Tour_de_Stord-logo_640

Pernilla Epland og Thomas Finshus vann spennande Tour de Stord

Tour de Stord vart avslutta i vind, regn og 4-5 kalde varmegradar på toppen av Kattnakken. Men for ei flott tilskiping! Alle 17 som starta på touren fullførte.

Publisert Sist oppdatert

Tre løp på to dagar. Prolog 1500 m på fredag, og 3.2 km byløp tidleg på laurdag og 5.5 t seinare vart festen avslutta med 5 km Stord Rett Opp. Mellomtid etter knappe 3 km viste at dei aller fleste hadde lik tid på dei siste 2 km. Det forteller mykje om kor hardt dette løpet er. Thomas Finshus er ein av dei sterkaste motbakkeløparane i Noreg for tida (m.a. nr 3 i Løvstakken Opp). Han brukte 12.19 på dei fyrste 2857 og 12.24 på dei siste 2103 m.

Etter to løp låg Thomas på 3. plass med 15.07, bak Jacob Hystad 14.56 og Geir Storetvedt Skaten på 15.04. Slutt-tid på dei tre løpa vart 39.50. Geir 40.45 og Jacob 41.04. Her må me ta med at etter NN år, så sette homas løyperekord på Stord rett Opp med 24.43.

Resultater Menn senior:

NrEtternamnFornamnKlubb1 løp:2.løp:3 løp:Sluttid
1FinshusThomasStegaberg IL00:04:2900:10:3800:24:4300:39:50
2SkatenGeir StoretvedtOpptur Motbakkekl.00:04:1900:10:4500:25:4100:40:45
3HystadJacobStord IL-friidrett00:04:1700:10:3800:26:0900:41:04
4HundeideAnders MagnussenOnarheim IL00:04:4300:11:4500:28:4600:45:14
5GjøsæterHaraldStord IL-friidrett00:04:4000:11:4700:30:0600:46:33
6OnarheimEirik NilsenStord IL-friidrett00:04:5900:12:3900:34:2500:52:03
7SellevoldEinar GisleIF Klypetussen00:05:5600:16:4200:44:2401:07:02


Ikkje mindre spennande i dameklassen
Maryna Novik vann både prologen og andreløpet, rett føre Pernilla Epland.
Før siste løp hadde Maryna 16.58 og Pernille 17.09. Men Pernilla sprang så sterkt på siste etappe Stord rett Opp at ho endte 27 sekund føre Maryna. Samanlagtpremien for både kvinner og menn (vel fortent),
kr 5000,- sponsa av Sparebanken Vest.

Kvinner senior
NrEtternamnFornamnKlubb1 løp:2.løp:3 løp:Sluttid
1EplandPernilla EugenieStord IL-friidrett00:04:5800:12:1100:29:5200:47:01
2NovikMarynaIF Klypetussen00:04:5400:12:0400:30:3000:47:28



Lars Lunde og Astrid Jordåen vann juniorklassen

Kvinner junior
NrEtternamnFornamnKlubb1 løp:2.løp:3 løp:Sluttid
1JordåenAstridStord IL-friidrett00:06:5300:19:2900:48:5701:15:19


Lars Lunde var heilt framme i tetbilete også samanlikna med seniorane - ikkje heilt uventa, for denne lovande løparen kjende Kondis til frå før. Ja, han leia heile touren klårt etter dei to fyrste etappane.

Menn junior
NrEtternamnFornamnKlubb1 løp:2.løp:3 løp:Sluttid
1LundeLarsStord IL-friidrett00:04:1000:10:3300:26:5300:41:36
2JordåenArneStord IL-friidrett00:04:3800:12:0800:29:4700:46:33
3HavnVegardStord IL-friidrett00:04:5200:12:4000:30:4200:48:14
4KvellestadOle ChristerStord IL-friidrett00:04:4200:12:2600:31:2500:48:33
5BelsvikErlendStord IL-skeiser00:05:3100:15:0300:33:2500:53:59
6BlockMaxStord IL-friidrett00:05:5000:15:3900:33:4400:55:13
7MolvikJakob JordåenStord IL-friidrett00:05:4400:15:3600:35:5400:57:14


Fest og premieutdeling i triveleg atmosfære
Spesialdeigna Tour de Stord-lue til samtlege deltakarar. det Stordbaserte firmaet med det klinngande namnet Kattnakk Design a/s stod for luene. Alle måtte ha denne på seg for å koma inn på premieutdelinga...
Pizza og drikke var inkludert i inngangsbilletten på kr 0.-.

Det som for kondis.no sit att med er den gode atmosfæren, dei flinke tilskiparane, og det flotte konseptet Tour de Stord, der siste etappe var inkludert i Stord Rett Opp som har gått i mange år.

Og arrangørane fekk så mange gode attendemeldingar, at dei lova å skipa til touren for tredje gong i 2017, og i endå betre utgåve.

Og dei driftige tilskiparane i Stord IL, friidrett har Bruløpet 10 km og halvmaraton onsdag 8. juni, og 5000 m med kvalifisering til NM måndag 13. juni.

DSCN0556.JPG

style="text-align: center;">
Startfeltet i Stord Rett Opp med alle dei 17 deltakarane i Tour de Stord klar til å kjempa om heider og premiar. Vinnarane: Pernille Epland nr 366 og Thomas Finshus nr 368 i forgrunnen, både før og etter start. Foto: Kondis

DSCN0567.JPG


Astrid Joråen med flott sjekk etter å ha fullført alle tre etappane. Foto: Kondis

DSCN0560.JPG


Jacob Hystad med flott Tour de Stord på heimebane. Foto: Kondis

DSCN0570.JPG


Thomas Finshus, Stegaberg Il i Tysvær kommune var suverén på siste etappe, og tok samanlagt-sigeren på kr 5000,- pluss kr 2000,- for sigeren på siste etappe. Same premiering i kvinneklassen, men Pernilla og Maryna hadde ikkje mogelheit til å vera igjen til premieutdelinga. Foto: Kondis

Powered by Labrador CMS