Det var heilt tilfeldig at dei to kondismedlemmane treftest i dette løpet. Jarl Eirik hadde nett kjøpt fritidsbustad på Madeira, og var på øya for fjerde gong. Eg var feriedebutant her midt ute i Atlanterhavet.
Hovmeister Egidio Rodrigues på hotellet der eg budde -Jardin d’ Ajuda fekk greie på at eg trente, fortalte om løpet, og tilbød meg skyss. Midt i blinken tenkte eg, og vart med. Og det fyrste eg såg ved påmeldinga på torget var ein rygg der det stod Sandvollan IL..? Tok kontakt, og begge var i klassen over 60 år og sjølvsagt medlemmar i Kondis.
Løypa var riktig tøff. Eg har vel knapt vore borti hardare løypetrasé. Berre opp og ned. Eit forferdeleg slit. Etter 5 km og vatnutdeling var det fire verkeleg tøffe motbakkar på kvarandre. Då eg kom opp, var eg så ”gåen” i leggane og hovudet at det vart ingen effekt av tilsvarande lange nedover-bakkar.

Men – då me kom mot mål i Santa Cruz kom overraskinga – mykje publikum langs innspurten. Det var nemleg festival i dei fleste byane på Madeira denne helga der dei ”feira jula ut”. Og så hadde dei lagt løpet til denne dagen. Ei flott avslutning og kjekk oppleving.
Gisle Sellvold
Tider for dei norske: 53.24 på Jarl-Eirik og 59.22 på Gisle Sellevold.
Bileta: Jarl-Eirik Thune, trønder som nå er busett på Ringerike, har kjøpt seg hus på Madeira og bor der halve året. På ingressbiletet er han på veg rundt øya på rulleski. På det andre biletet betraktar han den flotte utsikten høgt oppe frå på den bratte og blomsterkledte øya.

Her er dei beste deltakarane i Amore Run:

Løpet gikk på sør-aust-sida av øya omtrent frå strand nr. 21 til 24. Kartet viser badeplassar rundt Madeira. Strand 1 er i hovedstanden Funchal, som har 130.000 innbyggarar.
Madeira er ei grøn øye på storleik med Bornholm og med masse blomer og eit godt klima året rundt. Øya i Atlanterhavet nord for Kanariøyane.