640_Målområdet

VM motbakkeløp for veteraner går 2. juni i Slovenia

Årets VM i Zelezniki i Slovenia er det 18. WMRA/WMA Masters World Mountain Running Championships.

Publisert Sist oppdatert

Ingressbildet viser målområdet 1636 moh i Zelezniki. I 22 år har det vore målgang her i det internasjonale motbakkeløpet Ratitovec. Det er ei tøff variert motbakkeløype som ventar deltakarane i VM 2. juni.


Menn i aldersklassane 35, 40, 45 og 50år spring den lange løypa på 10,8 km med 1187m stigning:

Alle kvinner og menn i aldersklassane 55, 60, 65, 70 og 75år spring den korte løypa på 7,8 km med 869m stigning:

Zelezniki ligg kun 40km frå flyplassen i Ljubjana

For info om arrangementet, inkl påmelding, sjå nettsida til World Mountain Running Association www.wmra.ch . Arrangør har publisert ein fyldig 22 siders event manual

Sjå også min Kondis.no-reportasje frå mitt siste Veteran-VM i motbakkeløp i 2016 i Italia under mottoet ATHLETICS FOR LIFE

640_Medaljevinnarane_FotoÅgeÅrdal.jpg

Sidan Jon Tvedt og eg debuterte i VM som dei einaste frå Noreg i mountain-running for veteraner i Sveits i 2006 har omlag 50 nordmenn delteke i tre ulike øvingar innan Mountain-Running for veteraner: Motbakkeløp, Opp Ned-løp og langdistansefjelløp. Eg rundar av med dei 3 glade VM-medaljevinnarane våre frå VM i 2016. Det vart gull til Eva Carlsen i D75år (i midten), sølv til Anna M. Tråve i D60år (til venstre) og bronse til Halldis Nagell-Dahl i D70år. Bildet er ikkje tilfeldig valgt medAtletics for LIFE- mottoet til det internasjonale veteranidrettsforbundet WMA World Master Atletics. Foto Åge Årdal

Powered by Labrador CMS