merking_veten_2015b

Sølvvinnaren frå EM kjem til Vetenløpet laurdag 11. juli

Til helga blir løpet arrangert for ellevte gong. Denne gongen deltek noko så sjeldan som ein norsk løpar med EM-sølv. Eli Anne Dvergsdal, som vart nr. 2 i EM i motbakkeløp førre helg, er påmeld til løpet.

Publisert Sist oppdatert

Arrangøren kan melde at løypa er ferdig merka og nye påmeldingar kjem inn kvar dag, spesielt i konkurranse. Foto er teke av Svenn Petter Kjerpeset.

I fjor deltok 134 konkurranseløparar og 400 mosjonistar og det er venta stor deltaking også i år.

I konkurranse er påmeldingsfristen fredag 10. juli kl 21.00. Blant dei som er påmeldt til no er Thorbjørn Thorsen Ludvigsen og Sindre Hoff dei største favorittane i herreklassa. begge desse deltek for første gong. Merete Weng og Merete Helgheim er favorittar i dameklassa. NB ! Siste melding er at også den ferske sølv-medaljøren i motbakke-EM, Eli Anne Dvergsdal er påmeldt.

Meir info på heimesida: www.vetenlopet.no og www.facebook.com/vetenlopet
Link til direkte påmelding og deltakarliste: https://reg.eqtiming.no/?EventUID=18315
Reportasje i Kondis 2014
Eli_Anne_Dvergsdal_A20G0524.jpg


Sølvvinnar: Førre helg vart Eli Anne Dvergsdal nr. 2 i EM i motbakkeløp. At ho kan meir enn å løpe motbakke viste ho uka før det igjen. Då vann ho 5000 m på Bislett på ei god tid. Nå kjem den ferske sølvvinnaren til Vetenløpet. (Foto: Kjell Vigestad)

Powered by Labrador CMS