250_IngressMolden_FotoChrPrestegaard

Klart for Molden Opp 18. juni

Det fyrste MOLDEN OPP i 2010 vart ein knallsuksess med heile 750 deltakarar. 118 deltok i konkurranseklassa og 632 i trimklassa.

Publisert Sist oppdatert

I skrivande stund er det påmeldt over 450 deltakarar. Linda Øvregard Røhme seier til Kondis.no at dei tek imot etterpåmeldingar i konkurranseklassa og trimklassa i dag på Sogningen Storsenter i Sogndal frå kl. 14.00–16.30 og ved startnummerutdelinga på Sportsbui på Pyramiden i Gaupne frå kl.17.30–20.00.

På løpsdagen er det ikkje etterpåmelding i konkurranseklassa. Det er kun etterpåmelding trimklassa i sekretariatet ved start på kaia i Marifjøra frå kl. 08.00–10.00 på løpsdagen. Merk at det er fellesstart for alle i konkurranseklassane kl. 11.16. Meir info om løpet finn du på www.moldenopp.no

Sjå også Christian Prestegårds reportasje på Kondis.no frå løpet i fjor Topp debut for Molden Opp

640_JannOlavTjonneland_Toppstemning_Foto_ AnneJennyDvergsdal

Det var Topp stemning i fjor då Jan Olav Tjønneland, Viksdalen IL la inn sluttspurten mot mål på Molden. Foto Anne Jenny Dvergsdal

Powered by Labrador CMS