Harald_Kaarboe_2014_foto_Erling_Pande_Braathen_KD-09227 (2)

Harald Kårbø vann den regionale terrengmeisterskapen i divisjon II

Med sigeren i Central Region Championship er Harlad Kårbø og resten av Vikings-laget frå Augustana College klar for NCAA-finalen i terrengløp.

Publisert Sist oppdatert

Harald Kårbø gjorde unna dei 10 terrengkilometrane på 30.37 og var 7 sekund framføre andremann, Eric Scott. Lagkameraten Adam Braun kom på tredjeplass med 31.09. Laginnsatsen til Augutana Vikings var så god at dei tok ein klar siger. Dei hadde heile 7 mann inne mellom dei 14 første.

Kårbø tok teten alt etter dryge 3 km og låg etter det først, heile vegen til mål. Herrefeltet bestod av 148 løparar. Konkuransen gjekk i Wayne i Nebraska 22. november, og finalen går 6. desember i Louisville.

NCAA Division II Cross Country - 22. november 2014
Central Regional Championships,Wayne State College, Wayne, NE
Menn 10 km
1Karbo, Harald Augustana (S.D.) 30:36.70
2Schott, Eric Missouri Southern 30:43.50
3Braun, Adam Augustana (S.D.) 31:08.70
4Horan, Matt Sioux Falls 31:18.70
5Hauge, Nathan Augustana (S.D.) 31:20.50


Alle resultat og reportasje hos Augustana

Powered by Labrador CMS