To norske stod på pallen i klasse kvinner over 45 år i den lange løypa. Katarina Skaufeldt (til venstre) vart nummer to og Anna Margerthe Tråve (til høgre) vart nummer tre. Sandra Morena Santiago frå Spania var beste veteran. (Foto: arrangøren)
To norske stod på pallen i klasse kvinner over 45 år i den lange løypa. Katarina Skaufeldt (til venstre) vart nummer to og Anna Margerthe Tråve (til høgre) vart nummer tre. Sandra Morena Santiago frå Spania var beste veteran. (Foto: arrangøren)

To norske pallplasseringar i LPA Trail på Gran Canaria

Sju norske sprang ein av dei tre distansane i LPA Trail på Gran Canaria sist helg. Klasseinndelinga var grovmaska, og to frå Noreg kunne klatre opp på pallen i klasse kvinner over 45 år etter målgang i den lengste løypa.

Publisert Sist oppdatert

Det var tre løyplenger i LPA Trail – Larga på 21 km, Media på 13,5 km og Corta på 5,5 km. Det var med norske løparar på alle distansane, og best plassering fekk Katarina Skaufeldt og Anna Margrethe Tråve i langløypa. Dei vart nummer fire og fem totalt og nummer to og tre i klassen for dei over 45 år. I mål var det berre 3 sekund imellom dei med Katarina først.

Anna Margrethe Tråve var òg med i 2019, og da vart ho nummer to totalt av kvinnene. Anna er 66 år, og ho held forma imponerande godt ved like. Om løpet og løypa på Gran Canaria fortel ho følgjande til Kondis.

– Løypa er 21 km og går i kupert terreng med 574 høgdemeter. Ut frå Las Palmas ber det oppover i høgda, vekselvis på sti og grusveg, før det går tilbake til Las Palmas. Traseen var godt merka, og det er eit godt organisert løp, fortel Anna som og var nøgd med sin eigen innsats.

– Eg er bra fornøgd med resultatet. Kroppen fungerte, og det vart ei god oppleving med bra stemning undervegs.

Kva blir neste løpsmål for deg no?

– Neste løp er Storehaugen Opp 26. mai i Lærdal der eg er både arrangør og deltakar. Deretter er det Hornindal Rundt – eg likar best fjell-løp og motbakkeløp no, fortel den fjellglade dama.

I alt deltok sju frå Noreg i LPA Trail. 164 fullførte langløypa, 297 den mellomlange og 129 den korte.


Video frå løpet.

LPA-trail-Sara-Alonso-foto-Carlos-Diaz-Recio.jpg

Spanske Sara Alonso tok ein soleklar siger i kvinneklassen i den delvis nokså tekniske langløypa. (Foto: Carlos Diaz-Recio / arrangøren)

Kvinner 21 km / 584 hm
1.Sara ALONSOSpania SALOMON SPAIN1:28:25.960
2.Estela GUERRASpania ARISTA PRO TEAM1:45:45.390
3.Sandra MORENO SANTIAGOSpaniaF45BICHILLORUNNER 1:55:22.910
4.Nuria TORREIRA GONZÁLEZSpania C.D. UAVA1:58:50.120
5.Anselma LIMA SÁNCHEZSpania ARISTA2:05:19.390
6.Katarina SKAUFELDTNorgeF45C.D. VANTRAIL2:06:15.840
7.Anna Magrethe TRÅVENorgeF45LÆRDAL IL2:06:18.260
Menn 21 km / 584 hm
1.Aritz EGEA CACERESSpania SALOMON1:21:37.310
2.Oswaldo MEDINA GUTIÉRREZSpania CARPHIAL TEROR TRAIL1:23:22.200
3.Juan Jose RODRIGUEZ GARCIASpania ARISTA PRO TEAM1:24:16.680
Kvinner 13,5 km / 267 hm
1.Gabriela LASALLE GRATACOSSpania SALOMON SPAIN0:59:22.600
2.Martina GONFAUS SELLÉSSpania ESP. MOUNTAIN RUNNERS 1:02:33.670
3.Verónica SUÁREZ BLANCOSpania C.D. GADAINES1:10:34.290
40.Trude FJELLBIRKELANDNorge INDEPENDIENTE1:33:31.810
Menn 13,5 km / 267 hm
1.Gontzal MURGOITIO ESPARZASpania INDEPENDIENTE0:48:33.640
2.Jan TORRELLA OLLERSpania SALOMON SPAIN0:49:25.170
3.Fabián VENERO JIMÉNEZSpania SALOMON SPAIN0:49:37.560
108.Johannes Mæhre YTTERDAHLNorge INDEPENDIENTE1:23:44.470
174.Hans Olav RØRVIKNorgeM45INDEPENDIENTE1:35:44.490
Kvinner 5,5 km
1.Maribel GARCIA CUBASSpania C.D. UAVA0:25:00.000
2.Yasmina SÁNCHEZ RODRÍGUEZSpania YEEPAA TRAIL0:25:15.310
3.Lina BRENDLESpania 0:26:28.110
20.Ingvild JOHANNESSENNorgeF45INDEPENDIENTE0:34:33.360
Menn 5,5 km
1.Joaquin GUERRA ALONSOSpania GALDAR FRIENDS0:20:19.160
2.Guzmán SARMIENTO VALIDOSpaniaM45ACTIVAT OLDPEAK0:20:40.960
3.Ayoze CRUZ TRUJILLOSpania C.D. UAVA0:21:07.800
56.Magnus RYSTADNorge INDEPENDIENTE0:34:56.020


Alle resultat

LPA-trail-felt.jpg

Feltet finn fram sjølv om vegetasjonen gjer stien smal og lite synleg. (Foto: Carlos Diaz-Recio / arrangøren)

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957
Powered by Labrador CMS