Klart for Vetenløpet

Kondis har motteke denne rapporten av Gisle Skjølberg frå arrangørklubben, Bremanger IL:

Løpet har etablert seg som eit av dei største motbakkeløpa i fylket og dreg kvart år mange sterke utøvarar, og har alltid hatt veldig god oppslutnad spesielt blant mosjonistane som er med på å lage reine "Tour de France stemninga" langs løypa og oppe ved målområdet på Veten 527 moh..

Vetenløpet_start.jpg
Vetenløpet startar på idylliske Grotlesanden før det ber raskt mot fjells.

Fleire av deltakarane kombinerer Vetenløpet med bading og familieliv på den flotte stranda Grotlesanden, som er startpunktet på den ca 4,6 km lange løypa som etter ein halv kilometer går over i 30 % stigning opp 300 høgdemeter til Grolsdalen der det flatar ut. Etter ca. 500 meter er det på ny bratt oppstigning til Hasalråkja før ein når løypas høgaste punkt på ca 540 moh.. Derifrå er det omlag 2 km med ganske flate grasvidder innover Vetenplatået før det er dags å ta ut siste rest av krefter opp den lange seige bakken til mål der ein blir møtt av eit folkehav av jublande mosjonistar. På det meste har det delteke 500 i mosjonklassa og 140 i konkurranse.


Veten_start_Ludvigsen-2015.jpg
Frå starten av Vetenløpet. Thorbjørn Ludvigsen tek som vanleg teten tidleg i løpet.

Også i år ser påmeldinga ut til å vere bra i rute. I skrivande stund nærmar det seg totalt 100 deltakarar, men det er venta at dei fleste mosjonistane melder seg på dei siste par dagane. I konkurranse er Thorbjørn Ludvigsen, som har den nasjonale bestetida på 25.50, rekna som den sterkaste av dei som er påmeldt så langt. Ludvigsen har vunne med klar margin dei siste tre åra og han kjem nok til å gjere eit forsøk på løyperekorden til kenyanske Sompol på 25.28. Med tanke på kor tørt det har vore i sommar ligg det godt til rette for sterke tider sidan underlaget er veldig fast og fint.


Løper mot mål.jpg
Det er alltid mykje folk og god stemning på det slake oppløpet like før målgang.

På damesida er løyperekordhaldar Eli Anne Dvergsdal påmeldt og kjem rett frå EM i fjelløp der ho tok ein sterk fjerdeplass sist søndag - kun 5 sekunder bak bronsen. Veteran og fjorårsvinnar May Britt Buer er også alltid å rekne med i tetsjiktet lag med fjorårets motbakkedronning Karoline Holsen Kyte som var tilbake etter skade med eit sterkt løp på Trollenykjen opp i helga.


Meir informasjon på heimesida til Vetenløpet  og på Facebooksida

Påmelding kan gjerast direkte her

Liste over dei som er påmeldt



Fleire bilder:

Grotlesanden.jpg
Vakre Grotlesanden kor løpet starter. Mange løparar tek seg eit velfortjent bad når dei kjem ned att.

Etter målgang.jpg
Det er kjekt å slappe av og slå av ein prat med andre mosjonistar på toppen etter løpet.

Målområdet_2015.jpg
Frå målområdet på toppen av Veten er det ein fantastisk utsikt - ikkje minst mot havet.