Langs Åkrafjorden 25. august med store premiar
Langs Åkrafjorden vert arrangert for 16. gong laurdag 25. august i Etne i Sunnhordland, 45 km frå Odda, 85 km frå Haugesund, og ca 360 km frå Oslo langs E-134.I 2018 har arrangøren IF Klypetussen auka den fine premiestigen frå flott til endå flottare. Om alle premiane går ut (inkl. løyperekordpremiar på kr 5000 x 2), er det mellom 40- og 50000,- i potten.Men det flottaste er venteleg den fine traséen lang fjorden, folkelivet og atmosfæren arrangøren satsar på.
11 vakre km på ein bit av gamlevegen mellom Haugesund og Oslo. Dette siste bindeleddet vart starta på i 1937, både frå Fjæra i aust og Tjelmeland i vest. Vegen vart opna 9. april 1942. Arbeidarane opp i 1100 på det meste, var hyra av Statens vegvesen til vanleg løn. Alt arbeid vart gjort manuelt, med unnatak av boremaskin heilt i sluttfasen.
Store premiar i utkanten
I utkanten av kva? Arrangøren IF Klypetussen veit sjølvsagt at det er relativt langt frå Åkrafjorden til dei store sentra. Difor føler klubben at ein vil prøva å gjera turen verdt å ta også frå dei godt befolka områda.
Kr 6000,- trekkast blant alle
Den aller største premien er kr 6000,- sponsa av Marine Harvest, hovudsponsoren. Ein av deltakarane som spring, syklar, eller går er med i denne trekkjinga. Dette gjeld og kortløypa og barneløpet på 750 m, turgåing med eller utan sykkel, og stafett. Der får kvart lag én lapp oppi trekkjebøtta. Det er i tillegg mange andre fine trekkjepremiar som t.d. flott bestikksett sponsa av HardangerBestikk i Kinsarvik.
Men, dei som vil vinna premiar må vera til stades under trekkjinga. Dette for å underbyggja den atmosfæren arrangøren prøver å skapa.
Premiestigen kvinner og menn 2018:(1. premie dobla sidan 2017)
1. premie kr 4000,-
2. premie kr 2000,-
3. premie kr 1000,-
I tillegg kr 5000,- for løyperekord
For kvinner kr 500,- ekstra om rekorden kjem under 40.00 minutt.
Løyperekordar:
Kvinner: MARYNA NOVIK, IF Klypetussen 40.33.
Menn: LABAN SIRO, IF Klypetussen 33.35
"Bergprisen" med Hardangerbestikk
Fyrste kvinne- og mann på toppen av traséen etter 2950 m, får eit flott sett med Hardangerbestikk.
Heile løypa er på asfalt.
Nytt i 2018:
Stafett 8 etappar. 6 x 1 km, 1 x2 km og 1 x 3 km. Alle lag får ein lapp i premietrekkjinga.
Alle gruppar kan melda seg på hos EQ-timing. Alle som melder seg på innan 4. august, er med på trekkjinga av 20 Flaxlodd, til éin heldig vinnar.
Maryna i fint driv over Storadjuv bru etter ca 7 km. I bakkant ser med platform for strikkhopping. 120 m rett ned....
Laban Siro t.h. måtte slå landsmann Francis Kipketer Chesumai (2.09 på maraton), for å setta den fantastiske løyperekorden
Susanne Wigene var ikkje "berre" trekkplaster i 2017, for ho var berre 61 sekund bak løyperekorden. Vert ho med også i 2018, og gjer eit forsøk på løyperekorden?