Marius Vedviks treningsår

Desse seks spreke karane sørgja for at Førde vann Breimstafetten for første gong på 36 år. Frå venstre: David Husa, Even Bjørkhaug, Marius Vedvik, Kasper Kaaber, Halfdan Færø og Jøran Laukeland. (Foto: Førde friidrett)
Desse seks spreke karane sørgja for at Førde vann Breimstafetten for første gong på 36 år. Frå venstre: David Husa, Even Bjørkhaug, Marius Vedvik, Kasper Kaaber, Halfdan Færø og Jøran Laukeland. (Foto: Førde friidrett)

Stong ut og hyggelege høgdepunkt for Marius Vedvik

Der det dei første fire månadene i året har vore veldig få konkurransar, har eg no frå 1. mai til 8. juni vore med på åtte konkurransar. Stong ut har vore gjennomgangsmelodien på det meste, men det har òg vore nokre hyggelege høgdepunkt, ikkje minst på stafettar.

Publisert Sist oppdatert

Marius Vedvik

Alder: 32 år
Bustad: Førde
Klubb: Førde friidrett 
Yrke: Online treningsvegleiar og vikarlærar 
Trener: Meg sjølv
Persar: 3.44,04, på 1500, 7.53,01 på 3000 m, 13.29,46 på 5000 m, 28.42,15 på 10 000 m og 1.04.14 på halvmaraton
Merittar: 10 individuelle NM-gull: 1 på 1500, 2 på 3000, 2 på 5000, 2 på halvmaraton, 2 i terrengløp kort løype og 1 på maraton, nordisk gull 10 000 m (2014), bronse nordisk terrengløp (2016), 14. plass EM 10 000 EM (2014), 15. plass EM innandørs 3000 (2017), 3 sigrar i Oslo Maraton (2016, 2018 og 2022), 5 sigrar i Holmenkollstafetten med Gular (2013, 2017, 2018, 2019 og 2022), 1 siger i Sentrumsløpet (2017)
(Foto: Arne Dag Myking) 

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 5-2025


I skrivande stund 8. juni 2025 er det ganske nøyaktig seks veker sidan førre oppdateringa i «Mitt treningsår». 1. mai starta eg konkurranseperioden med å vere med på 1. mailøpet i Åheim for første gong.

Åheim ligg i Møre og Romsdal, men samtidig er det berre dryge 45 minutt med køyring frå Raudeberg i Sogn og Fjordane. Besteforeldra mine bur på Raudeberg framleis så det passa godt å kombinere familietid med dette løpet. 1. mailøpet på Åheim er eit terrengløp på 3 km som går på gra og det ein òg kan definere som gjørme. Kupert og på ingen måte lettløpt.

Eg vann på 9.59, så tida seier litt om kor krevjande løypa var. Uansett var det ei kjekk oppleving, og folka i Åheim veit å stille opp for dette arrangementet år etter år! Eg trur nesten det var meir publikum her enn på Trond Mohn Games i år.

Breimstafetten

Tre dagar seinare sprang eg Breimstafetten for Førde for første gong. I 2022 var eg med og vann Breimstafetten for Gular på ein løyperekord som framleis står, men det er noko eige å springe for Førde på lokale stafettar. Breimstafetten er eit av dei eldste idrettsarrangementa i fylket med historie heilt tilbake til 1930-talet.

På årets stafett hadde vi eit sterkt lag med meg, Halfdan Færø, Even Bjørkhaug, David Husa, Jøran Laukeland og Kasper Kaaber. Even og David frå tiande klasse, Halfdan landets best trente tannlege(?), Jøran landets raskaste 48-åring (11,92 på 100 meter i 2025) og Kasper Kaaber som er tidlegare fotballspelar med raske muskelfibrar.

Stafetten leia vi faktisk frå start til mål, og vi vann med dryge 5 sekund ned til Jølster. Jølster har vunne dei fleste utgåvene av Breimstafetten dei siste 20 åra, så det var svært så deilig å vinne. Sidan oppstarten av Breimstafetten i 1933, har Førde vunne tre gonger – i 1981, 1989 og 2025.

Etter stafetten sprang eg ein kombinasjon av 400-metrar, 300-metrar og 200-metrar med Eivind Øygard på Byrkjelo stadion. Eg følte det var god flyt her, og at eg var i rute til Holmenkollstafetten helga etterpå.

Holmenkollstafetten

Onsdag 7. mai, tre dagar før Holmenkollstafetten, vakna eg skikkeleg slapp og med tydelege teikn til forkjøling. Eg hadde eigentleg kjent på små symptom sidan 1. mai, men no vart det dessverre vesentleg verre.

Dagen etterpå gjennomførte eg to veldig korte intervalløkter og kjente meg brukbar på dei, men allmenntilstanden elles var ikkje god. Det var uansett uaktuelt å stå over Holmenkollstafetten som eg hadde planlagt og vore lagleiar for gjennom heile våren, men det var ingen optimal inngang for min del.

I 2024 brukte vi 56 minutt og 27 sekund på stafetten, og målet for 2025 var å springe fortare enn 54.30. Fasiten vart 54.00, og vi var 43 sekund frå å rykke opp til eliteklassen. Nivået blir høgare og høgare, og 54.00 hadde halde til å rykke opp dei aller fleste åra på 2000-talet.

Sjølv brukte eg 7.34 på langetappen, noko som var rundt 5 sekund bak målet. Etapperekorden eg har på 7.11 deler eg framleis med Senay Fissehatsion, og snittet på mine ti løp på langetappen etter 2025 er på 7.24. Samtidig var helsa ikkje heilt optimal, så sett i ettertid var det ein grei etappe der eg fekk ut mykje av det eg hadde inne.

Etter stafetten var eg først og fremst stolt av det vi fekk til som lag, og vi var nok blant dei laga som hadde aller størst framgang frå 2024 til 2025. Til neste år går vi for 52-talet og opprykk til eliteklassen!

Legendane som representerte Førde på ein veldig god måte i Oslo 10. mai 2025, var i etapperekkefølge:

1. Even Bjørkhaug, 2. David Husa, 3. Kasper Kaaber, 4. Tørres Nøstdal, 5. Alexander Hjelmeland Rygg, 6. Bendik Grimsbø, 7. Johan Olav Botn, 8. Oliver Thorsen, 9. Aksel Bjørkhaug, 10. Marius Vedvik, 11. Brage Burø Sunde, 12. Jostein Fossøy, 13. Torstein Blikra, 14. Stian Helle og 15. Jøran Laukeland.

Arne Risa Classic

Etter Holmenkollstafetten retta eg fokuset mot 3000 meter og Arne Risa Classic i Bergen. Arne Risa Classic har sidan 2017 vore eit årleg arrangement, og vinnartida her har ofte vore rundt 8.00. Før 2025 hadde eg tre sigrar og tre andreplassar frå Arne Risa Classic, med 7.54,95 som stemnerekord. Personleg har eg ofte prestert opp mot mitt beste på dette arrangementet, men i år skulle lykka snu.

Måndag etter Holmenkollstafetten kjente eg meg vesentleg betre helsemessig, men dessverre vart det tilbakeslag på løpsdagen, og eg hadde eigentleg bestemt meg for å stå over løpet. Etter mykje fram og tilbake i eige hovud valde eg faktisk til slutt å vere med likevel, men det enda som det måtte. 8.27 var 34 sekund bak pers og eit av mine svakare løp på distansen. Frå før har eg tolv løp under 8.00 og 21 løp mellom 8.00 og 8.10, så då seier det seg sjølv at 8.27 og fjerdeplass på Arne Risa Classic ikkje var nokon «høydare» for min del.

All respekt til Trygve Mjelde som vant Arne Risa Classic 2025 på 8.06 og som elles har hatt ein strålande vår og sommar med mange gode prestasjonar. At den tidlegare 800 meter-løparen skulle springe 5000 meteren på 13.46, hadde eg ikkje trudd for nokre år sidan. Anbefaler Kondis sine lesarar å følgje den nye vinen i Hordaland på mellom- og langdistanse på Strava for inspirasjon: Trygve Mjelde.

Frustrerande forkjøling

Sjølv har eg i mai 2025 vore i ein veldig frustrerande situasjon. Eg har ikkje hatt feber, men heller ikkje følt meg 100 prosent frisk. Sett i ettertid burde eg sikkert tatt fleire fridagar og droppa mange løp, men det sat litt langt inne etter ein heil vinter og tidleg vår med berre trening og ingen konkurransar. Personleg har eg aldri opplevd ein så lang periode med forkjølingssymptom utan at det bikkar over til feber.

Dei andre løpa eg har sprunge i mai, tenkjer eg ikkje å bruke altfor mange setningar på, men eg sprang 1500 meter på 4.02 i Balestrand to dagar etter ein 800 meter på 1.59 i Førde. På 800-meteren sprang Even Bjørkhaug (fødd 2009) på 2.00, så det lover godt for framtida for friidretten i Førde!

Elles stilte Førde friidrett lag på Helse Førde-stafetten, og vi vann denne for andre året på rad. I tillegg til å springe sjølv var eg hare på barneløpa, og det gir meg mykje å sjå så stor glede blant barn og unge som er i aktivitet!

På slutten av mai vart helsa gradvis betre, og eg meldte meg på Bergen 3000. Løpet er 3 km langt og går rundt Store Lungegårdsvannet. Dette vatnet har eg sprunge rundt sikkert fleire tusen gonger i løpet av mine ti år i Bergen. I den forma eg har vore dei siste vekene, så har det ikkje vore så freistande å springe baneløp der ein gjerne måler seg mot eigne personlege rekordar.

Fasiten på Bergen 3000 vart 8.24 og ny løyperekord. Benjamin Bjørnstad var hare første 1000 på 2.48, og eg sprang ganske jamt heile løpet. Litt svingete nokre plassar, men absolutt ei rask løype! Her var eg for første gong på lenge ganske nøgd med korleis kroppen kjentest ut. Sjølv i min aller beste form frå 2019-2021 så trur ikkje at eg hadde sprunge så mykje fortare enn rundt 8.15 i denne løypa, så eg vil seie at løpet var ganske bra.

Vegen framover

For min del har ulike nasjonale meisterskap lenge vore ein viktig motivasjonsfaktor. Frå februar 2013 til juli 2022 tok eg 27 individuelle NM-medaljar i friidrett. Sidan 2022 har eg ikkje tatt ein einaste individuell medalje, så eg håpar å gjere noko med det under NM 5 kilometer gateløp i Knarvik 21. juni. Det er to veker etter Bergen 3000, så det passar godt inn.

Helga etter NM 5 km gateløp reiser eg til St. Moritz med Tore Akerlie, og der skal vi vere i knappe tre veker. Eg har vore i St. Moritz to gonger før, og det er eit eldorado for langdistanseløparar med nydeleg natur og flotte tilhøve for springing. Hovud-NM er i starten av august, så tre veker på 1800 meters høgde i passeleg avstand til NM kjem nok godt med. Målet er heilt klart å levere årets beste løp på 10 000 meter i NM i starten av august.

Oppsummert har dei seks siste vekene vore innhaldsrike med fleire stafettar og individuelle løp. Resultata individuelt har på ingen måte vore så gode som eg hadde håpa på, men det har sine helsemessige grunnar. Sigeren på Breimstafetten og den gode prestasjonen til Førde i Holmenkollstafetten var særs inspirerande, og eg håpar vi klarer å skape eit skikkeleg godt stafettlag til Førde i åra framover. Med engasjement, samhald og god treningskultur tar vi sikte på å rykke opp til eliteklassen neste år og på sikt etablere oss som eit fast innslag i eliteklassen!

Til saman sprang eg 3227 km frå 1. januar til 31. mai. Det er rundt 5,5 prosent meir enn under same periode i 2024. Grunnlaget for å levere gode resultat også i 2025 er heilt klart til stades. Vegen fram mot mitt 14. hovud-NM kan ein følgje i detalj på Strava der eg ønsker å fortsette med å dele humor, treningsglede og inspirasjon i tida framover.

Førde-laget i Holmenkollstafetten jublar etter å ha forbetre tida frå i fjor med godt over 2 minutt. (Foto: Førde friidrett)
Powered by Labrador CMS