
20 kjappe med Marius Vedvik
Marius Vedvik har i ei årrekke vore ein av landets beste langdistanseløparar. Årets sesong starta 26-åringen på beste vis med gull i NM terrengløp kort løype. Her stiller han opp i Andreas Grøgaards intervjuserie, "20 kjappe", der vi mellom anna får veta kva som er favorittøkta til Gular-løparen.
Intervjuet har stått på trykk i Kondis nr. 2 - 2019
Namn: Marius Vedvik
Alder: 26 år
Studium/yrke: Bachelor i samanliknande politikk, jobbar 50 prosent i eigedomsfirma i Bergen.
Merittar: NM-gull 5000 m, terrengløp, halvmaraton og maraton samt 1500 m og 3000 m innandørs, nordisk-gull 10 000 m, 14. plass EM 10 000 m og 15. plass 3000 m EM innandørs, siger i Sentrumsløpet og Oslo Maraton
Persar: 7.58,90 på 3000 m, 13.45,21 på 5000 m, 28.42,15 på 10 000 m og 1.04.14 på halvmaraton
1. Favorittøkt?
– 12 x 400 m i 5000 m-fart med 200 m joggepause + 3 x 200 m i 1500 m-fart. Gjerne 3 dagar før ein 5000 m.
2. Beste løpsoppleving?
– Mange å velje mellom, men må trekke fram då eg sprang på 28.42 og persa på 10 000 m i Los Angeles i fjor. Resultatet kom uventa og etter nokre månader med middels resultat på trening og i konkurranse. Det var eit magisk løp frå start til slutt, der eg knapt kjente smerte undervegs, noko som skjer ekstremt sjeldan. Det er vel berre fem frå Norden som har sprunge fortare på 10 000 m bane dei siste 20 åra. Det vart ein stor opptur i ein sesong som elles var brukbar, med unntak av ein tung dag i Berlin.
3. Førebilete?
– Har vel ingen spesielle innan idretten, men ser opp til mange. Vil trekke fram Sondre Nordstad Moen og Team Ingebrigtsen som viser at det går an å hevde seg på høgt internasjonalt nivå sjølv om ein kjem frå Noreg. Utanom idretten vil eg trekke fram min far.
4. Føretrekt underlag/terreng?
– Eg liker både terreng, gate og bane, men ingenting slår kjensla av å vere i toppform på eit baneløp eller ei baneøkt, så eg må velje tartandekket der.
5. Føretrekt måltid før kvalitetsøkt/konkurranse?
– Gjerne ein banan eller to, koffein gjennom energidrikk eller kaffe og to-tre skiver med syltetøy.
6. Hovudfokus for å bli ein betre løpar?
– Trening først og fremst. Har tidlegare respondert på å springe 160-200 km i veka. Dersom ein får til ei god samansetting av roleg og hardt der, så bør ein ha gode føresetnader for å springe fort. Elles har eg fokus på å sove nok, restituere godt, ha det fint og få i meg nok og riktig næring. Det er mange faktorar som skal klaffe for å kunne springe fort over lang tid. Minst mogleg av tilfeldigheiter.
7. Tre ord som skildrar deg som løpar?
– Offensiv, uredd og uforutsigbar
8. Kor og på kva for ei tid spring du maraton om 10 år?
– Eg spring gjerne under 2.10 på maraton i Berlin om 10 år, men då må alt klaffe! Eg vil få litt svar på kor eg står, når eg spring min første raske maraton til hausten, i Frankfurt. Alt handlar om trening, prioriteringar og gode førebuingar på alle nivå.
9. Beste motivasjonstips?
– Set deg gjerne eit konkret mål. Det kan vere alt frå å få meir energi i kvardagen til å slå kollegaen i eit mosjonsløp – eller å springe under 50 minutt på 10 km. I tillegg kan det ofte vere lurt å ha nokon å trene med. Då kan ein pushe kvarandre og bli betre i lag, noko som ofte er motiverande i seg sjølv.
10. Kan eg ikkje klare meg utan som løpar?
– Eg må ha gode treningskameratar. Har vore heldig og hatt det i Gular i fleire år. Det hjelper på gleda og motivasjonen og ha fleire å trene med.
11. Det beste og verste med løpinga?
– Det beste er meistringskjensla etter ei god økt eller eit godt løp. Det er få ting som slår det å vinne eit viktig løp eller å slå sin eigen personlege rekord, enten det er på trening eller i konkurranse. Det verste er at ein blir målt absolutt heile tida. Det kan vere slitsamt når ein ikkje får det til av ulike årsaker.
12. Tips til sportsdokumentar/-film?
– «Born to run» med Sebastian Coe er ein klassikar. Ligg ute på Youtube, og det skal godt gjerast å ikkje bli inspirert av den. Sebastian Coe sprang vanvittig fort på 80-talet. Tidene hans på 800 og 1500 m står seg godt framleis.
13. Viktigaste avgjerd for å bli god til å springe?
– Det gjeld å bestemme seg for at ein skal trene godt, søke kunnskap der den er, og gjennomføre ein plan som er gjennomtenkt og god.
14. .. og dummeste avgjerd som kan hindre dette?
– At ein gjer ting som ikkje let seg foreine med utvikling i idrett. Det kan handle om kosthold, alkohol, døgnrytme og liknande. Ein må vite kva konsekvens ulike handlinger har.
15. Største styrke som løpar?
– Eg er offensiv, har trua på meg sjølv og pusher grensene på trening og i konkurranse. Ikkje redd for å trene hardt eller gå eigne vegar. Det gjorde at eg fort kom opp på eit høgt nivå.
16. Største svakheit som løpar?
– Ein styrke kan òg vere ei svakheit. Til tider har eg kjørt kroppen for hardt med mange hardøkter, mange konkurransar og lite tid til restitusjon. Det har fungert i periodar, men ikkje over tid. Elles har eg det siste året vore for mykje sjuk. Det har stoppa utviklinga litt. Men eg har trua på at det skal løyse seg snart. Eg var lite sjuk frå 2012 til 2017 og må tilbake til den kontinuiteten.
17. Korleis søv du?
– Eg søv godt. Legg meg gjerne 22.30 og står opp rundt 07.00. Då skal søvnen vere god nok. Eg kan analysere søvnen i ettertid ved hjelp av klokka mi. Der kan eg sjå om søvnkvaliteten er god eller dårleg, og som regel er den bra.
18. I kva for annan idrett/sport skulle du gjerne vore god?
– Eg skulle gjerne vore god i fotball, tennis og/eller badminton. Har spelt fotball og badminton i mange år. Eg hadde vel eit begrensa fotballtalent, medan badminton kunne blitt bra. Men i dag er eg glad for at eg valde løpinga, som har blitt både ein jobb og ein lidenskap.
19. Når er du eller har du vore umotivert for løpinga? Kva gjer du for å få tilbake motivasjonen?
– Eg sleit vel litt med motivasjonen etter EM i Berlin. Då trena eg ikkje som normalt i september og oktober, men klarte å bygge opp ny motivasjon og sjå framover mot EM i Paris i 2020. Tips for å finne tilbake motivasjon er alltid å sjå framover og tenke på nye mål. Løpinga har gitt meg mange magiske augeblikk, så det hjelper å sjå tilbake på dei iblant òg.
20. Kva er dine viktigaste tips/grep for å unngå skadar? Når ein først er skada, korleis kan ein oppretthalde best mogleg form?
– Eg har vore heldig og unngått skadar sidan eg starta i 2010-2011. Først og fremst har eg tilpassa belastninga etter kva kroppen toler, i tillegg til å bruke massasje og førebyggande styrketrening. Det gjeld ikkje å auke mengda for mykje frå veke til veke, månad til månad og år til år. Kroppen skal venne seg til ny belastning, og blir det for stor endring, slit den ofte med å tilpasse seg og svarar med skade. Aquajogg og ellipse vil eg anbefale som alternativ trening dersom ein er skada. Det kan vere vanskeleg å få like høg puls som når ein spring, men utbyttet er likevel bra, og det viktigaste er at kroppen held seg i gang slik at det blir enklare å komme tilbake etter skadeperioden. Også her er det viktig å skilje mellom roleg og hard trening.

Marius Vedvik har fleire gonger representert Noreg i EM. Her ser vi han på 10 000 meteren i Berlin i fjor sommar. (Foto: Bjørn Johannessen)