Vignett-kondiskommentaren.jpg

Artikkelen har òg stått på trykk i Kondis nr. 8 - 2020.

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.


Å vedgå nederlag kan vera vanskeleg både i idretten og livet elles. Det er ganske ofte ting ikkje går som vi vonar. Vi kjem til kort. Måla vi sette oss var rett og slett for høge.

Somme gonger er bommen såpass marginal at vi kan prøve å overtyde oss sjølv om at det handlar om uflaks. Seie som Nils Arne Eggen at det kunne gått stolpe inn i staden for stolpe ut. Eller som Woody Allen i Match Point-filmen – at den avgjerande tennisballen som treff nettkanten og fyk rett opp i lufta, like gjerne kunne ha ramla ned på di som på mi side av nettet.

Da kan vi riste av oss nederlaget. Vi var så nære, med litt meir hell går ballen inn, vi har det i oss – berre vent til neste gong! Og vi kan leve vidare i trua. Store ting kan framleis skje.

Grunnjuling

Verre er det dei gongene vi får grunnjuling. Når kampen aldri vippar, dei gongene vi heilt klart har teki munnen for full og utbasunert noko vi ikkje er i nærleiken av å klare.

På maratonløpet i går, det som skulle gått under 3 timar, kom eg totaløydelagd i mål på 3.17.02. Og sprekken kom ikkje fordi eg optimistisk la ut i fart til 2.55 og måtte betale dyrt for det. Nei, eg visste lenge før start at forma var så langt unna 2.59-nivå, at eg sikta meg inn på 3.15, og sjølv det vart for hardt. Trass i perfekt drahjelp frå Kristian og Stian, trass i godt og tenleg løpsvêr, støtte i løypa frå favorittslektningane og dei beste skorne på beina. 

Så feil kunne eg altså ta. Eg som har trena andre og meg sjølv i så mange år. Hatt langdistansetrening som primærhobby sia 1981 og yrke sia 1995. Og likevel bomma eg med 17 minutt og 2 sekund. Det er 24 sekund per kilometer. I staden for 4.16 snitta eg 4.40. Det er eit hav i forskjell. Ikkje ein einaste kilometer i maratonløpet var i nærleiken av 4.16, sjølv ikkje dei lettaste som gjekk i medvind og slak unnabakke.

Steinar å snu

Etterpå fekk eg meldingar frå folk som høfleg gratulerte med både godt løp og klassesiger. Eit par av dei som kjende til målet, prøvde seg med eit «til neste år klarer du sub 3».

Nei, eg gjer ikkje det. Ikkje ein gong trua kan flytte dette fjellet. Dei steinane som let seg rikke, er for lengst snudd. Frankfurt i staden for Karmøy er maks 3 minutt. 72 i staden for 74 kg utgjer i beste fall 2 minutt. 0 sekundmeter i staden for 5 er ikkje meir enn minuttet, for eg hadde super drahjelp på dei fleste motvindstrekka. Sjølv Gjert har ikkje nokon plastbelagd maratonplan til sals. 

Hadde eg sprungi på 3.06 kunne eg samla saman unnskyldningar nok til kanskje å tru at målet kunne bli nådd om eg gav meg eit år til. Med eller utan bakkedrag og doble terskeløkter.

Men 3.17 blir ikkje til 2.59 i den fasen av livet eg er no. Mitt siste sub 3-løp kom i 2014. Eg er kommen over på den andre sida og vil for all framtid opphalde meg der. I nokre år til kan eg vonleg springe på 3-talet, og er eg heldig og får leva med helsa intakt, vil nye grenser bli passert, og det er 4- eller 5-timarsløpar eg vil vera.

VAR-avgjerd

Sjølvsagt hadde det vori kjekt og klart målet. Løfta hendene over hauet mens målklokka viste 2.59 eit ellar anna. Eller bomma så lite at det nærmast var ei VAR-avgjerd som fekk meg til å lande på feil side.

Men det som var fint å merke, var at det uansett var stas å springe maraton. 6 år etter – og 27 minutt seinare – enn sist gong. For det er verken farleg eller mindreverdig å vera 3-timarsløpar. Eg veit eg kan ha det veldig fint òg på denne sia av grensa. Det er her eg no høyrer heime.  

Og sjølv om eg er vorten så gammal at mesteparten av farten er borte, så er eg ikkje for gammal til å leike. På Karmøy hadde eg gleda av å springe i eit fint felt, og det var artig å hengje på nevøen min til eg sjølv måtte roe ned etter 28 km. Og sjølv om eg gjerne skulle følgd han vidare, så var det flott å sjå 25-åringen skru opp farten og lettføtt springe inn til pers med 25 minutt.

Om han vil, kan han greitt klare 3-timarsgrensa til neste år. Men for alt eg veit, har han det like fint som 3.12-løpar.

Sjå mot stjernene

For til sist er det kanskje det det handlar om. Å våge å vera den vi er, der vi er. Ikkje prøve å overtyde verken oss sjølv eller andre om at vi eigentleg er betre enn det klokka og resultatlista viser.

Og samstundes skal vi ha rom til å sjå opp mot stjernene og sikte høgt. Laga oss prosjekt som gir året og livet retning og meining.

På Karmøy tok eg mot slutten att mange av dei som rekna med å bruke lang tid og som hadde vald tidlegstart halvannan time før hovudfeltet. Det å passere dei som stødig mala på mot ei sluttid på både 5- og 6-talet, hjelpte meg til å snu dei negative tankane som hadde lurt seg inn i hauet mitt.

Her er det folk som har haldi på mykje lenger enn meg, tenkte eg. Som er med og testar seg sjølve, som tek den tida dei treng og spring fordi dei framleis kan springe.

Tankane vart ljosare og beina med eitt litt lettare. Om det vart skivebom på det målet eg sette i fjor haust, så visste eg at eg likevel skulle til mål, så fort eg kunne.

Og livet som 3.17-løpar har nett no vori fint i akkurat 36 timar.

Gjengen-foer-start-foto-Kristian-Gautesen.jpgGlad gjeng før start: Fartshaldar Kristian, svoger Erling, nevø Stian og han som skriv, Runar, er klare til å gyve laus på den 42 km lange turen rundt Karmøy. (Foto: Kristian Gautesen)
 

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.


Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957