Strilaman triathlon på Glesvær

IMG_7028-1

Flott ny triathlon i havgapet

Både vinnaren Geir Ole Johansen (biletet) og dei 43 andre triatletane kunne gleda seg over flotte forhold og ei nydeleg løype i den nye triathlonen på Glesvær.I debuten hadde arrangøren Glesvær Ungdoms- og idrettslag sett ei øvre grense på 50 deltakarar, og løpet var fullbooka. I alt var det 44 som kom i mål, herav fire damer. Camilla Berntsen var raskast av damene. Linda Mari Hammersland var raskast på symjedistansen, men vart sykla inn av både Camilla Berntsen og Karina Hollup. Camilla Berntsen fekk totaltid 1.51.38. Ho leia med fem minutt etter syklinga, men Karina Hollup hadde betre fart på løpsdistansen og kom i mål på 1.52.56.Vinnar Geir Ole Johansen hadde kontroll på konkurrentane frå syklinga starta og heilt til mål og hadde best tid på symjing og sykkel. Totaltida vart 1.22.48. På løpsdistansen vart det Anders Gilje som var raskast, men han enda som nummer 11 totalt. Nummer to vart Sverre Simonsen som hadde andre beste tid på alle tre distansane og totaltid 1.23.39.

Publisert Sist oppdatert

Resultatliste Strilaman Triathlon 11.8.2012


(Mellomtider kan bli justerte)

Start-nummer Fornavn Etternavn Klubb/Lag/Firma Svøm Totalttid Sykkel-split Løp-split
141CamillaBerntsen 00:22:4301:51:3800:45:5100:43:04
250KarinaHollupGUIL00:23:3601:52:5600:49:5700:39:23
32Linda MariHammerslandPå`an igjen etter ferien.com00:17:1602:01:4501:01:5400:42:35
428AleksandraSkjervheim 00:28:3902:20:4701:04:0400:48:04
156Geir OleJohansenBergen Triathlon Club00:13:2801:22:4800:35:3400:33:46
225SverreSimonsenBergen Triathlon Club00:15:1301:23:3900:37:3000:30:56
327JørgenSeljenesÅrstad Veloforening BTC00:15:3001:26:2100:39:2300:31:28
446CasperStornesBTC00:13:5701:29:1500:39:0300:36:15
538ThomasDypevikCk Sotra00:15:1201:31:1500:40:5900:35:04
629ÅsmundAas AnderssonIL Norna Salhus00:14:0101:33:3500:43:3700:35:57
721MathewReeve 00:15:4501:34:2800:41:3600:37:07
834ChristianTvedt 00:17:3001:34:3000:42:0500:34:55
957Eivind Andre Pettersen 00:15:0301:36:1600:43:2300:37:50
1053RolfKleppestøKnowit Reaktor00:14:0801:36:4600:42:3600:40:02
1130AndersGilje 00:18:5501:37:1100:49:1500:29:01
1251MartinTvedt 00:21:5801:37:4400:41:0600:34:40
138DagGiertsenBTC00:16:5301:38:2100:44:0700:37:21
1419GeirBernhardsenMarinen00:17:4801:38:4000:40:2600:40:26
1544IvarTelleGlesnes ungdoms og idrettslag00:21:3801:39:4600:44:2700:33:41
164RubenArefjordCK Sotra00:22:4801:41:12NANA
1713EirikKlementsen 00:22:4601:41:3500:44:5800:33:51
1847KjartanStornesBTC00:17:1801:42:3500:48:2200:36:55
1937Jens-EivindKobbeltvedtABB BIL00:22:1501:42:4500:44:2800:36:02
2049HåvardForland 00:20:2501:43:3800:46:2700:36:46
2152SimonKalgraffGlesnes Ungdoms og Idrettslag00:19:1901:43:4800:45:0700:39:22
2214StåleFjellGlesnes Ungdoms- og Idrettslag00:19:3701:44:1400:44:5800:39:39
2345Jon ØysteinSøftelandKnowit Reaktor00:19:4901:44:4900:45:5200:39:08
241Tore HåkonRipleCminRygg00:21:4701:46:0000:49:2500:34:48
2543TrondBlomberg 00:20:2601:47:0500:48:1100:38:28
266SturleRipleSotra Sportsklubb00:21:4401:47:2100:44:1100:41:26
2754AndreasSandtorvteam sandtorv00:23:1401:47:5500:46:5700:37:44
2840ErikFerningDNB00:22:2901:48:1500:46:0300:39:43
2910StuartDuncan 00:17:2201:48:5300:46:2800:45:03
3011Tor IngeHopsdal 00:25:0201:49:3200:44:4000:39:50
3131Nils BirgerKobbeltvedtIL 536000:21:4501:49:5000:48:3700:39:28
3233KennethStrandtunCK Sotra00:20:0201:51:3400:46:1800:45:14
3318JosteinSangoltGUIL00:26:0401:56:1100:50:1600:39:51
345Laurits TelleRipleSotra Sportsklubb00:21:4801:56:3400:48:1300:46:33
3532AndersStorebøBeinet Test Team00:15:3001:57:4200:54:3000:47:42
3642Lars FrodeGrevleGUIL00:23:4801:58:2400:48:4800:45:48
3712Stein OveMolvikKnowit Reaktor00:24:3201:59:4400:48:3200:46:40
3815FredrikMortensenGlesnes speidargruppe av NSF00:20:4101:59:5800:49:5200:49:25
3924Kjell-HåkonEvensen 00:32:3402:08:0000:49:5300:45:33
4055TorbjornAasheimGlesnes Ungdoms og Idrettslag00:27:4702:23:2801:01:0500:54:36


Starten har gått frå Glesvær, 750 meter symjing i kaldt, men stille vatn skal gjerast unna.


Geir Ole Johansen er i tet etter ein kilometer sykling.


Åsmund Aas Andersson hadde tredje beste symjetid og ligg her som nummer to på sykkeldistansen. Det vart sjetteplass totalt på 16-åringen.


Casper Stornes, 16 år, vart nummer fire totalt. Han var andremann opp av vatnet og er her nummer tre.


Mathew Reeve vart nummer sju totalt.


Linda Mari Hammersland gjorde unna symjinga på 17.16, over fem minutt raskare enn neste dame. Ho stilte utan racersykkel, og dette medvirka nok til at ho tapte mykje tid på syklinga. På løpinga hadde ho nest beste tid.


Jon Øystein Søfteland hadde totaltid 1.44.49 og vart nummer 23.


Det var mange som hadde gøymt startnummera godt unna, så fotografen tek gjerne imot hjelp til å setja rette namn på folka. Førstemann av desse er truleg Jens-Eivind Kobbeltvedt.


Her er Camilla Berntsen som vart beste dame. Ho hadde også beste sykkeltid, 45.51 på 20 kilometer.


Geir Ole Johansen er kommen til Golten der det er vending etter fire kilometer løp.


Sverre Simonsen er nummer to.


Jørgen Seljenes er nummer tre og heldt denne plasseringa til mål.


Casper Stornes er nummer fire


Og den andre ungguten i toppsjiktet, Åsmund Aas Andersson, er nummer fem.


Anders Gilje hadde beste løpstid, 29.01.



Kjartan Stornes er på veg opp bakken frå kaien i Golten etter vending.


Ruben Arefjord nærmar seg vending.


Håvard Forland har tre kilometer att før han er i mål


Camilla Berntsen spring i mål som beste dame, eller Strilakvinne som den kvinnelege vinnaren vert titulert.


Karina Hollup hadde beste løpstid, 39.23 på åtte kilometer. Ho kom i mål som nummer to, halvanna minutt etter vinnaren.

Det var mykje folk og stor stemning på Glesvær, der det no er Kystsogeveker med konsertar og ymse anna. Sykkel- og løpsdistansen gjekk på asfalt, og spesielt på løpsdistansen var det ei vakker løype og svært lite biltrafikk, men både Glesvær og området rundt viste seg frå si beste side. Eit absolutt vellukka arrangement. Glesvær ungdoms- og idrettslag har med dette gjort sitt til å auka triathloninteressa her vest!

Powered by Labrador CMS