Maryna Novik med Åkrafjorden i bakgrunnen fra seiersløpet i 2014.
Maryna Novik med Åkrafjorden i bakgrunnen fra seiersløpet i 2014.

Maryna Novik og Lars Lunde raskast Langs Åkrafjorden

Uver og ras i traséen Langs Åkrafjorden gjorde at tilskiparane i IF Klypetussen i full fart måtte omorganisera den 14. utgåva av Langs Åkrafjorden 3. september. I staden for den 11 km traséen vart det 3.5 km tur/retur til Miljateig. Start og mål på Åkrafjordtunet der originalen også har målgang.

Publisert Sist oppdatert

Uver i forkant, regn på dagen og regn i vente gjorde at IF Klypetussen var strålande fornøgd med heile 106 deltakarar. 2 på rulleski, 27 sykla, 57 gjekk og 20 meir eller mindre raske løparar.

Maryna Novik, IF Klypetussen og Lars Lunde, Stord IL raskast
Maryna Novik og Lars Lunde gjorde begge solide løp i den 7 km lange og godt kuperte nye løypa. 24.13 på Lars og 26.33 på Maryna.

Lars Lunde hadde fått melding frå Kondis om at løypa på grunn av ras var flytt. Maryna var ordentleg sugen på å testa formen i original-løypa. Ho har sjølv løyperekorden på 40.33. Begge to var skuffa over at ein ikkje kunne springa originalen. Lars hadde klubbrekorden til Stord IL i tankane. 37.39 hadde Nils Hetleflåt då han vann det fyrste løpet i 2003. Nils er no supertrenar i Stord IL.

106 mot 650 = potensial
Sein og mangelfull annonsering er nok hovudgrunnen til at deltakartalet stoppa på 106. Det vanlege er mellom 250 til 330. Høgdepunktet då Jorunn Halsnes dro igang Kenneth Birkenes-marsjen saman med vennina Anne Britt Grindheim. Då var det rundt 650, og innsamling av ca 650 000 til kreftforsking på Ewings sarkom. Det meste handlar om marknadsføring, i rett målgruppe og til rett tid og atmosfære.

RESULTATER FRA KONKURRANSEKLASSENE:

Kvinner:
1 Maryna NovikIF Klypetussen26.33KV 35-39
2 Solveig AksnesPrivat29.50KS
3 Monica RasmussenAvaldsnes IL34.03KV 40-44
4 LineToftlundPrivat39.33KS
5 HeleneMeisterPrivat39.33KV 35-39
6 KjerstiAndersenOdda O-lag45.00KV 50-54
Menn:
1 LarsLundeStord T&IL24.13MJ
2 MatiasBergeStegaberg IL26.39G-15
3 Tor Arne SandvikIF Klypetussen26.46MV 40-44
4 RonnyRasmussenAvaldsnes IL27.01MV 40-44
5 NiklasRasmussenAvaldsnes IL27.46MJ
6 Ørjan LøhaugenIF Klypetussen28.17MS
7 Einar H.HaugeTeam Eivindsvn.28.54MV 40-44
8 NilsSaltnesIF Klypetussen29.11MV 35-39
9 KristofferEkornrudIF Klypetussen30.14MS
10 Sindre EkornrudIF Klypetussen30.39MS
11 JoakimBergePrivat32.32G-13
12 Kjetil NygårdSeljelidPrivat33.02MS
13 KnutLanghelleØlen IL38.18G-15
14 GisleSellevoldIF Klypetussen44.49MV 65-69
Rulleski:
1 TøresRullestadIL Korlevoll15.08G-16
2 Sander A.FaugstadIL Korlevoll23.16G-13


Alle deltakarane fekk med seg gode spekeprodukter frå lokalt firma etter målgang. Her var det jubileumsfeiring på både pølsefabrikken og på Åkrafjordtunet, og til neste år har Langs Åkrafjorden sitt jubileumsløp med 15. gong.

Powered by Labrador CMS