Det 11 km lange og sterkt kuperte løpet går på asfalt langs gamle, bilfrie E-134 i Etne kommune. Denne spektakulære vegen vart bygd frå 1937, og vart opna 9. april 1942 (!). Opptil 1100 nordmenn arbeidde på vegen på det travlaste. 

Langs Åkrafjorden vart skipa til fyrste gong i 2003, då som eit samarbeidsprosjekt mellom tre klubbar. Dei siste åra har IF Klypetussen hatt eineansvar for tilskipinga på den vakre Gamlevegen langs Åkrafjorden. 


Susanne W 1.jpg
Om ein løpar kan kallast gazelle, må det vera Susanne Wigene. 

Luksus med å få smilande, profilerte og gode Susanne Wigene med på det 15. "Langs Åkrafjorden". Og med EM -sølv som i røynda var gullmedalje. Ho som kom fyrst i mål i det løpet vart seinare tatt for doping, men p.g.a. tidsaspektet fekk ho behalda gullet i EM. 


IF Klypetussen satsar alltid på jentene. Så då byrjar me med dei.
Maryna Novik frå arrangørklubben IF Klypetussen - 35 år i 2017, har løyperekorden med 40.33 i den krevande løypa. Dei beste tidene gjennom 14 år har vært

1. Maryna Novik, IF Klypetussen        40.33
2. Kjersti Fresvik, IL Gular           41.25
3. Miriam Berg Hovda, Haugesund IL     41.28


I denne løypa har og verdsmeister og verdsrekordhaldar på fem distansar, Ingrid Kristiansen prøvd seg, Norgesmeister på maraton, Marit Årthun, GTI har sprunge godt her, og Barbro Ramstad med NM-medalje også ho, har sprunge godt her. Men aller mest set IF Klypetussen pris på mange, mange blide jenter som deltek.
Fleire ennn gutane? 


Ein av dei beste til å vurdera slikt antok at Laban Siro, som i nokre sesongar sprang for IF Klypetussen, gjorde sitt aller beste løp her, då han sette løyperekord med 33.35 på 11 sterkt kuperte km. Dette er altså ein løpar som har vunne det store Midnattsloppet med snart ti tusen deltakarar i Gøteborg, attpå to gonger.
 
Då han sette rekorden i Langs Åkrafjorden, kjempa han ned landsmannen Francis Kipketer Chesumai, som nokre år tidlegare vann Montreaal Marathon på 2.09. Dei beste gjennom 14 år er: 


1. Laban Siro, IF Klypetussen          33.35
2. Francis Kipketer Chesumai, Kenya    34.39
3. Ragnar Stølsmark, GTI               35.25


Her har Svein Erik Eide, Nils Hetleflåt, Wiktor Berg, Robert Limo, Johnny Kibsgård, Gaute KvåleKjetil Dyrvik, Kjetil Lothe og Thomas Finshus, sett farge på løpet, for å nemna nokre. 

Samla inn kr 650.000 til kreftforsking
For nokre år sidan vart "Kenneth Birkenes-marsjen" ein del av tilskipinga. Kenneth Birkenes var med på fyrste utgåva av "Ingen Grenser" med Lars Monsen. Kenneth har ein sjeldan kreftsjukdom. Under eit eit enormt engasjement av blomsterhandlar Jorunn Halsnes, vart denne marsjen innlagt i "Langs Åkrafjorden". Ein enorm suksess! Kr 650.000 vart overlevert til onkologi-avdelinga på Haukeland sjukehus for å forska spesielt på Ewings sarkom som har ramma Kenneth.

Så var det luxusen, då...

Kr 5000,- trekkast blant ALLE som fullfører!
Løparar, gåtrim, eller sykkeltrim. Men dei må vera tilstades under trekkinga.

I tillegg er det mange, mange andre fine trekkjepremiar.

PÅMELDING PÅ EQTIMING

MEIR INFO OM LØPET


Her er påmelding for løpsdelen:
Kr 200,- til 18.8.
Løpsdagen kr 300,-

Gå/sykling kr 150,- Barneløp: Gratis



Laban_Siro_penger.jpg
Trur du det er løparar som tenar ein del pengar som er luksusen? Ja, det óg, kanskje

Men å få mange smilande løparar, sylistar (utan tidaking) og gåarar, ´det er luksus, det.

Og springa langs den flotte vegen bygd frå 1937 til 1942, som er sikrare bygd med handamakt enn vegane i dag; er også luksus.

Og så ´den naturen! Luksus!

Og tilnærma bilfri veg. Luksus! 


Premiar til de beste:

1. premie kr 3000,-
2. premie kr 1500,-
3. premie kr 1000,-

Løyperekord: kr 2500,-



Laban med Langs Åkrafjorden krus.jpg
Laban Onderi Siro med kjemperekord i Langs Åkrafjorden! 33.35 på 11 sterkt kuperte km, og var glad for pengepremiane (øvste bildet).

053.JPG
Utruleg flott langs Åkrafjorden!  Her Grethe Tesdal mot mål ved Åkrafjordtunet.

072.JPG
Grethe Tesdal til venstre i lag med løyperekordhaldar Maryna Novik.

025-1.JPG
Ragnar Stølsmark, GTI tredje beste tid etter 15. år.

040.JPG
Marit Årthun på veg mot mål. Ein av dei som har sett farge på løpet. Norgesmeister på maraton.

045.JPG
Sondre Rullestad, storebror til Erik Rullestad. Like stort talent som Erik, men har ikkje satsa like mykje. 

081.JPG
Tøres Rullestad, den yngste av fire brør. Kjempetalentfull også han. Her var han så ung at han sprang på dispensasjon. Tok seg heilt ut, men med dei brørne og den faren, så var han ikkje uvant med tøffe tak.

017.JPG
Me Måtte ta med dette biletet også i denne omtalen av jubileumsløpet....

008.JPG
Også ein sterk prestasjon: Per Henning Sævareid som måtte amputera eine foten etter arbeidsulykke, stiller kvart år - sterkt!!

Svein_Helge_Gullhaug_640_IMG_3014.jpg
Folk som stiller opp om det er litt regn, er særs velkomne for ein kvar arrangør. Her representert ved Svein Helge Gullhaug. Rosenborg-supportarar er også velsedde i "Langs Åkrafjorden".

Erling_Saevareid_640.jpg
Her ser du bestefar til gode løparar som: Barbro Ramstad, Lars Håkon Ramstad og sjølvaste Kjetil Ramstad. Erling Sævareid stilte opp i klassen over 90 år for nokre år sidan.

Kanskje dukkar han opp i år óg.

For dei som vil, er det råd til å ta ei kortare utgåve av "Langs Åkrafjorden". 

029.JPG
Thomas Finshus - arrangørane sin favoritt: godt nivå og stiller opp og stiller opp. Ja IF Klypetussen seier med Øystein Sunde: `Du må berre koma her og koma her`. Litt sitatjuks får arrangøren vel tilgjeving for.

086.JPG
Røldalsjentene er alltid velkomne (og gutane óg).

Miriam_Berg_Hovda_kompr_1.jpg
Det er mest umogeleg å skriva jubileumssoga utan å ha med Miriam Berg Hovda som lenge, lenge hadde løyperekorden på 41.28. Framleis er ho topp 3. Ho var med på å setja høg standard frå starten av. Tusen takk, Miriam! 

IMG_4640.JPG
Den dyktige speakeren under løpet, JOHN KARSTEN HUSTVEIT, må senda kone og dotter/døtre ut på løpet. Om han då ikkje, som av og til, dukkar opp på funksjonærløpet tysdag 15. august...

Bergprisen med Gunvald.jpg
Etter 2950 m 500 m nedover og ca 2500 m motbakke, er det "Bergprisen" med HardangerBestikk til fyrste kvinne og mann.

Tre raskaste jenter 2015.jpg
Arrangørane i IF Klypetussen har vore heldige og fått mykje ros for arrangementa opp gjennom åra. Her tre av dei dyktige jente opp gjennom dei 14 arrangementa: Kjersyi Fresvik, Janne Elin Vatnaland og Ellinor Austrheim.

IMG_4674_3072x2048_tre_beste_jenter_640x427.jpg
Ikkje alle åra har det vore like flust med gode jenter, men dei fleste åra har det vore høgt nivå også blant jentene. Her frå venstre: Maryna Novik, Trude Solvi og Kjersti Fresvik.

Geiter_IMG_640_2763.jpg
Desse geitene var med eitt år - men dei betalte ikkje startkontingent. Då kjem ein heller ikkje på resultatlista.

IMG_4699.JPG
Og så hender det det dukkar opp nokre flinke jenter frå Skånevik også...

Til slutt eit utdrag frå det amputerte løpet i 2016:

Uver i forkant, regn på dagen og regn i vente gjorde at IF Klypetussen var strålande fornøgd med heile 106 deltakarar. 2 på rulleski, 27 sykla, 57 gjekk og 20 meir eller mindre raske løparar.

Maryna Novik, IF Klypetussen  og Lars Lunde, Stord IL raskast
Maryna Novik og Lars Lunde gjorde begge solide løp i den 7 km lange og godt kuperte nye løypa. 24.13 på Lars og 26.33 på Maryna. 

Lars Lunde hadde fått melding frå Kondis om at løypa på grunn av ras var flytt. Maryna var ordentleg sugen på å testa formen i original-løypa. Ho har sjølv løyperekorden på 40.33. Begge to var skuffa over at ein ikkje kunne springa originalen. Lars hadde klubbrekorden til Stord IL i tankane. 37.39 hadde Nils Hetleflåt då han vann  det fyrste løpet i 2003. Nils er no supertrenar i Stord IL. 

106 mot 650 = potensial
Sein og mangelfull annonsering er nok hovudgrunnen til at deltakartalet stoppa på 106. Det vanlege er mellom 250 til 330. Høgdepunktet då Jorunn Halsnes dro i gang "Kenneth Birkenes-marsjen" saman med vennina Anne Britt Grindheim. Då var det rundt 650, og innsamling av ca 650 000 til kreftforsking på Ewings sarkom.  Det meste handlar om marknadsføring, i rett målgruppe og til rett tid og atmosfære.

Etter løpet 19. august 2017:
Vil arrangøren kunne sitera Kåre Willock: "Nu gå alt så meget bedre"...