Alle som vil kan delta i TRIMklassa !
Skåla 1848m rett opp, IKKJE fullteikna
Det var reine "Birken-tilstandar" då La Sportiva Skåla Opp vart fullteikna i konkurranseklassa primo juni, og mange trur at heile løpet er fullteikna...
Alle som vil delta får delta, men no er det kun ledige plassar i trimklassa
Allereie 4. juni vart årets La Sportiva Skåla 1848m rett opp 14. august fullteikna i konkurranseklassa.Pga. at løpet går inn i Nasjonalparken er det sett ei maksimal-grense på 700 deltakarar i konkurranseklassa.
Løpsleiar Erik Brendefur som no blir ringt ned av fortvila løparar som vil delta i konkurranseklassa er overtydd om at i år kunne det vorte over 1000 deltakarar i konkurranseklassa. Mange har sett seg opp på venteliste i eit håp om å få delta dersom nokon melder forfall....
I Trimklassane derimot er det førebels inga deltakarbegrensning. Alle som vil får delta understrekar løpsleiar Erik Brendefur til Kondis.no. Deltakarar i trimklassa kan starte når dei vil i tidsrommet kl. 07.00 til 09.00, medan konkurranseklassa har fellesstart kl. 10.00. Brendefur oppfordrar alle som skal delta i Trim om å melde seg på no på www.skaala.no og ikkje vente til løpsdagen. Då slepp dei etterpåmeldingsgebyr.
Det er inga nedtur å delta i trimklassa, snarare tvert i mot ! Sjølv har eg delteke i konkurranseklassa i meir enn 50 ulike motbakkeløp i inn og utland dei siste 9 åra, men i Skåla Opp har eg dei siste åra delteke i trimklassa for å kunne oppleve den eineståande stemninga på Toppen saman med 1000 trimmarar når dei beste motbakkeløparane i Noreg og ...heile verda kjem stormande i mål. Det er trimmarane som lagar showet og stemninga !
Det har aldri tidlegare vore så stor interesse for å delta ,og deltakarrekorden på 1520 i mål ved Skålatårnet kan i år bli løfta over 1848 !
Foto Anne Jenny Dvergsdal. Anita Håkenstad Eversten , Øystre Slidre IL som var skada heile fjoråret er no attende i god trening og gler seg til "Comeback" i La Sportiva Skåla 1848m rett opp den 14. august. Det store spørsmålet er om ho vil klare å vinne og slå sin eigen løyperekord på 1.20.06 frå 2008. Då får ho med seg kr. 85.000 kr i pengepremiar. Det er kr. 30.000 i 1. premie og kr. 55.000 for å sette ny løyperekord.
Fotoet ovanfor viser Anita Håkenstad Evertsen som tauar på Kristin Størmer Steira under Skåla Opp i 2005 då løpet var det fyrste NM i motbakkeløp. Fotoet er teke omlag 500 meter frå mål. Anita vart den fyrste NM-vinnar i motbakkeløp i historia saman med Jon Tvedt.
Anita mot mål til på ny løyperekord 1.20.06 i 2008. Foto Christian Prestegård
Folksomt ved Skålatårnet i 2008. Foto Christian Prestegård