60 sekund. Eller 20 x 200 m med 100 m jogg som pause.
Kveld: Roleg 8-10 km

Sundag
Roleg 1 t 45 min – 2 t 30 min, gjerne med ein god del av turen på mjukt underlag

_DSC2740


Allsidig: Hanne Mjøen Maridal har vori ein av landets beste motbakkeløparar, og ho spring òg godt i flatare terrengløyper. Her ser vi henne storme inn til fjerdeplass i NM terrengløp lang løype i Skien ifjor haust. (Foto: Samuel Hafsahl)

Kondis trenger din støtte
Takk for at du er medlem og slik bidrar til at Kondis kan fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene falt bort, og vil du gi oss et ekstrabidrag, vil vi være takknemlige for det.

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957
Powered by Labrador CMS