Gloppen Halvmaraton vert i år arrangert laurdag 2. oktober. (Foto: Svein Hjelmeset)
Gloppen Halvmaraton vert i år arrangert laurdag 2. oktober. (Foto: Svein Hjelmeset)

Klart for årets Gloppen halvmaraton - neste års NM-løype

Gloppen Halvmaraton er tradisjonen tru startklar første helga i oktober - i år laurdag 2. oktober Løpet med start og mål i Sandane sentrum er etter kvart eit innarbeida løp, og først og fremst kjent for at deltakarane får gode løpstider.

Publisert Sist oppdatert

Mange set personlege bestetider, og årsbeste i den godt og vel 10,5 km lange traseen langs Gloppefjorden, som blir sprunge tur/retur. Løypa er kontrollmålt av Kondis/NFIF sin løypekontrollør Ivar Sandø, høgdeskilnaden er på minimale 18 meter, og første helga i oktober plar alltid vere ei godvershelg!

I fjor var det deltakarrekord med 180 løparar, som starta puljevis, etter strengt coronareglement. I år er startreglane litt mindre rigide, kanskje kan det vere håp om full gjenopning av landet når vi rundar månadsskiftet, og at vi dermed får eit samla startfelt.

Fjellhug/Vereide IL ønskjer løparar frå heile landet velkomne! I 2022 skal dei arrangere NM halvmaraton i same løypa, så det kan vere eit godt høve å prøve ut traseen i år!

Påmeldingsfristen er 22. september.

Påmelding her

Meir info om arrangementet

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957
Powered by Labrador CMS