DSC_7282-2

NECON motbakkecup startar i dag med Løvstakken Opp i Bergen

Publisert Sist oppdatert

PRESSEMELDING

NECON motbakkecup er Norsk Friidrett sin offisielle norgescup i motbakkeløping. Dei utvalgte løpa i NECON motbakkecup 2014 og NM dannar grunnlaget for uttak til alle dei internasjonale meisterskapa som EM og VM. I år er m.a. VM i motbakkeløping i Italia http://www.wmrc2014.com/en/ den 14. september årets store høgdepunkt.

Årets cup består av;

Deltakarane samlar poeng basert på resultata i kvart løp. For kvar deltakar vil fem av dei seks arrangementa telje i poengsamandraget.
Deltakarane kjempar om ein premiepott på totalt 80 000,- Ei eiga resultatliste og premiering gjeld for juniorane.
Første løp i årets cup er Løvstakken Opp i Bergen den 29.mai. Fjorårsvinnarane i cupen, Kirsten Maraton Melkevik og Torstein Tengsareid er begge påmeldt og møter hard motstand frå fleire utfordrarar, m.a. May-Britt Buer & Johan Bugge (årets Norgesmeister i terrengløp - kort løype) & mange andre.
Oppdatert poengoversikt er tilgjengelig på motbakkecup.no etter kvart arrangement.

Se også:
Egen artikkel på Hordalandssidene: Løvstakken Opp på torsdag
Finaleløpet i Motbakkecupen i 2013: Våt finale i motbakkecupen
Ifjor ble det to løyperekorder i Løvstakken: Sommer under Løvstakken Opp
Løp nr.DatoArrangementDistanseStigningArrangørStad
129.maiLøvstakken Opp2,1 km400 m /19%Varegg ILBergen, Hordaland
214.juniHovlandsnuten Opp (NM)5,9 km910 m / 15,4%IL Ny VonSauda, Rogaland
321.juniMolden Opp7 km1116 m / 15,9%&IL BjørnMarifjørå, Sogn og Fjordane
419.juliKvasshovden Opp7,5 km1030 m / 13,7%Ulvik ILUlvik, Hordaland
52.augustStorsylen Opp11,0 km1000 m / 9,1%Tydal IL skiTydal, Sør-Trøndelag
623.augustHilleknuten 12094,7 km640 m / 13,6%Gjesdal IL & NordsjørittetSirdal, Vest-Agder
Powered by Labrador CMS